Den nordlegaste av dei årlege norske folkemusikkfestivalane går av stabelen denne veka.

Toppbilete: Vamp speler på Moen Kulturlåve under Kalottspel 2015. Foto: Odd Inge Larsen

Målselv er ei bygd med ei heilt spesiell historie, folkesett av nybyggjarar frå Østerdalen og Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-talet. Saman med nabokommunen Bardu er dette eit viktig folkemusikkdistrikt i Troms, og i sentrum for miljøet er tettstaden Rundhaug og festivalen Kalottspel.

Folkemusikkfestivalen er tufta på eit spelmannstreff som spelmann og eldsjel Johan Nymo arrangerte første gong i 1949. Det årlege treffet blei starten på Målselv Spelmannslag, og i 1970 for ein større festival – Kalottspel. I år er det tjuefemte året festivalen blir arrangert, fortel festivalsjef Nina Fjeldet.

Fjellet Rundhaugen er del av dei vakre omgjevnadene til Kalottspel. (Foto: Phil Keen)
Folkeliv framfor Moen Kulturlåve. (Foto: Odd Inge Larsen)

– Kva er det mest unike med Kalottspel i floraen av norske folkemusikkfestivalar?

– Vi er den nordligaste folkemusikkfestivalen i Noreg, med musikk, dans og gjester frå nordområda. Konserter, danseførestillingar og dansefester blir arrangerte i mange unike lokale – ei grotte, eit fjøs, ein låve med dyr i underetasjen, eit triveleg ungdomshus – og ikkje minst på flåtar på ei av Noregs beste lakseelvar!

Rundhaug, bygda som er ramma for Kalottspel, er kjent for å vere gjestfri og godvillig, fortel Fjeldet. Ho lovar godt humør, god mat og god stemning – og masse god musikk og dans.

– Eg må òg nemne festivalen sin vilje til å leggje til rette for nytenking og nyproduksjonar med lokale og regionale utøvarar. Artistar som Hekla Stålstrenga og Kartellet Dansekompani er resultat av produksjonar på Kalottspel. Du får alltid ei god overrasking på festivalen!

– Kva er spesielt for Kalottspel i år? 

Årets Kalottspel er altså den tjuefemte i rekka. Programmet er som vanleg prega av Nordkalotten, og det kjem fleire finske og svenske artistar. Vi har ei storsatsing med nyproduksjonen Anføttes, der folkedans, idrettsleikar og elektronika møtast på jambyrdige vilkår – ein stor produksjon i samarbeid med m.a. Festspillene i Nord-Norge. Vi har kunstutstilling og bokslepp, begge med heilt lokale kunstnarar, og vi vidarefører satsinga vår på barn og unge. Kjernepublikummet vil kjenne igjen mykje, og programmet er fullstappa av kjende og ukjende artistar, alle av beste kvalitet!

Familiedag på Fossmotunet. (Foto: Odd Inge Larsen)
Dansefestane på ungdomshuset Bondeheimen understreker koplinga mellom Kalottspel og det gamle spelmannstreffet festivalen er tufta på. (Foto: Odd Inge Larsen)

 

– Kven er den typiske publikummaren på festivalen?

– Publikum er dei lokale frå bygda, dei som kjem heim for å få med seg festivalen, og dei som ønskjer å oppleve noko dei ikkje visste dei likte frå før. Det er dei som kjem frå fjern og nær i nord og sør av landet, for å oppleve musikken, dansen og den gode stemninga. Det er ein busslast med svenskar som kjem for å treffe kjentfolk, spele buskspel og «ha kul», og det er dei som kjem frå England eller Tyskland for å oppleve naturen og kulturen. Fellesnemnaren for publikummet vårt er at det er godtfolk.

– Kor mange konsertar er det på festivalen i år, og kor mange gjestar ventar de?

Vi har 16 offentlege konsertar i år. I tillegg kjem ein turné på eldresentera i bygda, og litt av kvart anna. Vi plar ha eit totalt publikumstal på rundt 2000, og håper å liggje rundt der i år òg.

Mellom festivalartistane på Kalottspel i år finn vi namn som Gjermund Larsen Trio, Ola Bremnes, Odd Nordstoga, Fotefar. Frå Sverige og Finland kjem den særeigne munnspelduoen Filip Jers & Jouko Kyhälä, og gruppa WAO som speler musikk av visesongaren Vilho Akseli Ollikainen. Festivalsjef Nina Fjeldet vil til slutt nemne at plenen på campingområdet på Rundhaug er nyklipt for innrykk av campingvognar og telt!

Øistein Hanssen speler lur under KulTur på Målselva 2015. (Foto: Odd Inge Larsen)