Kan ei datastyrt fresemaskin revolusjonere hardingfela? Kva er likskapen mellom spelemannslære og psykoanalyse? Korleis høyrest dansk folkemusikk ut? Korleis lagar du eit folkemusikkshow med over hundre deltakarar? Kva gjer Knut Hamre til ein så stor hardingfelepedagog, og kvifor er Agnes Buen Garnås ein så stor kvedar? I sommarnummeret av Folkemusikk kjem du nærare svaret på desse spørsmåla, og i tillegg kan du lese om trioen Vrang, brørne Hans og Rasmus Kjorstad, folkemusikkmiljøet i Oppdal – og mykje anna.

 

Bladet er i sal på utvalde Narvesen-utsal. Du kan også kjøpe bladet av FolkOrg – klikk her for meir info!

Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og blir lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Tidsskriftet og nettavisa er eigd av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans. Bladet er frittståande med eigen uavhengig redaktør og redigert etter redaktørplakaten. Folkemusikk er i sal på Narvesen.