Ingunn Bjørgo og Åsmund Reistad har sleppt sin første CD som duo.

Det er torsdag 21. mai. Ingunn Bjørgo og Åsmund Reistad har gått av scena i multisalen på Asker kulturhus etter halvannan time. Sidan har dei sete lenge i foajeen utanfor og selt og signert CD-ar. Det er mange kjentfolk som vil ha ein prat med dei to – dei er på heimebane her. Til slutt pakkar dei saman salsdisken og har tid til en prat med Folkemusikk.

Folkemusikk: – Takk for ein flott konsert! Først må du, Ingunn, fortelje historia bak tittelen på plata.

Bjørgo: – Desse låtane er musikalske hugselappar for ting som har vore viktige for meg. I ein periode hadde eg masse gule lappar overalt heime. Der stod ting eg skulle gjere, ting eg måtte gjere, ting eg skulle bli betre til… Til slutt hadde eg gule lappar med oversikt over dei gule lappane mine. Ein dag sa ein god venn alvorleg til meg: «Du kan ikkje halde fram med alle desse gule lappane, Ingunn. No må du kaste dei, konsentrere deg og finne ut kva som er viktig for deg i livet.» Då byrja eg å komponere desse hugselappane.

Ingunn har sjølv vore alvorleg sjuk i mange år, noko lokalavisa Budstikka har skrive mykje om denne torsdagen. Litt i overkant mykje, synest Ingunn. No vil ho prate om musikken. Men litt mental- og sosialhygiene kjem vi ikkje unna.

Bjørgo: – Eg bruker alltid musikken til å filtrere ting. Eg har ikkje berre sete meg ned for å spele – eg har verkeleg gått inn i tankane og jobba meg gjennom ting. Dette er nok òg litt av grunnen til det er så mange rolege låtar på denne plata. «Huskelappen» er ein særleg sterk låt for meg. Det same er «Kjør» – særleg på ein dag som denne, når pressa har slått opp sjukdomen min slik ho har gjort: For meg er det viktig å køyre på, rett fram, eg kan ikkje tillate meg å henge meg opp i all støyen rundt. Eg har ikkje all energien som dei fleste andre har, eg må fokusere – samtidig er det jo mange som er i same situasjon som meg. Eg må heile tida minne meg sjølv på at det er musikken som betyr noko her i livet.

Folkemusikk: – Korleis blei det toradarspelar av deg i Asker, Ingunn?

Bjørgo: – Eg spelte klassisk trekkspel som barn. Firekorig fuge av Bach og slikt. Det var kjempekult, men ikkje veldig sosialt. Gjennom heile oppveksten deltok eg i NTLs distriktsmeisterskap – kvalifiseringa til trekkspel-NM – i orkester og som solist. Like etter vidaregåande stilte eg på distriktsmeisterskapen med toradar for første gongen. Det førte til at eg kom i kontakt med gammaldansmiljøa i Østfold og på Hadeland. Dei tok meg med til Bälgspel vid landsvägskanten på Ransäter og Titanofestivalen. Det var eit kultursjokk, men eg elska det frå første stund.

Folkemusikk: – Så noko gammaldansmiljø fanst ikkje her i Asker på den tida?

Bjørgo: – Gla’dansen, for dei som vil danse, har blitt arrangert i Asker i snart tretti år no. Men det mangla møteplassar for dei som ville spele. I 1997 starta eg gammaldansorkesteret AskerLadden, og det førte til at folk byrja å etterlyse eit miljø for samspel i Asker. Slik blei Asker Spell- og Danselag skipa, heime i stova til foreldra mine i 2003. Vi vaks raskt dei første åra, så det var tydeleg at behovet hadde vore der.

Folkemusikk: – Kva er mest utfordrande – å spele for folk som dansar eller for folk som sit stille?

Bjørgo: – Situasjonane er heilt ulike. For å ta konserten i kveld: Det er inga sjølvfølgje å spele for eit publikum som sit og lyttar så merksamt som publikummet her gjorde. Ei stund var det så stille at eg tenkte: «Keiar folk seg?» Du får ikkje dei same spontane tilbakemeldingane av eit sitjande publikum som du gjer av dansarar. Dansarar gir veldig klar tilbakemelding: Du merkar etter berre tre taktar om spelet ditt ikkje fungerer. Det er den største forskjellen – du treng aldri lure på kva dansepublikummet tykkjer.

Folkemusikk: – Du fortalde ei artig historie om låten «Null-null-en»: Du hadde kalla han for ein finnskogspols under ein konsert, og det hadde ein tradisjonsberar frå Finnskogen reagert sterkt på…

Bjørgo: – Ja. Eg har jo forsøkt å lære meg å spele i forskjellige dansetaktar. Når ein er frå Asker, har ein ikkje ein bestemt tradisjon å gå inn i. Så då vel eg låtar eg synest er fine. Det er vanlegare her i landet å spesialisere seg i éin tradisjon – for meg er ikkje det naturleg. Dessutan, når ein bur i ein smeltedigel som Asker, så nyttar det heller ikkje å gjere det. Eg kunne ikkje ha spelt til dans i Asker viss eg til dømes berre hadde spelt valdresspringar – her bur folk frå heile landet.

