Norske mellomalderballadar: monumentalt verk ferdigstilt – folkemusikkprisar til Jensen, Nilssen og Ofsdal – nye reglar for Spellemannprisen omfattar folkemusikk – og litt av kvart anna.

Norske mellomalderballadar samla i tolv band

Denne veka har Nasjonalbiblioteket (NB) ferdigstilt dei fem siste av totalt tolv band i storverket Norske mellomalderballadar. I alt er banda på drygt 4000 sider, omlag like mange sider tekst og melodi. Det var Norsk visearkiv under leiing av Velle Espeland som tok fatt på det førebuande arbeidet i 1992, og i 2014 gjekk Norsk visearkiv og balladeprosjektet inn i NB. Arbeidsgruppa som har drive det krevjande arbeidet med å få gitt ut balladane, blei sett ned i 2010. Koordinator for arbeidsgruppa har vore Liv Kreken, forskingsbibliotekar og tidlegare styreleiar ved Visearkivet.

Verket inneheld alle balladar som har vore sungne i norsk tradisjon, fortel Kreken. Utvalet bygger på TSB-katalogen (The Types of the Scandinavian Medieval Ballad), eit katalogiseringssystem for nordiske balladar som blei publisert i bokform i 1978. Norske folkeminnesamlarar byrja å samle inn balladar på 1800-talet under nasjonsbyggingstida. Det er lite ein veit sikkert om den eldste balladetradisjonen, men dei eldste tekstane som vi framleis har, kan vere frå 1300-talet. Mellom dei mest kjende norske mellomalderballadane finn ein «Draumkvedet», «Bendik og Årolilja» og «Olav Liljekrans» – og songar som mange folk nok ikkje veit er balladar, slik som «Kråkevisa», «Jeg lagde meg så silde» og «Tordivelen og fluga».

Alle balladane kjem med grundige innleiingar om handling, bakgrunn og geografisk utbreiing. Alle balladetekstane, og fagtekstar og anna tilleggstoff, kan lesast på bokselskap.no, ei side som NB driftar. Sjølve boksleppet fann stad på Nasjonalbiblioteket i Oslo tysdag 22. november, og onsdag 23. november blei sleppet markert med konsert i Store Studio. KORK spelte og folkesongarane Kirsten Bråten Berg, Mari Midtli, Kim André Rysstad og Gunnhild Sundli song.

– Det var ein heilt fantastisk konsert! seier Kreken, som òg var NBs ansvarlege for førebuing og artistutval. – Tilbakemeldingane frå musikarane og frå KORK har vore svært gode. Alle syntest det var ein spennande måte å presentere mellomalderballadane på, med nyskrivne arrangement til alle balladane. At nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre var konferansier, sette ei gjæv ramme rundt konserten.

Konserten blir sendt på Hovedscenen på NRK2 søndag 11. desember.

Folkemusikkprisar utdelte

Sverre Laumb Jensen (biletet) har fått RFF-prisen for 2016. Han får prisen for sin innsats som instrumentbyggar, mellom anna har han rekonstruert fleire norske lyrar, harpar og langeleikar. Mange av desse har han sjølv spelt i dei viktige middelaldermusikkgruppene Kalenda Maya og Aurora Borealis. Jensens rekonstruerte Kraviklyre har blitt teken opp av så ulike musikarar som kvedaren Margit Myhr og Wardruna-frontfigur Einar Selvik. Prisen blei delt ut på Riksscenen under Folkelarm 18. November.

Steinar Ofsdal har blitt tildelt Hilmar Alexandersens musikkpris 2016, for sitt omfattande arbeid for norsk folkemusikk. Steinar er mellom anna leiar for folkemusikkstudiet på Norges Musikkhøgskole og kunstnarisk ansvarleg for Osafestivalen. Som musikar er han mest kjent som fløytist, men han speler òg hardingfele, cello, kontrabass og ei rekke andre instrument. Eit søk på namnet hans på tv.nrk.no syner litt av breidda i musikkformidlingsarbeidet hans – Ofsdal har fronta folkemusikk i barne-TV og i beste sendetid fredag kveld, og har laga spesialprogram innan mange musikksjangrar. Prisen blei delt ut på Hilmarfestivalen 2016, under den tradisjonsrike Spellmannsmønstringa på Dampsaga i Steinkjer fredag 11. november.

