Folkemusikk markerte 75-årsjubileet sitt med dette spesialnummeret om Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk!

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten. Folkemusikk er i sal på Narvesen.