Dette er ei skive som utfordrar, begeistrar og får oss til å riste og gjere moves, anten det er i godstolen, i bilen, på T-banen eller, som eg, i eit lite fly over Kirkenes.

Anføttes: Folkemusikk 2.0
  • Ta:lik, 2016
  • 8 spor, 30 minutt
  • Musikk av Benjamin Mørk
  • Produsert til Kartellet Dansekompanis framsyning Anføttes

Det er ein «talik» for den nysgjerrige, for dei som er i dansen, og for dei som vil høyre noko nytt. Dette er ikkje ei folkemusikkplate, det er ei samling gode elektronikalåtar som har henta meir eller mindre inspirasjon frå den rike folkemusikktradisjonen i Nord-Noreg.

Eg er ikkje ein person som kan mykje om elektronika; eg er ein folkemusikar og folkedansar, og det er med den bakgrunnen eg skriv denne platemeldinga. Dansekompaniet Kartellet, med Sigurd Johan Heide i spissen, har fått Benjamin Mørk frå Senja til å lage musikk til den nye framsyninga si Anføttes. Som Mørk sjølv seier på heimesida til Festspillene i Nord-Norge: «Jeg gleder meg til å dra dere inn i min stramkaotiske, dansbare verden av modulære synther, og ned i avgrunnen av sinnet et sted med bandet.»

På denne plata finst det nokre få tradisjonsopptak som blir behandla og leikt med, som introduksjon eller som merkelege rytmiske fragment. Ein einskild låt, «Dark Waltz», har med nyinnspelt fele som berande melodi. Elles er det synthesizerar og elektronikk som pregar alle dei åtte kutta. Musikken er utruleg bra produsert, for bilhøgtalar, hovudtelefonar, dansesal eller for stua. Det gjer at ein aldri irriterer seg over dårleg mikrofonplassering, ubalanse mellom instrumenta, dårlege klipp eller merkeleg utnytting av stereobilete – ein kan berre la seg drive og bli med i flyten.

På «LTD» har Mørk og Kartellet tatt tak i den kjente valsen «Havella», fragmentert melodien og henta fram det monotone og det vakre i han. Det høyrest kanskje ikkje ut som det dei fleste vil tenke på som ein vals, men det rytmiske lydbiletet er temmeleg likt vals slik han har vore spelt i Lofoten: Her er det ikkje eit solid basslag på einaren og to chop med gitaren, men tre slag som er likare og jamnare. Fleire stader i Noreg ville ein kalla det flatvals eller trippevals, og rytmen ligg meir mot polsdansen.

I «Where Is Drevja» er det ein polsdans etter Anders Storholm som får gjennomgå. Dei har tatt melodien og polsforma og laga eit arrangement som er milevis frå Hekla Stålstrenga: Her er det enkelt og monotont, med ein rytme som er heilt klår og nær tradisjonen. Det er ikkje noko problem å danse polsdans til låten, slik det heller ikkje er vanskeleg å danse til resten av plata. Det er rett og slett dansemusikk, med mange element som er opne for ulike tolkingar og gjer det heile veldig leikent og humørfylt. Det står skrive på CD-coveret at dei ønskjer at du skal la instinkta ta over, og det trur eg du skal klare.

På YouTube-kanalen til Kartellet Dansekompani har eg funne to filmar basert på musikken og dansen i Anføttes. I «Suzan Valley» leikar dei fire dansarane seg med like mange tennisballar, og nokre av dei dansar ei nordnorsk form av pariserpolka: Her er det intense blikk, og mykje humor og leik. I «Dark Waltz» er det alvorlege andlet og tette tak, og ein får noko som liknar meir eit kunstfilmuttrykk. Båe filmane er produsert for vising på internett, med duse filter, slow-motion, nærbilete og leik med kamera og oss som publikum. Det er vanskeleg å sjå korleis dansarane leikar med rytmen, sidan mykje av dansen er i sakte film og ikkje stemmer overeins med rytmen i musikken.

Elektronika og teatermusikk, leikent og godt produsert – men er det relevant for folkemusikksjangeren i dag? Eit mangelfullt cover hjelper oss ikkje særleg på veg: Det står ikkje kven som er komponist og artist, alt vi får, er den heller merkelege undertittelen Folkemusikk 2.0. Det står ikkje kor tradisjonsopptaka er henta frå, ei heller kven som spelar fele. Ein må både kjenne musikktradisjonen frå dette området, og sjølv søke opp tilleggsinformasjon, for å finne ut at musikken har henta mykje inspirasjon frå ny og gamal folkemusikk i nord. Eg håpar at dei som står bak, kjem med eit supplement – ei halv side, eller berre fire setningar, som kan gje oss lyttarar ei viss forståing for kva dei har gjort. Det vil gjere utgjevinga meir interessant og relevant som ein versjon 2.0 av folkemusikken.

Er du framleis usikker på om dette er «taliken» for deg? Eg trur du får ei god musikkoppleving, sjølv om du ikkje har lytta mykje på elektronika, sjølv om du eigentleg likar spelemannen åleine på ei konsertscene langt ute i havgapet, og sjølv om du likar bass og gitar til gammaldansen. Høyr på denne skiva med eit ope sinn, og pust roleg utan folkemusikkpolitiet hengande på nakken. Høyr Rolf Myklebust (trur eg det er) gje spelemannen Nils ein høgtideleg introduksjon, og la deg bli dratt opp av stolen til ein heidundrande mørk-og-lys-på-same-tid versjon av polsdansen Aslag-slåtten. Ser deg på dansegolvet!

Vegar Vårdal er frilans musikar, dansar og kulturist i Kultivator AS. Denne meldinga er òg publisert i Folkemusikk nr. 3/2016, i sal på Narvesen frå 8. september. 

Benjamin Mørk i aksjon under premieren på Anføttes, på Festspillene i Nord-Norge søndag 19. juni 2016. (Foto: Renate Jensen, Harstad Fotoklubb / Festspillene i Nord-Norge)

Les meir:

Audun Stokke Hole: Eg har ein folkedansdraum (leiarartikkel frå Folkemusikk nr. 3/2016)

Technomusikk i 3/4-takt er like uvanleg som folkedans til techno. Men begge er gode idear. Folkedansar, høyr på plata «Anføttes: Folkemusikk 2.0» med eit ope sinn.