Sjeldan eller aldri har eg fått slik bakoversveis av ei plate med berre nykomponert folkemusikk! Det er som om komponisten Aslak Brimi har slege ut i full bløming.

Brimi har eit fjellstøtt fundament i folkemusikken i Ottadalen. Med ei leikande og kreativ haldning til impulsar han har motteke eller medvite arbeidd med, spinn han ein velklingande og vakker musikalsk vev som er som rein øyresmeik. Mykje av grunnen er dei gode melodiane og det tette og interessante samspelet mellom dei fire musikarane.

Plata inneheld 11 låtar eller slåttar, dei fleste med eit tradisjonelt feste: vals, springleik og halling. Men her er stor fridom i høve til det me forbind med desse kjende nemningane. Me finn òg innslag av song, fint framført av sjefen sjølv.

Fremst står dei to felespelarane, Aslak sjølv og Bjørn Kåre Odde – lomvær han òg. Det er eit samspel som glitrar, både når dei spelar unisont og når Bjørn Kåre lagar lekre stemmer med fele eller bratsj. Dei to andre medlemene i kvartetten er Svein Tore Werstad på sopran- og barytonsaksofon, og Espen Wensaas på cister og gitar. Cister er eit strengeinstrument i luttfamilien, kjent frå mellomalderen og i nyare tid «vekt til live» att, blant anna av Tom Willy Rustad. Wensaas og Werstad har spela med Aslak Brimi over fleire år i gruppa Svermere, eit folkemusikkband med islett av jazz og rock. Denne gruppa har så langt gjeve ut tre plater, ei av dei i samarbeid med songaren Reidar Svare frå Vågå.

Aslak Brimi Kvartett: Vev
  • Ta:lik, 2018
  • 11 spor, 43 minutt
  • Produsent: Ole Nilssen
  • Alle spor komponerte av Aslak Brimi

Musikken på Vev kjem sjølvsagt ikkje ut av eit vakuum. Ei mangeårig musikarkarriere, i fleire ulike spelemannslag og varierte solo- og samspelprosjekt, har ført Aslak Brimi dit han er i dag. Ved fleire høve har han arbeidd med musikk av og etter bestefaren Hans W. Brimi. Aslak skriv i omslagsteksten om inspirasjon frå svensk folkemusikk, m.a. saksofonist Sten Källman. Saman med to andre blåsarar, saksofonist Thomas Ringdahl og Ale Möller på trompet, gav Källman i 1994 ut plata Vind, der trioen tolkar slåttar av felespelarane Hans W. Brimi og Röjäs Jonas.

Denne inspirasjonen kan høyrast ikkje minst i fyrste låt, «Källman», ein saftig fin polska. Alt frå fyrste takt kjenner ein at her er det rytmiske på plass. At dei to felespelarane er meir enn samspelte, veit ein frå før; at saksofonisten og gitaristen fylgjer så tett på, også rytmisk, viser at folkemusikk slett ikkje treng tyngre komp for å fungere eggjande. Barytonsaksofonen kjem her verkeleg til sin rett, også som melodiinstrument.

Folkemusikkjennaren Ola Grøsland blir hylla med den lyriske springleiken «Metakjelda». «Fyryspel/Sjølen» er ein frisk og fin springleik som Aslak har laga til far sin, Rolv Brimi, med eit typisk ottadalsk (eller kanskje brimisk) nake fyrispel. Springleiken «Glimt i auga» er til ein annan spelemann Aslak set høgt, Knut Kjøk. Her har komponisten kanskje lagt seg tettare opp til tradisjonen enn tilfellet er for nokre av dei andre slåttane, medan arrangementet er leikande og nyskapande.

Dei to hallingane, «Friske tilløp» og «SeksÅtte», ligg òg tett opp til det tradisjonelle i utgangspunktet. Det unisone samspelet har innslag av raffinerte grep frå saksofonist Svein Tore Westad og cisterspelar Espen Wensaas – grep som er ein viktig kvalitet ved denne plata.

Gudbrandsdølenes spelemannslag på scena under Landskappleiken 2016 i Vågå, der dei vann klassa lagspel senior. Aslak Brimi, leiar for laget, lengst t.h. (Foto: Liv Annette Nygjerdet)

Andre plater med Aslak Brimi:

Odde/Sulheim/Brimi – Atterljomen

Tor Jonsson Orkester – Einseto

Gudbrandsdølenes Spelmannslag – Oslo

Svermere – Tonekratt

 

Gruppa Svermere var inspirert av Knut Hamsun, og Hamsun er med på denne plata òg. På «Det hælder imot død» høyrer me hovudpersonen syngje Hamsuns vesle tekst. Aslak Brimi har inga stor stemme, men vakkert er det lell. Heile melodien gjennom vekslar det mellom song og vart solospel, på vekselvis feler og saksofon. Dette er ei av dei mange perlene på denne plata.

Tre valsar har kome med, to av dei valsar som Aslak Brimi har gjeve i gåve. «Alfhilds vals» har han laga til dotter si – tenk å få ein slik vals i dåpsgåve! «Ung vals» er eitt av høgdepunkta på plata, ein utruleg vakker melodi som nærast ropar etter ein tekst. Her får me òg høyre Aslak Brimi synge, med tekst av Lisbeth Venås. Denne smektande valsen har kome inn på repertoaret til eit kor, og blei fyrste gong spela inn med Svermere og Reidar Svare. Valsen bør dansast, ikkje minst på grunn av teksten. Her er ein smakebit: «Ein gong skal  vi syngja vår song i lag / ei drøymande doggnatt blå, / – og dansa vår vals til den ljose dag / med sol over blom og strå.»

Tittelsporet «Vev» byrjar varsamt, men utviklar seg til ein svenskinspirert polska med nesten kammermusikalske drag, ikkje minst takk vere Bjørn Kåre Oddes meisterlege og elegante bratsjspel. Dette er det få som gjer han etter, og Odde tilfører i det heile teke denne plata svært mykje. Men heile kvartetten står for meg, gjennom Vev, som noko av det ypparste av fornying av folkemusikk i nyare tid. Musikarane er briljante og samspelte til fingerspissane. Aslak Brimi Kvartett har med denne plata kome med eit slåande døme på kva Noreg kan varte opp med av folkemusikk anno 2018.

Her er ikkje eitt daudpunkt. Det er som om ei høgare makt har sleppt eit slags musikalsk gullstøv over denne kvartetten.