Denne multimediale utgåva av Folksrevyen inneheld både tolv minutt radio og seks minutt fjernsyn, og vitjar Telemark, Dovre, Tolga, Skottland, Trondheim og Akershus.

Folkesong i Telemark festa til film

Filmen Kvar song ei soge er valt ut som éin av 12 norske filmar til den store dokumentarfilmfestivalen Eurodok på Cinemateket i Oslo, der han blir vist førstkomande laurdag 12. mars klokka 17:30. I filmen, regissert av Aaslaug Vaa med eit internasjonalt filmteam på laget, møter vi kvedarar i bygdene kring Møsvatn i Telemark.

– Filmen er ei forteljing boren fram av songane som blir sunge, i ei levande tradisjon og ikkje ein konsertsetting. Eg vil gjere sjåaren merksam på tradisjonen som finst og ansvaret vi alle har for å bere songtradisjonen vidare. Eg trur det blir sunge mykje meir enn vi veit! seier regissør Vaa til Folkemusikk.

Vaa står òg bak Facebook-sida Min folketone, her alle som ønskjer det kan bidra med sin eigen song. Mellom dei som alt har bidrege, finn vi Sigrid Rahnders-Person, Sigrid Kjetilsdotter Jore og Ellen Nordstoga. Facebook-sida og filmen er del av same prosjekt, fortel Vaa:

Vinterscene frå Møsvatn i filmen «Kvar song ei soge». (Foto: Virginie Surdej)
Scene med Hilborg Romtveit og Marthe Nordjordet i «Kvar song ei soge», som du kan sjå på Cinemateket i Oslo på laurdag. (Foto: Virginie Surdej)

– Filmen har som mål å få folk til å hugse kva ein sjølv har sunge og fått sunge for seg, og på Min folketone kan ein dele songar ein sjølv hugsar. Eg har møtt mange unge folk som har sett filmen og blitt rørde, fascinerte og nyfikne av han. Mange har ikkje visst om denne tradisjonen eller kjent til omfanget av han. Med filmen vil eg rette merksemda mot folkesongskatten vår utover miljøet der han alt er kjent, og få folk til å bruke han endå meir aktivt – i kvardagen og dagleglivet, som ein måte å handsame gleder og sorger. Som Hilborg Romtveit seier i filmen: «Kvedinga er ein ventil eg ikkje kan klare meg utan.»

Vaa er veldig glad for at ho endeleg får filmen sett opp på ein stor filmfestival. Filmen skal opp på nokre fleire festivalar i 2016, vonleg òg på ordinær kino når finansieringa kjem på plass til det. Men Vaa tilrår alle som kan å sjå filmen på Cinemateket i Oslo på laurdag:

– Tancred er den beste kinosalen i Noreg, med tanke på både lyd og bilete. Filmen har eksepsjonelle lydkvalitetar, og både på lyd og foto har eg franskmenn med, som ser både Noreg og folkesongen med eigne og nye auge.

Billettar til Kvar song ei soge er gratis, og kan hentast i billettluka på Filmens hus i Oslo fram til filmen byrjar. Men ver ute i god tid – det er «førstemann til mølla» som gjeld!

Dovresange på heimebane

21. februar kunne du sjå Bjørn Sigurd Glorvigen på TVØst, lokal-TV-kanal for Hedmark, Oppland og Nordre Buskerud. Det seks minutt lange klippet kan du sjå på YouTube, og her fortel Glorvigen om arbeidet hans med å gjere folkesongen på Dovre betre kjent.

– Dette er mitt bidrag til å lyfte Dovre-kulturen fram. Det er mange på Dovre som ikkje veit at han finst, fortel Glorvigen til TVØsts reporter Maurits Opsahl.

Glorvigen nemner at dei er mange som arbeider med å trekkje fram gamle songar frå Gudbrandsdalen om dagen, og trekkjer fram Camilla Granlien, Mari Midtli og Hilde Vehusheia. Han vektlegg òg skuleverket som viktig for å etablere kunnskapen om dei folkelege tradisjonane:

– Det er noko som heiter danning, og folkemusikken er ein del av det. Då eg vaks opp song me songar og folkeviser som «Og han Ola han gjekk ein tur opp i Gudbrandsdalen», «Einball og toball» og «Håvard Hedde». Eg trur dei gamle songane ofte blir valde bort i dag, fordi ein heller skal synge til YouTube. Det er fint med popsongar, men det er viktigare å ta vare på desse songane. Utan kulturen, språket, songen og musikken vår, det særeigne, arkitekturen òg – så er me ingenting.

