Våren 2016 oppstod frisk debatt då FolkOrg vedtok endringar i reglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen. No er nyordninga evaluert og rapporten klar.

Endringane ved Landskappleiken i Vågå og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Gaupne var følgjande:

  • 1/3 av alle klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen skal rangerast med poeng. I open klasse på båe arrangementa, og pardans på Landsfestivalen, skal berre dei tre øvste plasseringane rangerast, slik som i tidlegare år.
  • Det skal nyttast same poengskala for alle dei ulike klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen.
  • Alle C-klassingar (solo spel, halling og pardans) skal få tilbod om ein munnleg kommentar frå dommarane.

Landskappleiken er den eldste bevarte institusjonen i Folkemusikk-Noreg. Det er den største mønstringa, og saman med Landsfestivalen det breiaste utstillingsvindauga for mangfaldet i norsk tradisjonsmusikk. Kjernen er konkurransen, forsøket på å utpeika det gjævaste – ei krevjande oppgåve. Kanskje er det ikkje så rart at det støtt har vore diskusjonar om reglane for kappleiken, heilt frå dei første 17 hardingfelespelarane deltok i den første «tevlinga i nasjonalspel» i Bergen 1896?

Lyttar til miljøet

Styreleiar i FolkOrg Per Øyvind Tveiten: Kvifor kom desse endringane akkurat i fjor?

– Justeringane av reglementet er ein kontinuerlig prosess. Ofte er det mindre endringar, som ikkje får noka større merksemd. I 2015 kom fleire innspel om endring av rangering, mellom anna frå arrangøren av Landskappleiken i Vågå.  Eit vektig argument var at ein ville kåra vinnarar, ikkje taparar. Styret vart samde om å laga ei spørjeundersøking, og ut frå resultata konkluderte me i mars at det var rett å prøva ut endringane som ei forsøksordning.

Somme har påpeikt at spørsmåla i spørjeundersøkinga la føringar på resultatet. Kva tenkjer de om dette no?

– Det kan vera at undersøkinga ikkje støttar alle krav til ei «vitskapleg meiningsmåling», men den gav styret eit bra grunnlag for vidare vedtak. Eg meiner at eit styre pliktar å prøva nye vegar, og at det var rett å gå vidare ut frå responsen me fekk. Me følgde opp prøveordninga med ei ny undersøking. Ut frå den ser det ut som ein ikkje har treft heilt med spørsmåla, eller at folk har endra meining undervegs. Me vil lytta til svara som kom inn, og tilrådingane frå utvalet som har arbeidd med dette. Den friske meiningsutvekslinga i mellomtida trur eg organisasjonen har godt av.

Odd Bakkerud (t.v.), Håvard Kvandal og Augund Rike dømmer hardingfele klasse A, Landskappleiken 1978 på Fagernes.

Kvifor trur du at spørsmåla om rangering og poeng vekkjer så frisk debatt?

– Det er ikkje godt å seia. Det kan handla om konkurranseinstinkt, tradisjon eller om andre faktorar. Styret var klar over at endringsforslaga ville skapa engasjement, men me vart nok litt overraska over styrkegraden.

I undersøkinga argumenterer ein med utgangspunkt i ei ivaretaking av eldre og yngre deltakarar. Var det belegg for dette?

– Ein er alltid litt redd for å skremma vekk desse gruppene. Men det har vist seg, i undersøkinga etter kappleiken og gjennom samtalar, at begge gruppene var interesserte i å halda på poeng. Det lyttar me sjølvsagt til. Eg har òg lyst til å minna om at fleire endringar vart føreslått og utprøvd, og ikkje vart like heftig debattert. Opp gjennom tida har poenggjeving utvikla seg ulikt i ulike klassar, og det var på tide å harmonisera slik at ein såg betre samanhengen mellom poenga. Den endringa synest det som at miljøet var meir enn modent for.

Korleis har de opplevd diskusjonen kring tilrådinga om munnlege kommentarar?

– Det har nok først og fremst vore ei utfordring for arrangør og dommarar. Arbeidsutvalet tilrår å gå vekk frå dette òg. Det viser seg at det er for kort tid til for dommarane å både gjera dommargjerninga si og utarbeida formuleringar som gjev ei positiv oppleving for utøvaren. Den som skal få kommentaren bør kanskje ha med ein lærar eller føresett, det involverer mange og kan vera svært ressurskrevjande. Me har fått attendemeldingar på at mange opplever slike kommentarar positivt. Men skal ein ha slike kommentarar, må ein jobba for å skapa tid og gode køyrereglar, og styret tilrår difor ikkje å gå vidare med ordninga.

