Denne veka byrjar Førdefestivalen. Som vanleg er store delar av Sunnfjords natur- og kulturlandskap teke i bruk til festivalen. Folkemusikkredaktør og verdsmusikk-DJ Audun Stokke Hole har valt ut nokre festivalgodbitar frå det stjernespekka programmet: moderne musikk med djupe røter i Lilleasia, Kurdistan, Balkan, Sunnfjord, Tuva, Brasil og Québec.

Café Aman Istanbul

(Førdehuset onsdag kl. 20)

I smeltedigelen Istanbul har tyrkarar og grekarar spelt saman i hundreår. Etter at Det osmanske riket gjekk i oppløysing for hundre år sidan, er ikkje brorskapskjensla grannefolka imellom den same. Men musikken lyg ikkje: Brorskapen finst. Musikk- og danseensemblet Café Aman Istanbul vekkjer den multikulturelle kaféstemninga frå storbyen til live, med musikksjangrane rembetiko og fasil som berande element – det meste trad-materiale utan kjend opphavsmann. Det ligg òg eit stort forskingsarbeid bak musikken: Dei fleste musikarane har bakgrunn frå konservatoriet i Istanbul, og hadde grave lenge i musikken og historia før scenedebuten i 2009 og platedebuten i 2012.

Nishtiman

(Førdehuset fredag kl. 18)

Tema for Førdefestivalen i år er «På flukt», og mange av festivalartistane har bakgrunn frå Syria og andre konfliktherja land i Midtausten. Mellom temaartistane gler eg meg mest til denne gruppa: Kurdiske musikarar frå tre hjørne av kurdarane sitt heimland – Nishtiman tyder rett og slett «heimland» på kurdisk – møtest på scena, frå dei moderne statane Iran, Irak og Tyrkia. Med på laget har dei ein fransk afroperkusjonist, så puristar er dei ikkje. Gruppa har òg ei medvite apolitisk haldning – det er musikken det handlar om, anten det er forrykande dansemusikk eller episke diktsyklusar dei framfører.

Mahala Rai Banda

(Festplassen fredag kl. 23)

Dei rumenske sigøynarane i Mahala Rai Banda er for «vestlandsvener» å rekne: Eg har sett dei live både på Nattjazz i Bergen og Balkanfest Evanger tidlegare, og Vestlandet veit å ta imot musikken deira. I botnen ligg tradisjonell messingblåsmusikk frå Balkan, men dette er grenselaus moderne partymusikk. «Balkan Beat» er den beste venen ein DJ kan ha – viss det er umogleg å lage dansegolv med noko anna musikk, så får ein det til med balkansk dansemusikk. Det finst altså inga orsaking for å gå glipp av denne festen – med mindre du dansar i Førdehallen til Indre Sunnfjord Spelemannslag og Grindstuen & Midtlis Orkester, då.

Erlend Apneseth: «Nattsongar» (tingingsverk)

(Førdehuset, laurdag kl. 13:30)

Til tingingsverket til Førdefestivalen i år, går Erlend Apneseth kontrafaktisk til verks med lokal slåttetradisjon. Korleis ville sunnfjordsmusikken ha høyrst ut viss Førdefestivalen var hundre år gamal? Anders Viken møter Django Reinhardt, medan hallingen «Gamlestovslåtten» har fått seg ein tur til Balkan. Med seg har Apneseth stjernelaget Erik Rydvall, Ole Morten Vågan, Stein Urheim og Hans Hulbækmo. Korleis slåttemusikk frå Jølster blir høyrande ut i hendene på denne gjengen, skal bli svært interessant å høyre.

Huun-Huur-Tu

(Førdehuset, laurdag kl. 18.30 og Rytne Gard på Bygstad søndag kl. 12)

Tuva-provinsen i Russland står kulturelt nær Mongolia, og dei deler ein velkjent strupesongtradisjon. Huun-Huur-Tu hadde i byrjinga på 1990-talet tradisjonell musikk frå Tuva på repertoaret, men har etter kvart teke inn meir moderne komposisjonar òg. Dei har òg samarbeidd med så ulike artistar som Frank Zappa, Kronos-kvartetten, Carmen Rizzo og the Chieftains. Men framleis er det strupesong, munnharpe og mongolske strenge- og perkusjonsinstrumenter som er ryggraden i gruppa, og eg mistenker at dei vil leggje vekt på tradisjonsrepertoaret når dei no vitjar Førde. I alle høve bør det bli ein kveld vi seint vil gløyme.

Trio Madeira Brasil

(Sogn og Fjordane Kunstmuseum søndag kl. 13)

Choro eller chorinho er the missing link mellom den sentraleuropeiske runddansmusikken og moderne brasiliansk samba. Norske runddanslyttarar vil kjenne igjen både strukturell oppbygnad, melodiar og kontrapunktspel, harmoniar og rytmar som vals, polka og schottis. Choro er i all hovudsak instrumentalmusikk, og dei tre medlemmene i Trio Madeira er alle strengeleikvirtuosar som vekslar på å spele melodi og komp. Sjangeren hadde stordomstida si fram til 1940-talet, men har blitt svært populær igjen dei siste ti åra – og Førde-publikummet har verkeleg noko å gle seg til.

La Bottine Souriante

(Førdehuset søndag kl. 16)

Denne folkemusikkgruppa frå Québec feirar 40 år i år. Den fengande festmusikken deira kan vi vel trygt gi merkelappen keltisk: Vi høyrer påverknad frå dei opphavlege québécoises frå heile Nord-Frankrike, og frå seinare immigrantar til Canada frå alle krokar av Dei britiske øyane. Skal vi tru heimesida til gruppa, tel gruppa i dag elleve medlemmer. Mellom instrumenta finn vi gitar, bouzouki, fele, tangentar og ei stor blåserekkje, men ikkje noko trommesett – den sentrale québécoise perkusjonen er rytmisk tramping. Kombinert med klappinga til publikum, så trengst det heller ikkje noko meir!