«Hardingfele var for meg ein lyd som var i radioen. Børsnoteringar var ein slik lyd, fiskerimeldingar var ein lyd.» Men så flytte Einar Mjølsnes til Voss.

Det er palmesøndag, Einar Mjølsnes møter meg på Ole Bull Akademiet på Voss, og han finn plass til oss ved det faste bordet hans i matsalen der.

– Då eg snakka med deg på telefonen i sist veke, fekk eg vita at du ikkje hadde fast grunn under føtene?

– Ja, eg var på ein trevekers turné med seiljakta Mathilde, som er ei hardangerjakt bygd i Ølve i 1884. Ho vart restaurert på 80-talet av Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund, som òg eig båten og held han i drift.

– Kva slags turné var dette?

– Utgangspunktet var eit biletspel som Randi Storaas har laga, «Kvinna ved havet», som er bygd på historia om Synneva Hevrøy frå Austevoll, der ho fortel om barndom, oppvekst og livet som fiskarkone ute på øyane ved havet, og så har me fylkesmusikarane FYHND ein konsert som me kallar «Kystkvinna og folkemusikken», med tradisjonsstoff frå kysten.

– Kven andre var med her?

– Reidun Horvei på song og Frank Rolland på hardingfele.

 

Einar Mjølsnes
  • Spelemann og fylkesmusikar i Hordaland, pensjonert januar 2015.
  • Fødd i 1952 i Haugesund, flytta til Oppheim på Voss i 1963. I dag busett på Aurgotna på Voss.
  • Aktuell med CD-en "Slåtter etter Anders Sagen", utgitt på Heilo.

– Kor lenge har du livnært deg av musikk?

– Eg levde som frilansar frå slutten av 70-talet og framover ei stund, og så hadde eg eit opphald på ti år, då hadde eg ein annan jobb. Men i 1992 begynte eg som fylkesmusikar, og sidan då har eg vore det.

– Tidlegare i vinter sat eg i kjellarstova her på Ole Bull Akademiet og høyrde deg spela på ein barokkonsert?

– Ja, det var Trio Vanjolo med Ragna Ringset på cembalo, Laila Kolve på ulike fløyter og eg på viola da gamba, og Håkon Asheim som gjesteartist.

– Det var ein flott konsert. Eg har alltid sett og høyrt deg med hardingfela, litt uvant å sjå deg utan.

– Og så plutseleg spelar eg viola da gamba. Det begynte med ein fransk film, «Alle årets dager», og den gjekk vel på kino tidleg på 90-talet. Det var den som spora meg til å prøva meg på viola da gamba som har mykje til felles med hardingfela i klang, det er omtrent som du tek ei hardingfele og set ho ned i hastigheit. Den franske barokken har mange element som eg kjenner igjen frå hardingfela. Då tenkte eg at det er eit instrument eg kunne bruka i folkemusikksamanheng. Så fekk eg låna ein gambe på Griegakademiet for omtrent ti år sidan. Eg fekk øvd meg opp såpass at eg kunne bruka han som bassinstrument, og etter kvart begynte eg å spela barokkmusikk. Men det er ei rein amatørsak, det er hobbyinstrumentet mitt.

– Det høyrdest ikkje akkurat ut som eit hobbyinstrument, det var ei oppleving å høyra på dykk.

– Dei andre er jo profesjonelle, så dei ber mykje av det me gjer, men eg ser på meg som amatør på det instrumentet.

– Eg hugsar deg frå ungdommen, som ein som budde langt ute på bygda, snakka rogalending og spelte hardingfele.

– Foreldra mine var rogalendingar, me flytta mykje, og eg hadde budd mange plassar før me kom til Voss. Då var eg ti år gammal.

– Korleis begynte det med deg og hardingfele?

