FolkOrg-styret v/ Per Øyvind Tveiten svarar Nils Øyvind Bergset og dei mange andre som har reagert på vedtaket om endringar i kappleiksreglementet.

Ansvaret for endringar i kappleiksreglementet er ifølgje FolkOrg sine vedtekter lagt til styret. Ut frå spørsmål og tilbakemeldingar frå kappleiksmiljøet har vi sett på reglementet, og gjort vedtak om endringar. Slik debatten no går er det klart at det er trong for meir informasjon om føresetnader og konsekvensar av vedtaket.

Til spørjeundersøkinga: Endringar i kappleiksreglementet er vel noko av det mest engasjerande vi tek opp. Styret såg det difor vesentleg å skaffa seg oversyn på kva kappleiksmiljøet meinte – gjennom ei rådgjevande spørjeundersøking. Som det blir påpeikt, har slike undersøkingar sine svake sider. men det er i alle høve ein metode som kan gjennomførast utan svært stor ressursbruk og som kan gje eit betre avgjerdsgrunnlag.

Oppslutnaden synest vi er bra – ut frå kappleiksdeltaking og medlemsmasse bør den kunna tilleggjast vekt. Svara tydde på at det var ynskjeleg med endringar. Ikkje eintydig: Nokon ynskjer å behalda noverande ordning, men det er og dei som vil ha ei fullstendig urangert resultatliste. Styret har i sitt vedtak lagt seg på ei mellomløysing, der berre den øvste tredelen blir offentleggjort med poengsummar og rangering.

Ynsket om tilbakemelding til C-klassa er òg relativt tydeleg i svara, og ein har valt å ta opp mogelegheita for å be om munnleg tilbakemelding. Dette er først og fremst ei utfordring for domarane – både å finna tid til det, og å gje korte, munnlege tilbakemeldingar som er til nytte for utøvaren.

Per Øyvind Tveiten, styreleiar i FolkOrg, under utdelinga av Folkelarm-prisane 2015 på Riksscenen i Oslo. (Foto: Runhild Heggem)

Endringar i kappleiksreglementet

Styret i FolkOrg har vedteke at det skal gjerast endringar i kor stor del av klassene på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk som skal rangerast. Det skal òg vere ein felles poengskala for alle klassene. Klikk her for å lese heile saken på FolkOrg sine heimesider

Klikk her for å lese Nils Øyvind Bergset sin kommentar til endringane frå 12. april, og her for tilsvaret hans 15. april

Harmonisering av poengskalaer ser vi som ein nødvendig «ryddejobb» – etter kvart som vi har mange klassar, Landskappleik og Landsfestival, er det blitt mange variantar av poengsetjingar. Det krev grundig innsyn for å ha god oversikt på det internt i kappleiksmiljøet, og for dei utanfor er det nesten ubegripeleg. Svara i undersøkinga tydde vel òg på at ei harmonisering her vil vera rett.

Kva no? Då styret la ut spørjundersøkinga, var det ei innleiing som sa kvifor den vart sett i gang og korleis det skulle nyttast. Mellom anna stod det: «Styret i FolkOrg ynskjer tilbakemelding frå medlemmane om desse innspela. Dette er ei rådgjevande undersøking, og dersom styret vel å forslå radikale og/eller permanente endringar, må dette fremjast for Landsmøtet for endeleg handsaming og vedtak». Styret har såleis under gitte føresetnader valt å leggja det fram for Landsmøtet.

Vedtaket er ikkje ei prøveordning; men dei kommentarar/synspunkt som har kome tilseier at endringane må klassifiserast som «radikale og/eller permanente». Styret deler eit slikt syn;  det vil seie at det blir ei evaluering etter Landskappleiken og Landsfestivalen 2016, og ei landsmøtehandsaming våren 2017.