Ole Nilssen har fått Løten kommunes kulturpris 2016. Det var Amund Sigstad som føreslo Nilssen til prisen, og han omtaler Nilssen som ein «som representerer Løten på en svært god måte». Nilssen hadde eksamenskonsert på Norges Musikkhøgskole i Oslo i mai, der han spelte knappetrekkspel, einradar og toradar solo og saman med ei rekkje toppmusikarar – og ikkje overraskande for dei som var der, blei det toppkarakteren A. Prisen blir overrekt i eit eige arrangement til våren.

Sverre Laumb Jensen har fått RFF-prisen for 2016. (Foto: ukjend)
Nordic Noir - no også ei musikksjanger, som mellom andre Anne Hytta og Torgeir Vassvik kan reknast til, ifølge Devon Leger i Paste Magazine. (Skjermbilete: Pastemagazine.com, lenkje til artikkel i teksten)

Bygda Dansar i gang i Rogaland

Rogaland er ikkje det fylket ein forbind sterkast med folkedans, men dette kan endre seg dei tre neste åra. I ei pressemelding fortel Tove Solheim og Åshild Vetrhus ved Ryfylkemuseet at dei har arbeidd lenge med å få Bygda Dansar til fylket, og dei er svært glade for at prosjektet endeleg er i gang. Under Suldalshelga 11.–13. november gjekk startskotet. Prosjektkoordinator er Stine Trondsdatter, og prosjektmedarbeidarar er dei erfarne dansarane og danseprosjektarbeidarane Torill Steinjord og Elisabeth Ellingsen.

Ny, mørk nordisk folkemusikk

Den amerikanske musikkprodusenten og -skribenten Devon Leger skreiv tidlegare denne månaden ein artikkel i kulturmagasinet Paste magazine, der han trekker fram sju nordiske artistar som har ein sound han kallar Nordic Noir. Dette er vanlegvis namnet på nordisk krim i bok-, film- og tv-format, som har blitt svært populært over heile verda dei siste ti åra. Leger peiker på nordiske artistar som «gir eldgamle balladar nytt liv, tilsett ei kjensle for stilar i samtida», og nemner dei norske artistane Torgeir Vassvik og Frikar og Anne Hytta. I ein e-post til FolkOrg fortel at han henta inspirasjon frå CD-utgivinga deira FolkCD.no, ein promo-CD frå 2015 med eit utval norske folkemusikkartistar, som han fekk av FolkOrg på bransjetreffen Folk SPOT Denmark i august.

Master Class no for vokal

Master Class Hardanger (MCH) har gått føre seg i nokre år, der talentfulle hardingfelespelarar kan lære av nokre av dei beste spelemennene frå Hordaland. I 2017 blir ordninga utvida med vokal folkemusikk, og Berit Opheim er hovudlærar. Vokalistar over 16 år frå heile landet kan søke, og 1. desember er søknadsfristen.

Det er Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum som står bak MCH, organisert gjennom samarbeidsprosjektet deira hardingfela.no. Søknadane til MCH Vokal har allereie byrja å koma inn, og det ser ut til å bli rift om dei fem plassane, fortel Rannveig Djønne, prosjektkoordinator for hardingfela.no.

– Berit er ein av dei beste vokallærarane ein kan få. Det blir fantastisk at noko av tradisjonskunnskapen hennar frå Hardanger, Voss og Sogn blir ført vidare med nye stemmer! legg Djønne til.

 

Hordaland stør folkedansprosjekt

Rannveig Djønne kjem med ei anna gladnyheit: Hardingfela.no har fått løyva kr. 450 000 frå Hordaland Fylkeskommune til å starte opp den treårige dansesatsinga Folkedans i Hordaland. Med prosjektet ønsker ein å styrke samhaldet og samarbeidet i folkemusikk- og folkedansmiljøet i fylket, og å betre samarbeidet med kulturlivet elles i regionen, skriv dei på nettsida si.

Magni Rosvold ved Ole Bull Akademiet har i eit års tid arbeidd med eit forprosjekt, i samarbeid med Hordaland Folkemusikklag og Hordaland Ungdomslag. Fylkeskommunen meiner altså at grunnarbeidet er godt nok til at dei vil satse ei god slump pengar på å fremje folkedansen i fylket, noko Djønne seier er veldig inspirerande.

