Søndag kveld vart det for andre gongen arrangert meisterkonsert med vinnarar av Landskappleiken og Landsfestivalen i Den Norske Opera i Oslo. Nok ein gong vart det ein festkveld for ein fullsett operasal.

Frå gammalt av er det tradisjon at det vert halde meisterkonsertar på kappleikar, der vinnarane spelar og dansar. Det skjer gjerne i idrettshallar og slikt, så det var stor stas for Folkemusikk- og Folkedans-Noreg då FolkOrg tok sjølvaste Operaen i bruk til meisterkonsert 20. november 2014. «Måtte det skje igjen!» sa stortingspresident Olemic Thommessen frå scena då – og no på søndag vart orda hans verkeleggjorde.

Fullsett operasal

Vinnarar frå Landskappeiken i Vågå og Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Gaupne i sommar fekk ei flott scene å syne seg fram på. Operasalen var fylt til randen med over 1300 tilskodarar. Konferansierar var Ole Aastad Bråten frå Fagernes og Sigrid Moldestad frå Nordfjord, og regien var i år som i 2014 ved hallingdansar og koreograf Silje Onstad Hålien.

Særleg godt representert på scena var Valdres og Gudbrandsdalen – så godt representert at NRK Hedmark og Oppland hadde bestemt seg for å strøyme heile meisterkonserten på nett-TV. På NRK P2 sende Folkemusikktimen den siste timen av meisterkonserten direkte, og programmet fekk samstundes markert at det fylde 85 år i år. Både Landskappleiken og Landsfestivalen markerte også jubileum, dei to mønstringane har høvestis 120 og 30 år på baken – så det var ein festkveld i jubilea sitt teikn i Operaen.

Folk var komne frå heile landet for å få med seg konserten, og konserten var utseld i god tid i førevegen. Dei kunne dei oppunder 40.000 lyttarane av Folkemusikktimen høyre på jubelbrølet som innleidde sendinga fem minutt over klokka 18. Applausen stod i taket regelmessig under heile konserten.

Meisterkonserten i Operaen var ein del av ei storslegen folkemusikkhelg i Oslo. Før i helga hadde bransjetreffen Folkelarm og Oslokappleiken vore halde, og under meisterkonserten vart òg Folkelarmprisane for året delte ut.

Operasalen var for andre gong heilt fullsett på FolkOrg sin meisterkonsert søndag kveld.
Nokre av dei beste spelemennene og dansarane i Noreg stod på scena i Operaen under meisterkonserten. Her speler Lendmenn for Stig og Kari Nilssen, vinnarar av pardansklassa på Landsfestivalen i år. Bakom står dei andre para som fekk pallplassering, f.v. Solveig Brekke Hauknes, Ole Nilssen, Stian Roland og Tone Voldhaug.

Desse opptredde på meisterkonserten i Operaen søndag 20. november 2016:

Vinnarar frå Landskappleiken i Vågå:
  • Vinnar av hardingfele kl. A: Ottar Kåsa
  • Vinnar av fele kl. A: Erlend Viken
  • Vinnar av vokal kl. A og kongepokal: Margit Myhr
  • Vinnar av langeleik jr.; Borghild Håvarsdotter Dalbø
  • Vinnar av langeleik sr.: Lise Lunde Brennhagen
  • Vinnar av andre eldre instrument sr.: Tom Willy Rustad
  • Vinnarar av dans hardingfele kl. A: Stian Roland og Tone Voldhaug
  • Vinnarar av dans fele kl. A: Ole Nilssen og Solveig B. Hauknes
  • Vinnar av halling kl. A: Sigbjørn Rua
  • Vinnar av lagdans sr.: Mamalooks
  • Vinnar av lagdans jr: Valdres FolkemusikkUNG
  • Vinnar av Open klasse: Raabygg
  • Fureprisvinnaren: Sivert Andreas Holmen
  • Vinnarar av dans hardingfele kl C: Knut Boksasp Berge og Birgit Haukås
  • Vinnar av fele kl. C: Marius Westling
  • Vinnarar av dans fele kl. D: Anne Grete og Rolf Bjørgan
  • Vinnar av lagspel jr.: Bergen Juniorspelemannslag
  • Vinnar av lagspel sr.: Gudbrandsdølenes Spelemannslag
  • Vinnar av spel hardingfele kl. D: Leif Rygg
Knut Boksasp Berge og Birgit Haukås frå Tinn spelemannslag, vinnarane av landskappleikklassa Dans hardingfele C i år.
Vinnarar frå Landsfestivalen i Gaupne:
  • Vinnar av fele/hardingfele sr.: Andreas Bjørkås
  • Vinnar av andre insturment jr.: Even Offerdal Bakken
  • Vinnar av gruppespel: Jutullaget
  • Dei 3 beste i pardans sr.: Kari og Stig Nilssen, Stian Roland og Tone Voldhaug, og Ole Nilssen og Solveig Brekke Hauknes
  • Vinnar av lagspel: Lom Spelemannslag
  • Vinnar av durspel sr.: Tom Kjetil Tørstad
  • Vinnar av lagspel durspel/trekkspel: Lom Toradergruppe
Jutullaget, vinnarar av gruppespelklassa på Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2016.