Folkemusikk: – Kor ofte kan ein danse folkedans i Asker no om dagen?

Bjørgo: – Gla’dansen er éin onsdag i månaden i vinterhalvåret. Her spelar eg ofte i duo med Harald Velsand. Asker spell- og danselag arrangerer Svingom på Asker museum tre gonger i halvåret, og elles spelar laget på NaKuHel på Sem og andre stader. Spelemannsparet Tonje Lien Barkenæs og Stein Magne Eggen har nett flytta til Asker, så dei speler òg jamt til dans. Dei er òg trekte inn som instruktørar i Spell- og danselaget. Vi held i gang eit miljø – draumen er ein folkemusikkpub i Asker! Det kan til dømes skje her, på kulturhuset. Vi får sjå.

Ingunn Bjørgo og Åsmund Reistad har spelt saman i mange år. Plata "Huskelappen" er den første plata deira som duo, og det blir neppe den siste. (Foto: Ingvil Skeie Ljones)

«Til slutt hadde eg gule lappar med oversikt over dei gule lappane mine.»

Ingunn Bjørgo

 

 

Frå platesleppkonserten på Asker kulturhus torsdag 21. mai.

Folkemusikk: – Du, Åsmund, er vaksen opp på Rykkinn. Korleis fekk du interesse for folkemusikk?

Reistad: – Det var etter at eg hadde flytta til Oslo og byrja å studere musikk på universitetet. Vi drog på vekeskurs til Ole Bull Akademiet på Voss, og der opplevde eg slåttespel i levande live for første gongen. Mellom dei som spelte for oss var Leif Rygg, Hans W. Brimi og Nils Økland. Nils hadde òg eit samspelopplegg med oss. Han lærte oss slåttar som vi spelte på våre eigne instrument, anten det var obo, piano eller el-bass – det siste var instrumentet mitt på den tida. Dette var kimen til starten på Chateau Neuf Spelemannslag. Vi var ein gjeng som kom tilbake frå opphaldet på Voss og ønskte å halde fram med å spele folkemusikk på instrumenta våre. Ingen av oss hadde peiling på folkemusikk frå før av – vi fekk inn instruktørar som lærte oss fleire slåttar og lærte oss å danse. Ein av desse var Tellef Kvifte, som etter kvart blei vanleg medlem i spelemannslaget. Elles har eg spelt klassisk gitar sidan eg var tolv år gamal, og eg har i stor grad bytta ut el-bassen med kontrabass – det fungerer som regel best med akustiske instrument i folkemusikken.

Folkemusikk: – Korleis kjenner du på det å vere frå drabantbyen og spele instrument som er litt på sida av den norske tradisjonen?

Reistad: – Eg har tulla mykje med det at eg er frå Rykkinn og driv med folkemusikk – det høyrer jo ingen stad heime. Eg kjem utanfrå, og eg kjenner meg ikkje som nokon tradisjonsberar. Det er uproblematisk. Det viktige for meg er å drive med den norske folkemusikken fordi musikken er så fin. Eg set stor pris på å høyre spelemenn som speler tradisjonelt, men har aldri sjølv hatt ambisjonar om å hevde meg i Landskappleiken, til dømes. Det er ikkje det eg driv med.

Folkemusikk: – Har du, Ingunn, delteke på kappleik?

Bjørgo: – Ja, eg deltok ein gong som solist på Landsfestivalen. Det var fordi det gjekk ein faen i meg – einkvan sa til meg at det ikkje var nokon vits at eg, som var frå Asker, deltok. Slikt må du ikkje finne på å seie til ein som er frå Asker.

Folkemusikk: – Du heiter jo Bjørgo, kan jo berre legge om dialekten…

Bjørgo: – Nettopp. I dei innleiande rundane spelte eg berre Oddvar Nygaard-låtar. Men då finalen kom, spelte eg berre Ingunn Bjørgo-låtar. Eg kom på ein heiderleg andre plass. Askerladden har ein tredje plass frå gruppespelet på Landsfestivalen. Men eg seier som Åsmund: Eg trur ikkje eg er nokon tradisjonsberar, og har ingen ambisjonar i den retninga. Å spele på kappleik var ein veldig fin måte å bli kjent med miljøet på. Idet du har stått på scena, så byrjar folk å prate med deg. Eg er ikkje så tøff i trynet at eg berre ville ha prata med all slags folk der viss eg ikkje hadde spelt først. Sidan har eg vore torarar- og trekkspeldommar på mange kappleikar – det synest eg er utruleg morosamt.

«Det er nok ein fordel for oss at eg ikkje veit kor vanskeleg det er å spele toradar. Eg tek ikkje slike omsyn.»

Åsmund Reistad

 

 

Ingunn Bjørgo har skrive alle melodiane på "Huskelappen", medan Åsmund Reistad har skrive alle arrangementa. Det er ei rollefordeling dei begge er nøgde med. (Foto: Ingvil Skeie Ljones)

 

 

Konkurranse!

