Han starta som Strykarfestivalen i 1991, og har vore arrangert kvart år sidan. Siste helga i oktober, for tjuefemte gong, stod igjen artistar frå inn- og utland og lokale talent på scenene på Voss under Osafestivalen.

Osafestivalen 2015 starta med eit seminar torsdag og fredag. Jorun Marie Kvernberg og Ånon Egeland var lærarar på kurset «Samspel med meining», der folkemusikkstudentar frå heile landet hadde møtt opp: frå NMH i Oslo, frå Rauland og sjølvsagt Ole Bull Akademiet sine eigne studentar.

Ånon Egeland heldt eit interessant foredrag om ulike formar for samspel før og no. Alle studentane fekk prøve seg på ulike arrangement Jorun Marie hadde laga av slåttane «Springar etter Erik Almhjell» og «Kom hjerte tag ditt regnebrett». Den siste vart òg framført på den felles studentkonserten laurdag. 

 

Ånon Egeland og Jorun Marie Kvernberg leia alle studentane gjennom to dagar med samspelkurs.
Deltakinga var stor på årets kurs, «Samspel med meining» med lærarar Jorun Marie Kvernberg og Ånon Egeland.
Knut Utler synte fram favorittbileta sine fra Osafestivalen på Ole Bull Akademiet.

I resepsjonen på Ole Bull Akademiet vart det ominnreidd til festivalen for å gi plass til eit utval av Knut Utler sine bilete – frå Osafestivalen i 2012, 2013 og 2014. Han seier sjølv at det var ein vanskeleg utveljing, og det vart til slutt tolv favoritter som fekk plass på utstillinga. Utstillinga hausta mange godord.

 

Linn Andrea Fuglseth, Berit Opheim og Anna Maria Friman i Trio Mediæval fylte Osasalen og hjarta våre med vakker song på opningskvelden.

Høgdepunkta kom på rekke og rad – frå opningskonserten med Trio Mediæval torsdag, til søndag då festivalen avslutta med ein stor og verdig hyllest til spelemannen Lars Skjervheim. Dei rekordmange tilhøyrarane fekk konsertopplevingar med blant andre Jan Bjøranger og Stian Carstensen, Majorstuen, og danseførestillinga «101 hatter å sparke før eg døyr» med Silje Onstad Hålien og Anders Löfberg. Dansekurs og dansefestar var det sjølvsagt òg!

«101 hattar å sparke før eg døyr» er ei sterk danseførestilling fylt av kjensler og metaforar på livet. Silje Onstad Hålien og Anders Löfberg samarbeider godt og tett – bokstaveleg talt.
Ein stor musikalsk aften i Gamlekinoen vart avslutta med ein strålande konsert av Odd Nordstoga med band.

Den tradisjonelle fredagskvelden i Gamlekinoen inneheldt konserten det kanskje var knyt størst forventningar til: Sjølvaste Odd Nordstoga og bandet hans skulle innom Voss på noregsturneen sin. Odd lét ikkje publikum gå heim skuffa. Mange kom med eit håp om å få høyre yndlingssongen sin – og når dei ropte dei ut låttitlane, leverte han. Fleire ekstranummer og trampeklapp avslutta ein flott kveld i Gamlekinoen.

Årets tingingsverk var det Frode Haltli som hadde fått i oppgåve å komponere. Etter fleire førebuingsdagar på Nain var det klart for urframføring av «Grenseskogen» laurdag kveld. Publikum sat på rekkjer medan musikarane Frode Haltli, Emilia Amper, Håkon Stene og Eirik Raude plasserte seg rundt omkring i rommet. Den åttekanta bedehussalen med den nydelege klangen var stemningsfullt lyssett. Med glas og andre spennande instrument baud ensemblet på ei vakker og inspirerande musikkoppleving.

 

Tingingsverket «Grenseskogen» tok oss med inn i eit mystisk, stemnings- og spenningsfylt musikalsk landskap.
Arne Anderdal, musikalsk leiar i Voss spelemannslag, under avslutningskonserten på Osafestivalen 2015.
Lars Skjervheim fekk ein velfortjent hyllest og publikum ein flott avslutningskonsert i den luftige salen på Nain.

Festivalen i Vossabygda vart i år avslutta med ein hyllingskonsert til hardingfelespelaren Lars Skjervheim. Orkesteret Fossegrimen og Voss spelemannslag hadde satt saman eit stort repertoar. Det inneheldt både hardingfeleslåttar, spelt solo og i grupper, og nyskrivne arrangement der orkesteret og spelemannslaget spelte saman. Og som alltid vart festivalen avslutta med smalahovefest, der alle dei uvurderlege frivillige fekk sin takk for innsatsen!

Sjekk ut osafestivalen.no og Facebook-sida til Osafestivalen for fleire av Runhild Heggem sine bilete frå festivalen i år.