Bjørn Sigurd Glorvigen (t.v.) med medmusikantane Ådne Svalastog og Bjørn Kåre Odde. Klikk på videoen for å sjå filmen med gruppa på TVØst.

Tone Hulbækmo med ny plate

Medan TVØst er på YouTube, er Sør-Trøndelags nærradiostasjon Nea Radio å høyre på SoundCloud. Nea Radio intervjua nyleg Tone Hulbækmo frå Tolga, i samband med at ho har sleppt si første plate på 17 år. På den heilt ferske dobbelt-CD-en «Stifinner» har ho komponert det meste av materialet sjølv.

I intervjuet fortel Hulbækmo om oppveksten med songglad mor og ei far som var organist og pianolærar. Ho fortel òg om korleis musikken hennar blir teke imot ute i verda, og om alt ho gjer for å kome seg ut av komfortsona. Ho speler mange instrument og nyttar stemma på mange måtar, frå høglydt kauking til kviskring.

– Etter eit langt liv må ein utfordre seg sjølv, konkluderer ho.

Klikk på «play»-symbolet på biletet til venstre for å høyre det tolv minutt lange intervjuet med Tone Hulbækmo.

Boreas gjer suksess i Skottland

Honndøl Britt Pernille Frøholm og vossing Irene Tillung er travle om dagen. I september sleppte dei plate både med trioen Maar og den skotsk–norske kvartetten Boreas. Boreas-plata Ahoy Hoy blei sleppt i Storbritannia i byrjinga av februar, med sleppkonsert på Celtic Connections i Glasgow. Den konserten var utseld mange veker i Førevegen, fortel Frøholm, som er svært nøgd med mottakinga frå det britiske publikummet.

– Dei fleste konsertane vi spelte der var utselde, og vi har fått mange og svært gode platemeldingar. Det er sjølvsagt moro, fortel ho.

Mellom dei som har gitt kvartetten gode meldingar, finn vi nettradiostasjonen Folk Radio UK og Tim Carrolls nettside FolkWords (klikk for å lese). Folkemusikkscena i Storbritannia er ganske annleis enn her heime, fortel Frøholm:

– Der er generelt fleire folkemusikarar og grupper, og folkemusikkomgrepet er noko større enn i Noreg. Det er òg meir profesjonalisert innan booking og promo, og med fleire profesjonelle scener. Eg har inntrykk av at folk der er meir vane med å gå på konsert.

Frøholm opplever at det er ganske ulike ideal for kva uttrykk publikum likar i Noreg og Skottland. Boreas har medvite jobba med uttrykket så det skal fungere like godt i begge heimlanda til gruppa.

– Vi har brukt ein del tid på å finne signaturen vår, eit musikalsk uttrykk som kan fungere i begge landa, samstundes som vi held på integriteten vår som musikarar og kan bidra med kvar våre beste sider, avsluttar Frøholm.

Boreas har no sleppt to musikkvideoar med låtar frå plata Ahoy Hoy. Den første, «North Sea Holes», blei sleppt mellom anna på folkemusikk.no i september. Den nyaste, til låten «Bjørnen/Facing the Bear» og regissert av Ruth Barrie, kan du sjå om du klikkar her.

Boreas speler huskonsert i Edinburgh 4. februar, som del av den vellukka Skottlands-turneen deira. F.v. Britt Pernille Frøholm, Lori Watson, Irene Tillung og Rachel Newton. (Foto: Sandy Watson)

Munnspelkurs i Trondheim

For sju år sidan arrangerte ein gjeng med munnspelentusiastar kurs i Naustdal, og det har blitt til ein årleg samling. Helga 15.–17. april blir det kurs og seminar i tradisjonsmusikk på munnspel på Sverresborg museum i Trondheim, i kurslokalet Skogheim.

– Munnspelarar frå Noreg og Sverige er invitert til ei helg med full konsentrasjon om det diatoniske munnspelet. John Erik Hammarberg frå Sverige er også i år instruktør, saman med Einar Eimhjellen og krefter frå det lokale miljøet i Trondheim, fortel seminarleiar Jan Krogstad i ei pressemelding.

