Folkemusikk 01/2015 er no ute hos abonnentane og til sals på Narvesen. Viss bladkiosken din ikkje har Folkemusikk – bed han om å ta inn bladet!

I Folkemusikk 01/2015 er ute kan du mellom anna lese om:

  • Folkemusikkterapi – korfor og korleis favorittmusikken din har lækjande eigenskapar
  • Geir Egil, Einar Olav og Gjermund Larsen – den spellemannprisvinnande spelemannsfamilien frå Innherred, og alt dei lærte av Hilmar Alexandersen
  • Astrid Sulheim – fastlegen i Lom som er ein av dei fremste felespelarane våre
  • Kjønnsbalansen i folkemusikken – betre enn rocken?
  • Øyvind Sandum – toradartornadoen som vil til botns i slåttespelet frå Lalm
  • Norsk Hardingfelesenter – frå Bø i Telemark til verda
  • Sølvsuper – Asgaut Bakken set solo slåttespel i (Oslo) sentrum
  • Bilete frå den magiske Meisterkonserten i Operaen

Bladet er til sals på Narvesen no! Her kan du tinge abonnement.

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten. Folkemusikk er i sal på Narvesen.