God læring handlar om å spela på fleire strenger: eit kaffislabberas med langeleikspelarane Ole og Knut Aastad Bråten, Gunvor og Oddrun Hegge.

Tvillingane Ole og Knut Aastad Bråten har nett sleppt den fyrste soloplata si – eller duoplata, alt etter korleis ein ser det. Dei vaks opp omgjevne av musikk: Bestemor Borghild spelte gitar og song bedehussongar, og lærte barnebarna dei fyrste grepa på gitaren. På nabogarden budde grandonkel og heimelært instrumentmakar Jørgen Dalen. Han gav gutane kvar sin leik og lærte dei alle låttane han kunne.

Då Knut og Ole var 16 år gamle, trong dei nye strengar til leikane sine. Ein forsvunnen snert, eller langeleikplekter om du vil, måtte òg erstattast. På den tida var Oddrun instrumentmakar ved Valdres Folkemuseum, og dit drog dei. Oddrun ante at det fanst spelemannsmateriale i gutane, og tipsa syster Gunvor. Snart møttest dei alle fire, og sidan har dei vore bestevener.

Når dei møttest for å spela, var det alltid heime hjå ei av dei. Kaffi og kake var ein viktig del av samværet.

– Eit liv utan kake er ikkje eit liv, seier Gunvor og ler.

– Ein kan ikkje sitja stilt i fem timar utan å få i seg næring! slår Knut fast.

Det var ikkje alltid dei fekk spelt noko i det heile. Timane kunne gå når praten gjekk over kaffikoppen. Og rundt bordet var det ikkje berre musikk og langeleik det vart prata om.

– Ein er jo så mykje meir enn det ein driv med. Me er alle heile menneske med mange ulike interesser, poengterer Knut.

Difor var det naturleg å prata om alt som fall dei inn. I det heile nøler dei når me nyttar omgrepa «elev og læremeister» om forholdet dei imellom.

– Eigentleg reknar me oss meir som vener som har ei felles interesse, seier Knut.

– Me har hatt ein stad der me har kunna koma, legge oss ned på sofaen og prata om alt mogleg, legg Ole til.

«Berre den som er trygg på sitt eige, kan kjenne seg trygg i møte med det som er framandt og nytt.»

Oddrun Hegge

Sterke røter mot vinden

Alle fire uttrykker at spelet gjev ei sterk kjensle av identitet og tilhøyrsle i Valdres.

– Berre den som er trygg på sitt eige, kan kjenne seg trygg i møte med det som er framandt og nytt, seier Oddrun.

Og at haldninga til kva som er greitt og ikkje i langeleikspelet, har endra seg over tid, er systrene samstemde om. Då dei lærte å spela, var det lite rom for den breidda i spelet som me finn i dag. Det herska klåre idear om kva som var rett og gale, pent og stygt spel, fortel Oddrun:

– Ein skulle berre spela i den tempererte skalaen – dei eldre skalaene vart oppfatta som sure eller falske. Det var òg strenge reglar for snertebruken: Ein vals eller ein springar skulle spelast med tre slag som markerte takta.

Etter kvart har det vore drive mykje forsking – på musikkhistoria og instrumenta, på tonalitetane og speleteknikkane som har vorte brukte, og på kva for ytre krefter, musikalske og sosiale, som har påverka musikken. Gradvis har ein fått større forståing både for det særeigne ved og variasjonane innanfor tradisjonen.

Oddrun legg vekt på korleis denne utviklinga har opna for ei tilsvarande breidde i utøvinga av musikken. Ho meiner dette er ein svært viktig bodskap til dei unge som spelar tradisjonsmusikk i dag:

– Ole og Knut spelar på sin eigen måte – og dei er tradisjonsberarar.

Brøtagutadn har utforska både snertebruk og eldre skalaer og stemmingar, og dei har utvida rommet for samspel i tradisjonen.

– I samspelet har me systematisk utforska korleis me kan utnytte moglegheitene med både eitt og to instrument, utan å måtte gjera om på instrumentet. Ole og eg har alltid drive kvarandre framover, seier Knut.

– Me har alltid likt å danse. Kanskje har det vore med på å gjera musikken vår meir dansbar og fengjande, og slik meir tilgjengeleg? undrar Ole.

«Eg ser at ungdomane som spelar langeleik i dag, har god sjølvtillit, og at dei ikkje bryr seg med stereotypiane som har herska. Dei tek med seg instrumenta sine og spelar kor det skal vera.»