Kurset er gehørbasert, og både for nybyrjarar og erfarne munnspelarar. Du må ha med eige munnspel i G for å vere med, og ta gjerne med eit A-munnspel òg viss du har det. Meir info om kurset får du ved å sende ein e-post til tradmunnspill@gmail.com.

Telemarkfestivalen klar med første artistar

Telemarkfestivalen i Bø, som i år går av stabelen frå 18. til 21. august, sleppte denne veka dei første namna til festivalprogrammet. Mellom dei som vitjar Sandvin i år, finn vi Ingebjørg Bratland, Sigrid Moldestad, Aasmund Nordstoga og SVER. Den unge og lovande lokale gruppa Ugras blir òg trekt spesielt fram av festivalen, med ei utvida bluegrass-besetning og inspirasjon frå folkemusikken i mange land. Noregsvenene Hayseed Dixie, som mellom anna har laga countryversjonar av Jokke og Valentinerne, kjem òg heile vegen frå Nashville, Tennessee for å lage folkefest i Telemark. Klikk deg inn på telemarkfestivalen.no for å lese meir om artistane som er klare, og for å sjå fleire artistar etter kvart som Kristoffer Mosfjeld og co. i Bø avslører dei.

Munnspelmiljøet i Trondheim arrangerer kurs helga 15.–17. april, med både lokale og internasjonale lærekrefter.

Folkemusikken opp og fram i Akershus

SAFFA, Samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus, har no fått musikken og dansen inn på kulturadministrasjonen sitt høyringsutkast til Kulturplan for Akershus 2016–2023. SAFFA har i mange år arbeidd med å auke merksemda på tradisjonsmusikken og dansen i fylket som omkransar hovudstaden.

– Det som no ligg føre, er berre resultatet av arbeidet vi har gjort overfor kulturbyråkratiet, fortel styreleiar i SAFFA Nils Seland til folkemusikk.no. – No er det politikarane som står for tur, for å få dei til å meina det same og til å løyva midlar. Reint generelt er det lite kunnskap om lokal folkemusikk og folkedans i regionen, og situasjonen er nok stort sett den same mellom politikarane. Men me har mykje godt stoff å «fôre» dei med.

Mellom politikarmaten SAFFA har laga, finn vi seks nye notehefte med lokal folkemusikk. Dei har òg utarbeidd ein informasjonsfoldar som viser den store breidda av kjeldemateriale som er registrert dei seinaste åra. I tillegg har Bygda Dansar-prosjektet i fylket, Akersarv, nyleg gått vidare til fylkesfinalen i Ungdomens Kulturmønstring (UKM).

Det var Marianne Tomasgård, nestleiar i SAFFA, som søkte om å få Bygda Dansar til Akershus. I 2013 fekk ho stønad frå RFF og Kulturrådet til «Bevaring, bearbeiding og tilgjengeliggjøring av folkemusikk og folkedans fra Akershus, med spesiell vekt på springdanstradisjonen». Dette arbeidet er grunnlaget for masteroppgåva Tomasgård no skriv ved Raulandsakademiet/Høgskolen i Sørøst-Norge. Tone Eidsvold har vore viktig som sparringpartnar og folkedanskonsulent i arbeidet hennar.

Ein viktig pioner for arbeidet til SAFFA var Olav Sæta, som tidleg på 1980-talet registrerte musikk frå Akershus ved Universitetet i Oslo. Han fann belegg for at musikken og dansen på Romerike, rett aust for Oslo, hadde sterke likskapar med bygdedans- og slåttetradisjonane sør i Hedmark. I Feleverket volum 4, for Hedmark, er slåttar frå Akershus med.

Sjølv om Akershus i dag ligg langt bak mange andre fylke når det gjeld kunnskap og verdsetjing av tradisjonell musikk og dans, har Seland trua på at dei kan få til mykje:

– Vi er så heldige i Akershus at vi har det mest velfungerande fylkesmusikkrådet i landet. Styret i Akershus musikkråd samarbeider tett med SAFFA, og har gått inn for å få tilsett ein fast medarbeidar med ansvar for folkemusikk og folkedans. Det å på sikt få på plass denne stillinga, er ein føresetnad for at vi skal kunne ha eit fungerande tenesteapparat for fagfeltet vårt i fylket, avsluttar Seland.

På saffa.no kan du no lese punkta frå høringsutkastet til ny kulturplan som tek for seg folkemusikken i fylket.