– Hardingfele var for meg ein lyd som var i radioen. Børsnoteringar var ein slik lyd, fiskerimeldingar var ein lyd, og folkemusikken med hardingfele var ein sånn lyd. Og så oppdaga eg då etter at me hadde flytta til Voss, at eg var midt i eit kjerneområde for denne musikken, og eg vart nysgjerrig på han. Så starta ungdomslaget der ein leikarring, og det var Olav Selland som spelte, og eg begynte i læra hjå han. Han var ein framifrå læremeister. Han henta meg heim til seg, og køyrde meg heim att. Far min spelte også litt fiolin, julesongar og slikt, så me hadde ein fiolin i huset, og eg hadde prøvd meg på den litt for meg sjølv. Eg var komen så langt at eg kunne spela nokre julesongar, eg òg. Dette var midt på 60-talet. Far min hadde også kjøpt ei plate med Sigbjørn Bernhoft Osa, den fengde meg veldig. Sigbjørn vart etter kvart eit idol for meg, og etter nokre år fekk eg gå i lære hjå han òg.

– På 70-talet jobba eg med Vossa Jazz og møtte deg att i samarbeidet med Per Indrehus, og eg vil påstå at det de gjorde i lag den gongen, var nyskapande.

– Ja, det hadde ikkje vorte gjort så mykje av det tidlegare. Eg gjekk på konservatoriet i Oslo frå 1970 til 1973, og der hadde eg fiolin som hovudinstrument.

– Eg kjende jo Per frå før, eg gjekk på Voss Folkehøgskule 1969–70, og då tromma me saman ein gjeng og begynte å arrangera slåttar og folkemusikk. Ikkje det året eg gjekk på folkehøgskulen, men etter militæret i -74. Det var jo ein sped begynnelse med visebylgja, men der gjekk det mest på irsk og skotsk musikk, hardingfeleslåttar var det ikkje gjort så mykje med.

– Medan eg budde i Oslo, var eg med i ei gruppe som heitte Christiania Fusel & Blaagress, og me sat og høyrde på ei plate med Fairport Convention, og snakka om at me kunne gjera noko liknande med norske slåttar. Me lukta litt på forskjellige slåttar, og enda opp med «Fanitullen», som er nokså fengande, og den vart spelt inn på plate.

– Omtrent kvar gong ein slo på radioen den gongen, kunne ein høyra Fanitullen.

– Ja, den slo igjennom, han gjorde absolutt det, han låg lenge på Norsktoppen og vart kjenningsmelodi der også. Og så hadde du Sigbjørn Bernhoft Osa som hadde eit stunt der han spelte med Saft på Ragnarock i Holmenkollen i 1973. For akkurat eitt år sidan kom det ein dokumentarfilm om den festivalen, og då var eg med Saft, med Trygve og Ove Thue, og spelte den hallingen.

– Mjølsnes/Indrehusguppa, som bandet dykkar heitte, fekk ikkje akkurat ei god mottaking i folkemusikkmiljøet på Voss, bortsett frå hjå Sigbjørn Bernhoft Osa?

– Eg var eigentleg førebudd på det, men eg meiner det skapte mindre bylgjer enn venta.

– Det var ikkje så populært å blanda el-orgel og el-piano med hardingfele?

– Det var nok ein del som syntest det var greitt nok, men det var mange som ikkje likte det, felespelarmiljøet var forholdsvis konservativt. Grunnen til det var vel at folkemusikken hadde hatt tronge kår frå 30-talet og utover med færre og færre utøvarar, og det var viktig å halda på tradisjonane, det burde ikkje gli altfor mykje ut. Samtidig var det viktig å nå ut til fleire, å få eit breiare publikum, og det gjorde me.

– Mjølsnes-/Indrehus-gruppa trekte så mange folk at konsertane de gjorde på Vossa Jazz, var smekkfulle, og det stod køar utanfor.

