Gamalt og nytt, tradisjonelt og banebrytande, vart og heseblesande – på festival i hjartet av Telemark får du det meste.

Toppbilete: frå konserten med Ni Liv-vokalist Jon Solberg på Fjoset i Bø, Telemarkfestivalen 2015. (Foto: Øystein Akselberg)

I kjølvatnet av det vellukka hundreårsjubileet for Landskappleiken i Bø i 1988, bestemte ein gjeng i folkemusikkmiljøet i bygda seg for å arrangere festival. Det har dei gjort kvart år sidan, og onsdag 17. august brakar Telemarkfestivalen laus att.

– Kva er det mest unike med Telemarkfestivalen i floraen av norske folkemusikkfestivalar?

– Sjølve grunnlaget for norske folkemusikkfestivalane er vel gjerne dei heilt eigne tradisjonane innan musikk og dans som finst i nærområdet til festivalen. I så måte er Telemarkfestivalen unik ved at me tek sikte på å ivareta og utvikle folkemusikken og folkedansen frå Telemark, fortel festivalsjef Kristoffer Mosfjeld.

– Elles likar me å seie at Telemarkfestivalen er ein arena for all folkemusikk, både den folkelege, den tradisjonelle og den nyskapande. Publikum kan vente seg eit vel av musikalske uttrykk som spenner frå det vare, vakre og nære til det intense, medrivande og heseblesande. Breidda i årets program strekkjer seg frå ein stemningsfull konsert med Margit Myhr i Bø gamle kyrkje, til folkefest med dei spinnville amerikanarane Hayseed Dixie på Sandvin. Ein stad i midten har me eit tingingsverk frå komponist Martin Ødegaard, der det tradisjonelle møter det moderne – som eg synest òg er ganske beskrivande for Telemarkfestivalen generelt.

– Kva er spesielt for Telemarkfestivalen i år?

– Reint praktisk skillar årets festival seg frå fjorårets med at me har flytta oss to veker lenger ut i august. Den gamle soga om datokrasj med blues-storebror i Notodden gjorde seg gjeldande i år att. Men det vil seie at om lag 1500 studentar er tilbake i bygda etter sommarferien – me håpar og trur jo at nokon av dei vil vere interesserte i festivalen! Me har også utvida festivalen med ein ekstra dag – onsdag 17. august vert det festivalfråspark med framsyning av stumfilmen «Kristine Valdresdatter» med levande tonefølgje frå Anders Erik Røine, Marit Karlberg, Hans Hulbækmo og Magnus Nergaard. Elles meiner eg sjølvsagt at Telemarkfestivalen er heilt spesiell kvart år!

– Kven er den typiske publikummaren på festivalen?

I likskap med festivalsjefkollega Ulf-Arne i Ål, så trur eg ikkje det er særleg tenleg å snakke om éin type publikummar – folk frå alle samfunnslag, yrke og aldrar kjem på Telemarkfestivalen. Dette mangfaldet av publikummarar mistenkjer eg at har ein samanheng med mangfaldet av musikk i programmet. Det synest eg er fint!

Kjernepublikummet kjem nok frå Telemark, men i år har festivalsjef Mosfjeld fått telefonar frå både Japan og Canada med spørsmål om festivalen. Det kan tyde på at festivalen har fått merksemd også på andre sida av fylkesgrensa, som han seier det.

– Kor mange konsertar er det på festivalen i år, og kor mange gjestar ventar de?

Me har «røffleg» 35 arrangement med om lag 150 lokale, nasjonale og internasjonale utøvarar i sving. Det tilseier at årets festival vert ein av dei større utgåvene av Telemarkfestivalen me har hatt dei siste åra. Me håpar på 6000 besøkande i løpet av festivalhelga!

 

Tre gonger har Telemarkfestivalen arrangert parade med amerikanske bilar som spelemannen Anund Roheim tok med seg over Dammen til heimbygda. Her frå paraden i 2015. (Foto: Knut Utler)
Spelemann og eldsjel Tarjei Romtveit fylde 90 år og blei hylla med eigen konsert på Telemarkfestivalen 2015. Tradisjonelt spel og dans frå Telemark er ein viktig berebjelke i festivalen. (Foto: Knut Utler)

Mellom dei kortreiste tradisjonsberarane du kan sjå og høyre på Telemarkfestivalen i år, er Knut Buen, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Ottar Kåsa, Aasmund Nordstoga og Ingebjørg Lognvik Reinholdt. Mellom dei med litt lengre reiseveg finn me Knut og Ole Aastad Bråten, Marja Helena Fjellheim Mortensson, Sver og som nemnt den ferske kongepokalvinnaren Margit Myhr. I tillegg til framsyninga av den aller siste norske stumfilmen Kristine Valdresdatter frå 1930, blir den heilt nye dokumentarfilmen Kvar song ei soge vist, som tek for seg folkemusikk- og særleg kvedarmiljøet kring Møsvatn. Heile programmet finn du på telemarkfestivalen.no.