Folkemusikk har fått fem eksemplar av Bjørgo & Reistad sin nye CD Huskelappen. Eitt av eksemplara kan bli ditt, viss du svarar på spørsmålet:

Nemn ein musikar, utanom Ingunn Bjørgo eller Åsmund Reistad, som har budd i Asker eller Bærum.

Skriv svaret ditt i ein e-post til audun(krøll)folkemusikk.no innan 1. juni 2015 og bli med i trekninga!

 

Folkemusikk: – Tilbake til plata de har sleppt i dag. Kor lenge har de jobba med henne?

Reistad: – Innspelinga byrja for eit år sidan. Men det musikalske uttrykket, som duo, har vi jobba fram over ein periode på fem–seks år. Ingunn skriv melodiane, og eg arrangerer – det er ein veldig klar og veldig god rollefordeling. For meg er det iallfall veldig inspirerande.

Bjørgo: – For meg er det òg svært inspirerande – det å vite at eg har nokon å skrive låtane til. Det er morosamare enn å skrive ein låt berre for seg sjølv. Og det er jo ikkje slik at Åsmund aksepterer alt eg skriv – eg har fått fleire låtar i retur. Ekstra moro er det når Åsmund kjem med eit nytt riff på gitar og spør: «Får du til å spele dette på toradar?» Som regel får eg då først hakeslepp – «Er du seriøs no?» Men etter litt forsking finn vi gjerne ut at jo, det er faktisk mogleg å gjere det på toradar. Vi har brote mange barrierar for kva eg trudde gjekk an å spele på toradaren.

Reistad: – Det er nok ein fordel for oss at eg ikkje veit kor vanskeleg det er å spele toradar. Eg tek ikkje slike omsyn.

Bjørgo: – Eg synest ikkje nødvendigvis at låtskrivaren skal lage arrangementa. Det er viktig å utvide horisonten for kvar låt.

Reistad: – Eg føler at vi utfyller kvarandre veldig bra. Ingunn skriv fantastiske melodiar, og samtidig responderer ho veldig bra på mine arrangement. Eg veit at det alltid er mykje uprøvd, og Ingunn prøver alltid, er alltid positiv til det eg har gjort med ein låt. Det er ein god arbeidsprosess.

Folkemusikk: – Eg ser for meg at Boss Loop Station, som du brukte mykje på scena i kveld, til å loope eigne gitarlinjer og spele nye oppå, ikkje er eit verktøy du bruker i så mange andre folkemusikksensemble…

Reistad: – Nei. Den kjøpte eg etter at denne plata var ferdig innspelt, med tanke på å spele live alle dei ulike gitarelementa eg hadde lagt på i studio. Det var andre gongen eg brukte han live i dag.

Folkemusikk: – Så no er de klare for ein liten platesleppturné.

Bjørgo: – Ja, vi skal spele på ganske varierte stader. Både pub, grendehus og festival – vi speler laurdagen på Jørn Hilme-stemnet på Fagernes. Det plar vere god stemning der, og det blir spennande å komme inn med musikken vår der. Det gler eg meg veldig til. Eg har spelt mykje til dans på Hilme-stemnet, både med Askerladden og med lokale Valdres-orkester. Det er ei eiga stemning der – det er bra i år at stemna er slått saman. Slik får folk som til vanleg er på Landskappleiken sjå kor bra Hilme-stemnet er!

Folkemusikk: – Så du har ein tilknyting til Valdresmiljøet òg?

Bjørgo: – Ja visst. Onkel Jan på Bjørgo er ein av dei som sit ute i hagen og speler trekkspel heile tida. Slikt gjer vi ikkje i Asker – det var sterkt for meg som ung å komme til ein stad der trekkspelet var ein naturleg del av nabolaget. Etter kvart byrja eg å spele med han, lære meg tradisjonslåtar, og sidan har eg hatt tradisjonsstipend i Valdres saman med Bente Midtsveen. Vi reiste rundt og vitja Halvard Skrindsrud og andre trekkspelarar i Valdres. Det var utruleg lærerikt, og vi fekk høyre at dei òg har hatt det tøft som trekkspelarar – dei har levd i skuggen av hardingfelespelarane. Det er mykje flott runddansmateriale frå Valdres, som ofte ikkje er så kjent – låtar som òg hardingfelespelarane kan. Eg har ikkje sleppt denne musikken – eg håpar eg får spele meir av han. Bjørgo og Reistad har vore eit altoppslukande prosjekt, og vi har tenkt å halde fram, vi. Men det kjem andre prosjekt òg.

Folkemusikk: – Takk for intervjuet! Siste obligatoriske spørsmål: Asker og Bærum – by eller bygd?

Bjørgo: – Altså, kjem du hit til Asker og seier vi er by, så protesterer vi. Asker er ei bygd, ferdig med det! Vi har ei sterk bygdekjensle i Asker. Enkelte planleggjarar seier at vi snart må innsjå at vi er by – men ikkje søren.

Reistad: – Eg er kanskje ikkje rette personen å spørje, fordi eg ikkje har budd i Bærum på tjue år. Men viss noko er by i Bærum, så er det vel Sandvika. Resten er bygd, vil no eg seie. Rykkinn er så visst bygd – ei drabantbygd, kanskje?