– Ja, og det var synd me aldri fekk gjort noka plateinnspeling, men me gjorde ein del NRK-opptak. Me leita mykje og eksperimenterte mykje rytmisk, det vart ein del prøving og feiling for å få det til klangmessig. Han og eg gjorde mykje i lag, men det var Per som for det meste stod for det harmoniske. Me prøvde å finna ei form på det, men det var ikkje like lett alltid, musikken skulle henga saman.

«Eg var vel forholdsvis tidleg ute og blanda hardingfele og folkemusikk med annan musikk, og det var noko eg hadde idear om frå då eg begynte å spela.»

 

 

– Kor gjekk vegen din vidare etter dette?

– Etter 1980 var eg ikkje så aktiv, men spelte framleis ein god del med Per, og litt spreidde jobbar elles. Men då hadde eg ein annan jobb eg livnærte meg av.

– Kan eg spørja kva det var?

– Eg jobba som nattevakt på Framnes kurstad i ti år. Det fine med det var at eg dreiv mykje med friluftsliv på den tida. Eg hadde trekkhundar, huskyar, og eg måtte ut kvar einaste dag. Det passa jo godt sidan eg hadde fri på dagtid, og eg fór mykje i fjellet, og det var sabla artig. Med hundespann kunne ein dra på vekeslange turar i fjellet og leva eit luksusliv, ein var ikkje avhengig av å nå fram til ei hytte eller ein spesiell stad, ein hadde alt med seg. Om vinteren var det ski og snørekøyring, og om sommaren hadde eg ein liten juniorsykkel som eg utstyrte med piggdekk og dobbelt sett bremser, og med denne gjekk det unna på stølsvegane med hundane framfor. Eller eg hadde kløv på hundane når eg gjekk på tur.

– Men musikken var der heile tida?

– Eg hadde nokså tidleg kontakt med Ole Bull Akademiet, det vart vel oppretta i 1977, det vil seia prosjektet, og eg gjorde litt her utover på 80-talet. Det var landskappleik på Voss i 1991, og då fekk eg i oppdrag å skriva musikk til Carte Blanche, og den skulle ta utgangspunkt i «Bygdatråen». Dette var samtidig med at fylkesmusikarstillingane i Hordaland vart utlyste, eg søkte, og fekk tilsetjing der.

– Korleis starta det med Ole Bull Akademiet på Voss?

– Det var Sigbjørn Bernhoft Osa som hadde ideen, og det var hans pågangsmot som gjorde til at dette kom i stand. Han peika ut folk og sa «du skal gjera det, og du skal gjera det», ja, han samla troppane. Det var sjølvsagt andre som var med, Jostein Meland, Sigurd Haaland og Arnfinn Kyte, ja, andre òg.

 

 

«Eg kom ikkje frå eit folkemusikkmiljø, det var Beatles og Stones eg var oppflaska på.»

– Like før eg kom hit i dag, på Vossa Jazz, var det konsert med Sigrid Moldestad på kafeen Tre Brør i det gamle Haalandshuset. Det var mange som ikkje kom inn, og det seier vel noko om interessa for folkemusikk i dag?

– Det har endra seg svært mykje frå då eg starta med dette og fram til no, eg vil seia det har vore ei kolossal utvikling. Då eg begynte i 1965, var eg den einaste på min alder som spelte hardingfele her på Voss, og så var det ein liten gjeng som var rundt 15 år eldre. Dette har endra seg totalt, no er det hardingfele i musikkskular svært mange stader, og ein har eit stort tilfang av nye musikarar.

– Det har også endra seg på den måten at mykje av folkemusikken i dag vert framført av ensemble, altså arrangert, og det var svært sjeldan då eg begynte. Elles har eg spelt saman med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo i Gamaltnymalt, me fekk forresten Spellemannprisen i 2005.

– I dag kan ein bruka lydopptak og film og studera bogedrag når ein skal læra ein slått, men det vil vel alltid verta ei endring når ein traderer musikk?