Toppspel på fele og hardingfele

Ein av dei som var på scena flest gonger, var Aslak Brimi frå Lom. Han spelte fele både med Lom spelemannslag og Gudbrandsdølenes spelemannslag, og vann to Folkelarmprisar: Med trioen Odde/Sulheim/Brimi vann han pris i tradisjonelt samspel for CD-en Atterljomen, og han vann òg den prestisjetunge prisen som årets folkemusikar. Kvelden i førevegen hadde han forresten vunne feleklassa på Oslokappleiken.

Hardingfeleentusiastane hadde mykje å gle seg over denne kvelden. Landskappleikvinnar Ottar Kåsa frå Telemark og fureprisvinnar Sivert Andreas Holmen frå Valdres spelte begge åleine på scena, og Kåsa spelte i tillegg for hallingdansmeisteren Sigbjørn Rua. Femdobbel landskappleikvinnar Jan Beitohaugen Granli frå Valdres var spelemann for Valdres FolkemusikkUNG og paret Stian Roland og Tone Voldhaug, som vann kvar sine danseklassar på Landskappleiken i år. Meir telespel fekk publikum av Lars Ingar Meyer Fjeld – som vann si klasse på Oslokappleiken dagen før – som spelte til C-klassevinnarane Knut Boksasp Berge og Birgit Haukås frå Tinn. Og frå Hordaland kom Bergen Juniorspelemannslag og hardingfelenestoren frå Voss, Leif Rygg – som òg fekk prata litt radiohistorie med Folkemusikktimens programleiar Leiv Solberg.

Flatfelespel fekk vi frå Oppdal med Andreas Bjørkås og Erlend Viken, og frå den svært talentfulle hamarsingen Marius Westling. Ole Nilssen og Solveig Brekke Hauknes, som vann A-klassa for dans fele, dansa pols til rørosingane John Ole Morken og Olav Luksengård Mjelva sitt spel. Den unge og lovande lomsspelekvinna Astrid Garmo akkompagnerte D-klassevinnarane Rolf og Anne Grete Bjørgan i ein parhalling.

Frå gammalt av er det tradisjon at det vert halde meisterkonsertar på kappleikar, der vinnarane spelar og dansar. Det skjer gjerne i idrettshallar og slikt.

Tre juniorvinnarar side om side på scena: Marius Westling (t.v.), Borghild Håvarsdotter Dalbø og Even Offerdal Bakken.

 

Gamle tonar og gammaldans

Vokalmusikken stod kongepokalvinnaren Margit Myhr frå Hallingdal for, som òg song to nummer med Kvedarkvintetten: som introduksjon til heile kvelden, og som akkompagnement til Mamalooks – jentegruppa med hallingdansarar som vann lagdans senior i år. Spel på eldre folkemusikkinstrument fekk publikum frå to langeleikspelarar frå Valdres, junior Borghild Håvardsdotter Dalbø og senior Lise Lunde Brennhagen. Multiinstrumentalisten Tom Willy Rustad spelte på den i dag lite brukte cisteren, eit gitarliknande instrument som var populært særleg i byane på 1700-talet.

Vener av trekkspel og gammaldans kunne òg gle seg over mykje. Lom toradergruppe, under leiing av drivkrafta Øystein Nicolaisen, imponerte som vinnarar av den nystarta landsfestivalklassa Lagspel durspel/trekkspel. Jutullaget og Lendmenn, to av Ottadalens fremste gammaldansgrupper, fekk ein òg høyre. Even Offerdal Bakken frå Lom spelte solo trekkspel, medan Tom Kjetil Tørstad frå Valdres synte fram toradaren som soloinstrument. Den særmerkte trioen Raabygg, vinnarane av Open klasse på Landskappleiken i år, må òg nemnast: Dei spelte gammaldansmusikk frå Setesdal og bygdene ikring på hardingfele, munnharpe og song – musikk ein sjeldan høyrer.