Heme Dine er ein splitter ny festival i Engerdalen, der både kultur- og naturopplevingane står i sentrum. Festivalen går føre seg 8. til 10. juli.

Festivalen Heme Dine blir arrangert for første gong i år, på Lillerøåsen i Engerdal 8.–10. juli. Engerdøl og folkemusikkstudent ved Musikkhøgskolen Sigrid Stubsveen tok initiativ til festivalen, og med seg i leiargruppa har ho Solveig Brekke Hauknes og Rune Andersen.

«Heme dine» er eit dialektord som tyder noko slikt som «heime hos deg». – Det er veldig stas å kunne invitere folk til ein festival i sin eigen heimkommune, «heme mine», rett og slett, seier Stubsveen om valet av festivalnamn. – Eg vil at folk skal komme til Engerdal, oppleve kultur og natur og føle seg heime der – eg vil at «heme mine skal være heme dine»!

Anders Lillebo & Espen Wensaas (øvst) og Fra de Mollstemte Skoger er mellom festivalartistane på Heme Dine 2016. (Foto: Silje Granøien (Lillebo), Ingvil Skeie Ljones (Wensaas), Trygve Opseth (Mollstemte))

Stubsveen er stolt av naturen og kulturen i området, som ho ønskjer at fleire skal få ta del i. Som ung tradisjonsberar ønskjer ho å setje fokus på hele tradisjonsområdet gjennom å lage festival. Folkemusikk og folkedans står sjølvsagt sentralt på festivalen, men natur og kultur er like viktig på festivalen, fortel Stubsveen. Det aller meste av festivalen går føre seg utandørs.

Den aktive setergrenda Lillerøåsen ligg vakkert til på grensa mellom bjørkeskog og snaufjell, omlag 900 m.o.h. Her er mange moglegheiter til aktivt friluftsliv, noko som blir ein sentral del av festivalen Heme Dine. Både fastbuande, hytteeigarar, turistar og andre tilreisande er målgruppa for festivalen.

Mellom festivalartistane finn ein lokale artistar som den sørsamiske joikaren Marja Helena Fjellheim Mortensson, multiinstrumentalist Anders Lillebo (i samspel med Espen Wensaas) og festivalsjef og felespelar Sigrid Stubsveen (saman med felespelarar Selma French Bolstad og Rasmus Kjorstad). Denne gjengen opnar festivalen fredag klokka 19.

Laurdag klokka 12 blir det spelemannsmøte med folkemusikarar og folkedansarar frå Engerdal og Trysil, med Olav Sæta som programleiar. Martin Myhr og Margrete Nordmoen arrangerer kurs i song og dans for barn på ettermiddagen, samstundes som det blir høve til å gå på tur med Den Norske Turistforening, til Østerfjellet på svenskegrensa.

Hovudkonserten laurdagskvelden er med hedmarkstrioen Fra de mollstemte skoger. Felegruppa Felegurine, leia av Else Myhr frå Trysil, speler fleire konsertar i løpet av helga og har sommarleir for barn og ungdom.

Klikk deg inn på hemedine.no/program for å sjå heile festivalprogrammet. På hemedine.no finn du òg mykje nyttig info, til dømes om korleis ein held varmen i telt og på tur, om den lokale maten du får servert på festivalen – og litt av kvart anna.

Lillerøåsen i Engerdal, aktiv setergrend og festivalområde for Heme Dine.