Portrett, intervju, meldingar og reportasjer!

TILBAKE I MANESJEN: Etter ein folkemusikalsk pause på fleire år er Jon Anders Halvorsen attende – med det første soloprosjektet sitt. -Plata skal vere ei hyllest til dei eg lærte songar av i Telemark på 90-talet. Det var mange eldre folk – nokre av dei har eg kontakt med framleis, seier Halvorsen. Plata kjem på Etnisk Musikklubb. Sjå side 26.

SVEN NYHUS: Det heile starta med nøkterne kår, den sommaren han var åtte år. Sjølv var han gjetar. I dag kjenner vi han som byggmeistaren, som har reist fleire institusjonar, ein autoritet som har inspirert eit uttal utøvarar. Nyhus gjorde sentralt formidlingsarbeid for folkemusikken i NRK i 80-åra. Han var idol for svenske spelemenn. Og han har komponert rundt 100 slåttar, og spreidd dansemusikk med Sven Nyhus kvartett i over 40 år. Sjå side 18.

LIKAR IKKJE LAGSPEL: Jølstringen Sigmund Eikås (65) er hardingfelenestor i Sunnfjord, og er for mange også kjend som lagspelguruen som med myndig hand har leia Indre Sunnfjord Spelemannslag til topps på tallause kappleikar i snart 40 år. Og han har aldri likt lagspel. — Ja, det er kjekkast å spele åleine. Lagspel har aldri vore det viktigaste for meg. Møt mannen på side 34.

FOLKEMUSIKK FOR ALLE? Korleis legg Folkemusikk-Noreg til rette for dei som er glade i musikken og dansen, men som treng tilrettelegging for å ta del? Me har snakka med festivalar, utøvarar og organisasjonar om arbeidet med inkludering på feltet. Meir på side 10.

LEIAR: Finst det tema som det sjeldan blir forska på?Forskinga på folkemusikken skal ikkje berre vera eit spegelbilete, eit dokumentarisk tverrsnitt av levd liv eller ei hyggeleg attkjenning. Folkemusikkforskinga må i større grad stille spørsmål ved fenomen som vi ikkje likar, forstår, har sansen for eller kan forklare. Slik utvidar vi forteljinga om oss sjølve – forteljinga om den norske folkemusikken. Leiaren er på side 5.

***

Teikneserie, sladder, aktualitet, platemeldingar, i platehylla til Fiona Talkington, platedebuten til Leif Rygg, kommentar frå Dagfinn Nordbø, fagkronikkar og mykje, mykje meir!

 

Bladet Folkemusikk er det einaste landsdekkande bladet for folkemusikk og folkedans, og bli lese av musikk- og kulturinteresserte over heile landet. Bladet Folkemusikk er frå 2010 i sal på Narvesen.