Riksscenen inviterte Valkyrien Allstars til deira eigen tiårsdag. Lat oss håpe tjueårsdagen blir like bra.

– Det der med tiårsjubileum var ikkje vår idé, altså. Det var berre for å selje billettar. Det funka jo, det, sa Erik Sollid til ei utseld Riksscene.

– Nei da, de hadde sikkert kome i alle tilfelle, de, repliserte Tuva Livsdatter Syvertsen.

Valkyrien Allstars har heldt på i ti år, og om dei ikkje tenkte på å feire seg sjølve, så gjorde Riksscenen det. Dei hadde sytt for ordentleg bursdagsstemning: Før konserten synte dei Knut Utlers fotografi over heile endeveggen i hovudsalen.

Vi fekk sjå glimt frå Valkyriens første ti år, heilt sidan den gong dei var husband på den brune puben Valkyrien på Oslos vestkant. Og bandet veit å anerkjenne røtene sine: Til jubileumskonserten hadde dei invitert Sturm und Drang, som no er husband på same staden, til å halde fram festen i kjellaren.

Musikken til Valkyrien er, i dag som då dei starta, umogleg å kategorisere. ”Folkrock” er for så vidt dekkjande, men det får det til å høyrast ut som om Valkyrien er del av ei folkrockscene. Det er dei ikkje. Det finst ingen andre som driv med det dei gjer. Men det var heller aldri meininga. Valkyrien lærte av læremeisteren Hallvard Kvåle at ”alt er lov”, samstundes som tradisjonen skal handsamast med respekt. Begge løfta har dei halde.

Valkyrien møttest på Strunkeveko, og trødde ungdomsskoa i Bærum Spelemannslag. I byrjinga var dei ein hardingfeletrio. I dag er dei eit fullt band som ofte har to hardingfeler i front, og det er ikkje like mykje wall-of-sound-hardingfele i musikken deira i dag som det var for ti år sidan. Hardingfelene bruker dei på stadig nye måtar, i solo og i samspel, strokne og plukka. Ei ekstra felerekke har dei òg med på konserten – kameratar frå Bærum spelemannslag.

Om lag halvparten av tekstane sine skriv valkyrjane i dag sjølve, og nokre fleire melodiar. Dei toneset mykje stoff frå moderne lyrikarar, så ulike som Olav H. Hauge, Margrethe Munthe, sjølvsagt Steinerskolens hoffpoet André Bjerke og like sjølvsagt Gunvor Hofmo – tolkinga deira av hennar verdskrigsdikt ”Det er ingen hverdag mer” var sjølvskriven på frigjeringsdagen 8. mai. Men det er tradisjonsmaterialet dei tolkar som mest av alt gjer gruppa unik. På grunn av ballasten dei har som genuine folkemusikarar, treng dei aldri vere redde for å høyrast ut som noko anna band.

Konserten var ingen jubileumskonsert i tydinga oppsummering av dei ti åra som har gått. Hovudvekta var på materialet frå deira siste plate, Farvel slekt og venner frå oktober i fjor.

– Vi feirar ti år ved å sjå framover, spøkte Erik Sollid frå scena.

Men det gjer dei, og det kan vi vere glade for. Når nokon ber meg nemne éin ting som kjenneteiknar den norske folkemusikken i dag, plar eg seie at han er som hardcore-pønken. Er du innanfor, er du del av ein familie. Alle kjenner kodane. Alle kjenner dei viktige namna og dei definerande melodiane, kva for bygder og byar som er viktige og korfor – og kor ein skal byrje om ein vil lære meir om noko. Folk utanfor anar ingenting om dette. Alt ser og høyrest likt ut, ingen veit opp og ned på noko instrument – og ingen anar kor dei skal byrje for å lære. Så dei byrjar heller aldri.

Derfor er Valkyrien Allstars kanskje det viktigaste bandet i landet. Som dei einaste gir dei Folket, den jamne musikklyttar, nokre smakebitar på kva norsk folkemusikk er: Ein halling frå Stryn, ein mellomalderballade på 24 vers frå Nordsjøområdet, ein springar frå Numedal, ei drikkevise frå Telemark.

Det er trist at Valkyrien er så åleine. Samtidig er dei så bra at det stundom er til å leve med. Ikkje minst når ein får oppleve dei live. Dei er bra på plate, men live er dei suverene. Det var som liveband dei bygde seg opp og blei det bandet dei er. Og all folkemusikk er som kjent best i levande live.

Eg gler meg til tjueårsjubileet. Og til åra før den tid.