Våren 2016 leverte eg mi mastergradavhandling i tradisjonskunst ved Høgskulen i Søraust-Noreg, Rauland. I oppgåva gjer eg greie for nystevtradisjonen i Hylestad i Valle kommune.

Astri Rysstad, leiar for Setesdal spelemannslag, innleiar stevleiken med eit stev før resten av salen heng seg på. Folkemusikkpub på Sølvgarden, Rysstad 31.1.2015.

Hylestad er nok det området i Setesdal der folkemusikken lever best i dag, og den levande nystevtradisjonen vann truleg fram her på 1800-talet. Er det grunnlag for å hevde at stevbruken i dette området er så «unik» som ein vil ha det til? Er det berre eit knippe folkemusikarar som nyttar seg av steva i Hylestad, eller føler dei som ikkje er ein del av folkemusikkmiljøet at dei òg har ei tilhøyrsle til steva?

Til masteravhandlinga mi intervjua eg tjuge personar frå Hylestad som ikkje er folkemusikarar, i alderen 25 til 75 år. Det var spesielt interessant å sjå kor «normalt» forhold informantane meinte dei hadde til steva. Fleire la vekt på at steva er ein del av deira identitetskjensle, og at dei har eit «avslappa forhold» til stev.

Utsegna «Stev viser kor ein er ifrå» gjekk mykje att. Steva har vorte bruka til å skildre Hylestad, Setesdal, folkelynnet og situasjonar hylstringen identifiserer seg med, med tekstar om heiane, isolasjon, kjærleik, spelemenn, dansarar, lystig lag o.a. Tekstane vert dikta på den særprega dialekta ein finn i Setesdal og spesielt i Valle/Hylestad. Mange svarte at det fyrst var då dei flutte frå Setesdal at dei fekk eit nært forhold til stev.

Når ein er på folkemusikkpub og det sit røynde kvedarar i lokalet, er ikkje det noko hinder for at mindre røynde kvedarar også kjem med stev.

Dei fem eldste informantane var i aldersgruppa 55 til 75. Då dei vaks opp vart stev mykje brukt i bygda, og dei opplever at steva vert mindre bruka no. Likevel svarte alle informantane at dei kjenner til stev, og mange av dei kvedar eller dikta stevtekstar sjølve. Eit av dei mest interessante svara kom frå ein informant i 20-åra: Han har ikkje noko spesielt nært forhold til stev, men han kvedar stev «i lystig lag», som på folkemusikkpub, og diktar sjølv stev.

Heile tretten av tjuge informantar sa at dei kan mellom 2 og 6 stevtekstar, og nyttar seg av dei til dømes i tekstmeldingar eller på Facebook. Dei resterande sju svarte at dei ikkje har nokre stevtekstar i hovudet, men kan finne på å nytte seg av stev som utrykksmåte. Mange stevtekstar er lett tilgjengelege i til dømes stevbasen til Agder Folkemusikkarkiv.

Terskelen for å «ta eit stev» opplevast ikkje som særleg høg: Om ein sit inne med eit stev som høver situasjonen, vil det oftast ikkje vere noko problem å lese det opp eller kvede det. At terskelen for kveding i bygda er låg, bidreg til at mange brukar steva. Når ein til dømes er på folkemusikkpub og det sit røynde scenekvedarar i lokalet, er ikkje det noko hinder for at mindre røynde kvedarar også kjem med stev.

Steva har vorte bruka til å skildre Hylestad, Setesdal, folkelynnet og situasjonar hylstringen identifiserer seg med.

Gunnar Stubseid (t.h.) kvedar eit stev medan Daniel Sandén-Warg og Tor Straume lyttar andektig. Folkemusikkpub på Sølvgarden, Rysstad 31.1.2015.

Dei 5 åra eg sjølv budde i Hylestad, vart stev ein naturleg uttrykksmåte for meg. Det var ikkje uvanleg at eg sjølv dikta stev, eller opplevde at eg eller andre braut ut i «spontanstev». Ei stevtekst kunne fort vere den greiaste måten å uttrykke seg på.

I nyare tid vert det dikta tekster i mellom anna jolemagasinet Jol i Setesdal, som er kjent for sine reklamestev til nærbutikkar, bankar og bensinstasjonar. Det er heller ikkje ukjent at det dukkar opp ei og anna stevtekst, til dømes politisk, i lokalavisa Setesdølen. I tillegg har ein alle stevtekstane som ikkje forlét den indre vennekrinsen eller husets fire vegger, i høve bursdagar, bryllaup, konfirmasjon og liknande.

Mot slutten av 1800-talet skreiv stevdiktaren Knut Austad (1868–1943) dette om stevtradisjonen i Setesdal:

Mest kvar jente og gut som det er noko liv i, diktar stev, kved dei og såleis kjem dei ut i bygdi.

Utifrå arbeidet mitt med masteravhandlinga vil eg hevde at steva og tekstane har sit naturlege virke også i dagens Hylestad. Det igjen bidreg til at stev er ein del av identiteten og kulturen til hylstringen.