Knut Aastad Bråten

 

Lydarlåttar og dansespel

Langeleikliknande instrument var det dominerande strengeinstrumentet over store delar av Europa fram til fela fekk sitt gjennombrot. Fela fekk vind i segla, og etter nokre hundre år var det så å seia berre i Valdres at det fanst ein levande og ubroten tradisjon for langeleikspel i Noreg.

Som langeleiken sjølv er dei fire av den rolege og sindige sorten som ikkje hevar stemma i utide. Og dei er godt vane med å lire av seg sjølvironiske langeleikvitsar. Men engasjementet kokar når dei meiner å sjå at dei unge lærer at det berre er fele, hardingfele og durspel som er instrument verdige å premiere.

– Det er ein uting at miljøet skal rangere instrumenta i eit hierarki. Som om eitt instrument er viktigare enn eit anna! Det er dette som kan få ein langeleikspelar til å seia frå scena at han «skal prøve å spela ein lått», seier Ole med eit oppgitt andletsuttrykk.

– Men eg har opplevd ei utvikling desse tjue åra eg har spelt, legg Knut til. – Eg ser at ungdomane som spelar langeleik i dag, har god sjølvtillit, og at dei ikkje bryr seg med stereotypiane som har herska. Dei tek med seg instrumenta sine og spelar kor det skal vera.

Fråværet av langeleikspel på dansegolva er ikkje berre knytt til fordomane mot det, meiner Ole:

– Ein langeleik har ikkje det same lydnivået som fela. Repertoaret har vorte prega av det, med mange lydarlåttar og kan hende ein del andre låttar utan tydeleg dansetakt. Langeleiken kan ha vorte meir usynleg på grunn av det.

Gunvor påpeikar at det beskjedne volumet kan ha ein veldig god effekt på dansegolvet:

– Då må folk teia og vera meir til stades i dansen og med kvarandre. Eg opplever at langeleiken inspirerer til ro og konsentrasjon, og at dansen slik kan opplevast på ein annan måte.

At langeleikspel kan vera drivande dansemusikk, synte Knut og Ole til fulle under Landskappleiken i år. Dei var spelemenn då Hallgrim Hansegård dansa i finalen i halling klasse A, der dei spelte «Sumarmorgon». Kven veit, kanskje var det spelet deira som gav Hallgrim Hansegård den ekstra konsentrasjonen han trong for å nå heilt opp og vinne kongepokalen?

Samfunnet og individet

Oddrun, Gunvor, Knut og Ole kjenner alle på eit ansvar for å lære vidare musikken – og vidareformidle den gleda dei sjølv kjenner i spelet.

– Eg har fått utlevert denne arven, denne gåva, og meiner eg har ei plikt til å føre spelet vidare. Men for meg er ikkje ei slik plikt noko negativt – det er svært meiningsfylt, seier Gunvor.

Alle fire har på eit tidspunkt jobba som lærar i kulturskolen. Dei er ikkje i tvil om at det er ein viktig institusjon.

– Då eg var liten, fanst berre skulekorpset og «Berits Orgelskule» om ein ville lære å spela eit instrument. Kulturskulen er utruleg viktig for folkemusikken! slår Knut fast.

Han er likevel ikkje i tvil om at den beste læringa skjer når elev og læremeister blir betre kjende og får tid til å prata saman:

– Med dei korte timane og det profesjonelle forholdet i kulturskulen, er det grenser for kor nær ein kjem kvarandre. Det er ikkje berre låtten ein skal lære. Det kan vera minst like viktig og gjevande å få vita korleis læraren lærte låtten, kva for slags forhold læraren har til låtten, og dei små historiene knytte til låtten. Eg trur det er viktig å opprette ein personleg kontakt med elevane sine – til dømes sende ein SMS og invitere til å spela litt saman.

Teksten er ein forkorta utgåve av ein artikkel i Folkemusikk nr. 3/2015, som kjem ut til abonnentane og i sal på Narvesen denne veka.

BLADSLEPP: LEVANDE LANGELEIK

Torsdag 24. september kl. 20.00 blir det bladslepp av Folkemusikk nr. 3/2015 på Riksscenen i samband med Folkelarm. Her treffer du Oddrun Hegge, Knut Aastad Bråten og Ingrid Lingaas Fossum, tre ledd langeleikspelarar frå Valdres. Dei vil prate om korleis langeleiktradisjonen har endra seg frå 1970-talet og til i dag. Arrangementet er gratis! Les meir om arrangementet på Folkelarm.noog meld deg på arrangementet på Facebook