Torsdag denne veka blir Anders Jahres kulturpris delt ut i Oslo. Andre minnesutmerkingar blir også delt ut i haust, og du kan vere med og velje kven to av dei går til.

Anders Jahres kulturpris 2017 til fem norske folkemusikarar

Sidan 1990 har Anders Jahres Humanitære Stiftelse, oppretta av skipsreiar Jahre sjølv i 1966, delt ut kulturpris. Mange musikarar har fått prisen gjennom åra, men i år er det første gong folkemusikarar får prisen – og første gong prisen går til ein dansar.

Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum, Knut Buen, Hallgrim Hansegård og Anbjørg Lien får prisen i år, for «fremragende kunstneriske innsatser, og bidrag til økt kjennskap og interesse for folkemusikk og folkedans», som Jahre-stiftinga skriv i grunngivinga si. Prisbeløpet er totalt kr 1,5 million, delt likt mellom dei fem vinnarane.

Vinnarane tek imot prisen i Universitetets Aula, Karl Johans gate 47 i Oslo, torsdag kl 18 denne uka. Det er gratis inngang for alle, og det blir eit fullstappa program med eit stjernelag av folkemusikarar og folkedansarar. I tillegg til prisvinnarane sjølve blir det innslag av Ingebjørg Bratland, Unge folkemusikere i Oslo, Leikarringen i BUL Oslo og fleie andre.

I fjor var det Kjersti Kindingstad Vågen frå Kvam som vann Audhild Flaktveit Moxnes' minnepris. (Foto: Erling Moxnes)

Anders Hovdes minnefond og Audhild Flaktveit Moxnes´ minnepris

To minneprisar blir i haust delte ut, til ære for to folkemusikarar som døydde altfor unge. Til begge prisane kan du vere med og nominere verdige kandidatar.

Audhild Flaktveit Moxnes var aktiv hardingfelespelar og folkedansar i Bergen. Ho omkom i ei trafikkulykke i 2004. Minneprisen som ber namnet hennar skal gå til ein lovande hardingfelespelar frå Vestlandet i C-klassealder, alder frå 12 til 18 år. Frist for å nominere kandidatar er 19. September. Du kan lese meir om minneprisen på denne nettsida.

Anders Hovde døydde av ein alvorleg sjukdom i 2000, og var aktiv medlem av Gjøvik Spelmannslag. Laget har særleg utmerkt seg gjennom å halde i live og spreie kunnskapen om bygging av eldre folkemusikkinstrument. Prisen skal gå til ein ung utøvar eller byggar innan eldre folkemusikkinstrument – «ung» definert til opp til ca. 30 års alder. Frist for å nominere kandidatar er 1. oktober, og du kan lese meir om minneprisen på denne nettsida.

Egil Storbekkens musikkpris 2017 til Bjørn Aksdal

Egil Storbekkens musikkpris er kvart år sidan 2006 blitt delt ut til ein som har bidrege til å fremje interessa for norsk folkemusikk, med særleg vekt på eldre folkemusikkinstrument. Mellom tidlegare vinnarar finn ein Geir Egil Larsen, Steinar Ofsdal og ekteparet Hulbækmo/Jacobsen, og det var ein verdig vinnar som i år kom på lista: Bjørn Aksdal.

Aksdal er i dag leiar for Norsk folkemusikklag, og er fast skribent og meldar i Folkemusikk. I omlag 30 år var han leiar for musikkseksjonen ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans i Trondheim, og i perioden har lagt ned eit stor arbeid for folkemusikkvitskapen og ikkje minst dei eldre folkemusikkinstrumenta. Dei siste åra har han særleg forska på langeleiken, og den norske lyra har han også bidrege til banebrytande ny kunnskap om. Ei rekkje bøker og artiklar gjer han til ein sentral motor i vitskapen om norsk folkemusikk. Sist var han også å sjå på reality-TV-serien Anno på NRK, der han som oldermann i instrumentmakarlauget viste fram korleis musikkinstrument kan bli til!

Prisen blei delt ut på Tolga, heimbygda til Egil Storbekken, laurdag 9. september.