– No får vi høve til å løfte danseaktiviteten i fylket endå meir, i samarbeid med miljøa og ressurspersonane vi har her. Kanskje får me til nokre nye dansemiljø i fylket vårt etter kvart? legg ho til.

Berit Opheim skal vere leiar på Master Class Hardanger Vokal til våren. 1. desember er frist for å søke seg til ein av dei fem plassane på kurset. (Foto: Kjell Bitustøyl)
Endringane i Spellemannsreglementet for visekategorien har vore diskutert i media den siste månaden. Også for folkemusikk/tradisjonsmusikk skjer det omfattande endringar. (Skjermbilete: Ballade.no og Aftenposten.no, lenkje til artiklar i teksten)

Folkemusikk/trad i ny felles Spellemannsjury

Reglementet for Spellemannprisen endrar seg heile tida. Frå i år får kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk felles jury med kategoriane danseband, country, blues og viser. Hildegunn Olsbø, dagleg leiar i Spellemann AS, fortel om bakgrunnen for ordninga:

– Ein fagjury må vere godt samansett med tanke på geografi, kjønn, alder og kompetanse om ulike retningar innanfor kategorien. Kvart år har vi følt vi har starta opp med ideelle juryar, men så fell folk ifrå på grunn av sjukdom, inhabilitet og andre årsaker. Det kan ofte vere vanskeleg å erstatte disse med same type kompetanse og bakgrunn, noko som igjen kan føre til forringa juryar. Vi trur at ein større jury blir mindre sårbar for slike endringar. Ein kunne ha ønskt seg mykje større fagjuryar, men det er eit spørsmål om ressursar og administrasjonskapasitet.

Nytt i fjor, og vidareført i år, var at ein storyjury silar ut påmelde plater i alle kategoriar, slik at fagjuryane får om lag 20 plater i kvar sjanger å vurdere. For i fjor var det 51 påmelde plater i folkemusikk/tradisjonsmusikk, medan talet 2010–2014 har ligge på om lag 30.

– Fleire jurymedlemmer har meint at det har vore for mange påmelde i nokre kategoriar til at dei rekk å gå igjennom alt grundig nok, og storjuryen er eit svar på dette, fortel Olsbø. – Storjuryen ser på slikt som artistprestasjon, produksjon og lyd, musikalsk handverk, tekst og arrangement – og på heilskapsinntrykket. Om fagjuryen meiner storjuryen har silt vekk utgivingar som ikkje burde ha vore det, har dei moglegheit til å hente dei inn att. Storjuryen kan òg omplassere utgivingar – det er ikkje alltid lett å vite kva for kategori ein skal melde på ei plate i. Erfaringane våre med storjuryordning i fjor var veldig gode.

Særleg éi endring har vore mykje omtalt den siste månaden: Spellemannsstyret hadde vedteke at det for kategoriane «popgruppe», «popsolist» og «urban» skulle leggjast til grunn salstal – i tillegg til kvalitet – for at plater skal kunne vurderast for pris. For vurdering skulle ei plate ha «solgt/hatt listeplassering over et visst nivå (fortrinnsvis topp 100 albumliste norske utgivelser 2016)». Opphaveleg var «viser» òg lagt under den same juryen med det same kriteriet, før reaksjonar frå Kirkelig Kulturverksted og Norsk Viseforum førte til at viser blei flytta til ein annan jury. Vil dette kunne gjelde òg for folkemusikkategorien i framtida? vil vi vite.

– Det er umogleg å seie, svarar Olsbø. – Vi evaluerer Spellemann grundig etter utdelinga kvart år, og ser på korleis ting har fungert og kva reaksjonar vi har fått. Det er alltid viktig for Spellemann å lytte til dei ulike sjangrane sine eigne innspel i desse vurderingane. Ønsket om at ein «popsolist skal vere populær» for å kunne vinne pris, er noko vi har fått tilbakemeldingar om i fleire år. Eg vil legge til at Spellemann-styret i etterkant av debatten har omformulert reglane, slik at det kjem fram at ein i tillegg til sals- og strøymetal skal sjå på konsertverksemd – noko som òg i høgste grad reflekterer kva som er populært.