– Det er hovudsakleg den gamle metoden som vert nytta framleis, at ein lærer direkte frå fele til fele, men det er mange som brukar opptak som er leita opp frå lydbandarkiv. Det vert likevel ei tradering på øyra, og det er det som gjer folkemusikk til det han er, det er ikkje ein spelemann som spelar slåttane heilt likt, det vert stadig nye variasjonar, det skal ikkje vera ein kopi. Slåttar som er enkelt oppbygde, kan gi mykje rom for både variasjon og improvisasjon, og det likar eg å gjera.

– Kva med jenter og hardingfele? Eg kan ikkje hugsa eg såg jenter som spelte hardingfele før?

– Det var ikkje så vanleg før i tida, men det slong ei og anna, og no er det like mange, om ikkje fleire jenter enn gutar, og mange skikkeleg gode.

– Er det nokon du har lyst til å nemna?

– Då måtte eg nemna frykteleg mange, eller ingen.

Les også:

Einar Mjølsnes: Slåtter etter Anders Sagen

So har ho kome, ei etterlengta CD-plate. Einar Mjølsnes tolkar her samtlege av noteoppskriftene som Arne Bjørndal gjorde etter Anders Sagen (1828-1922).

 

Alle foto til artikkelen: Paul S. Amundsen

 

Dette intervjuet vart fyrste gong publisert i Bladet Folkemusikk nr. 2/2010. Det er publisert igjen på ny i samband med at Einar Mjølsnes 21. september gav ut plata Slåtter etter Anders Sagen.

 

– Tidlegare vart hardingfela sett på som noko «bondsk» og dermed mindreverdig, men i dag er vel dette også eit «urbant fenomen»?

– Det er jo det, men spelemenn som bur i byar, har som oftast tilknyting til bygdemiljø og tradisjonslinjene der. Det vert referert til Voss og Telemark og kva det måtte vera, ein høyrer ikkje om nokon Oslo- eller Bergens-tradisjon enno, men kanskje det kjem?

– Har folkemusikken vore med på å forsterka eller bryta ned fordommar om bygdene?

– Eg budde på Oppheim på Voss, og der var det mange bergensarar i påsken. Eg merka at dei såg ned på oss, og dei lurte på om me hadde radio og fjernsyn. Då var det ein gong bror min sa: «Nei, fjernsyn har me ikkje, men han Mikkel har radio. Han bur på andre sida av vatnet.»

– Tidlegare var det meir båsar mellom ulike former for musikk?

– Ja, det var veldig delt før, men dette er heilt annleis no. Eg merkar på yngre kollegaer av meg, og meg sjølv også, me høyrer på alle typar musikk. Det har endra seg totalt, men gjeld ikkje berre folkemusikk. Då eg gjekk på konservatoriet i Oslo, var det typisk for dei klassiske musikarane berre å dyrka den sjangeren.

– Du har også vore på turnear i utlandet?

– Eg var med Per Indrehus på ein trevekersturné i Amerika, men det har mest vore enkeltreiser og representasjonsoppdrag, i til dømes Jordan, Dei sameinte arabiske emirata, Guatemala og ein trevekers turné i Kina på slutten av 70-talet.

– Kva slags musikk høyrer du på?

– Det går mykje i klassisk, og særleg barokk. Elles høyrer eg på alt mogleg, og høyrer gjerne musikk frå ungdomstida. Eg kom ikkje frå eit folkemusikkmiljø, det var Beatles og Stones eg var oppflaska på. Eg var vel også forholdsvis tidleg ute og blanda hardingfele og folkemusikk med annan musikk, og det var noko eg hadde idear om frå då eg begynte å spela.

Her sluttar samtalen med Einar Mjølsnes. Det skal vera konsert med den svenske jazzpianisten Bobo Stenson i Osasalen i etasjen under, og Einar vert spurd av ei vakt om å hjelpa å finna noko, sidan han er kjentmann på huset.