De har resultat frå to undersøkingar samt tilrådingar frå ei arbeidsgruppe. Korleis vert prosessen vidare?

– Tilrådingane frå arbeidsgruppa var svært klåre. Slik sett er det ikkje sikkert at diskusjonen vert så omfattande på landsmøtet som ein kunne ha tenkt seg. Ut frå materialet me har fått inn har styret laga eit framlegg om at alle klassar skal rangerast fullt ut. Det skal ikkje vera tilbod om munnleg attendemelding, og me tilrår at den felles poengramma med 100 poeng vert teke vidare. Landsmøtet til FolkOrg, som finn stad i april, får dette til handsaming og diskusjon.

Tilrår full rangering

Ei arbeidsgruppe, beståande av Laura Ellestad, Pernille Hansen og Mette Vårdal, fekk i oppdrag å evaluera endringane i tevlingsreglementet for Landskappleiken og Landsfestivalen. Dei skulle utarbeida ei spørjeundersøking, vurdera og analysera attendemeldingane og ut frå dette komma med ei tilråding til styret.

Gruppa anbefaler dette:

  • Arbeidsgruppa anbefaler å gå tilbake til ei ordning der alle klassane på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert rangert.
  • Arbeidsgruppa anbefaler å halde på den nye klasseuavhengige poengskalaen.
  • Resultata frå spørjeundersøkinga viser at tilbodet om munnlege kommentarar frå dommarane til junior-/C-klassa er bra der det fungerer, men er krevjande for dommarar og ikkje alltid fungerer like godt for deltakarane. Arbeidsgruppa oppmodar om eit betre forarbeid og nokre retningsliner før ein eventuelt held fram med munnlege kommentarar i dei yngste aldersklassane.

Rapportskrivarane understrekar at undersøkinga gav tydelege svar, men at ei anna, nesten likelydande undersøking nokså nyleg gav eit anna resultat. «Det er også fleire meiningar som kjem til uttrykk i kommentarar og debatt, og me meiner FolkOrg bør arbeide vidare med ulike tema og problemstillingar som kan bidra med utvikling av tevlingane», står å lesa i rapporten.

Klikk her for å lese eller laste ned heile rapporten som PDF-dokument.

Klikk her for å lese FolkOrgs artikkel i tilknyting til rapporten.

«Styret var klar over at endringsforslaga ville skapa engasjement, men me vart nok litt overraska over styrkegraden.»

Per Øyvind Tveiten, styreleiar i FolkOrg

Grunnleggjande rangering

Å føresjå akkurat kvar og når dei store debattane kjem, er ikkje enkelt. Men det er openbert at ein rører ved noko fundamentalt ved kappleiken når ein diskuterer rangering.

– Det er ikkje første gongen det er føreslått at berre ein del av deltakarane skulle rangerast, fortel dansar og spelemann Arne Sølvberg frå Stryn. – På Landskappleiken i 1977 kunne dei som ønskte stilla opp utan å verta dømde. Men det var ei prøveordning den eine gongen. Tidleg på 2000-talet innførte styret at poengsummane på kappleik ikkje skulle komma på resultatlista, men vera arbeidsreiskap for styret. Det vart praktisert ei kort stund, men store protestar frå miljøet gjorde at styret bøygde av.

– Diskusjonane som har gått no, viser at nokon er veldig opptekne av konkurranseaspektet, seier musikar og musikkarkivar Synnøve Bjørset frå Jølster. – Det har eg forståing for, sjølv om min motivasjon for å vera med primært er tanken om at «mi stemme skal med» — å ivareta kappleiken som framsyningsplass for det som kanskje er lite synleg elles. Men å kunna måla utviklinga, mot andre og mot dine eigne prestasjonar, er tilfredsstillande.

Så må ein berre hugsa at kvalitetsomgrepet er i stadig forhandling, understrekar ho.

– Same kva som står i domarskjemaet, er ein i brunn og grunn på jakt etter det store spelet og den store dansen. At mangfaldet er ein viktig kvalitet, vil dei fleste vera samde om i dag, men det har ikkje alltid vore slik. Det store spelet i 1910 er ikkje nødvendigvis det same som i 2017. Og det er dette som gjer det så spanande å diskutera!

Dette er eit utdrag av ein lengre artikkel i Folkemusikk nr. 1/2017. Bladet kjem ut i veke 8, og er i sal på Narvesen frå torsdag 23. februar. Bladet kan også lesast på dei fleste norske folkebibliotek, takk vere Norsk kulturråds innkjøpsordning for allmenne kulturtidsskrift.