Geir Egil Larsen og dei to spelemannprisvinnande sønene hans, Einar Olav og Gjermund, er samla i stova på heimgarden for ein prat.

Folkemusikk er på vitjing heime hos Geir Egil og Maj Brit Larsen i Flåttaenget i Verdal. Her har ein ikkje før kome inn døra, før ein blir møtt av folkemusikktradisjonen. Veggane er dekte med plakatar, diplom og utmerkingar frå ulike arrangement og musikalske tevlingar som familiemedlemmane har vore med på.

Også sønene Einar Olav og Gjermund har tatt turen heim i dag. Einar Olav bur i kårstova på garden, medan Gjermund bur ein liten biltur heimanfrå. Det er ikkje ofte at dei to sønene er heime på garden samtidig – musikken krev sitt på kvar sin kant – så dette er eit sjeldan treff i den aktive folkemusikkfamilien.

Ein kan trygt slå fast at Geir Egil og Maj Brit har lukkast med den folkemusikalske oppsedinga – både Einar Olav og Gjermund har gjort fela til leveveg. Det seier også noko om interessa for tradisjonsmusikken i Verdal og på Innherred.

– Vi er heldige som er ein del av folkemusikkmiljøet her i Verdal. Det er eit unikt miljø, seier Geir Egil, medan Maj Brit kjem inn i finstova med kaffi, smørbrød og eplekake.

Geir Egil Larsen på Midtvintersdansen i Verdal 2004, festivalen han starta opp og som framleis samlar unge folkemusikarar frå heile Norden. (Foto: Kjell Bitustøyl)
Geir Egil Larsen (f. 1944)
  • Folkemusikar og folkedansar frå Verdal.
  • Gjekk i spelemannslære i fiolin og fele hos Hilmar Alexandersen. Sjølvlært på ei rekke blåseinstrument.
  • Rektor ved Verdal kulturskole frå 1983 til 1993. Sidan kulturskolelærar i fele. I dag pensjonist.
  • Aktiv som kurshaldar i musikk og dans, kordirigent, programskapar i NRK og plateprodusent og -musikar.
  • Har mottatt ei rekke prisar for innsatsen sin, mellom anna Kongens fortenestemedalje i 2013.

Musikk på verdalsmål

Sønene til Geir Egil fekk tidleg kjennskap til det lokale slåttspelet på verdalsmål og innherredsdialekt. Pappa sørgde for det. Geir Egil fortel levande om sine første møte med lokale spelemenn som Helge Dillan, Olav Indal og – ikkje minst – Hilmar Alexandersen frå Steinkjer. Alexandersen vart etter kvart den fremste tradisjonsberaren av denne musikken. Han formidla mellom anna polsdans med røter tilbake til 1700-talet.

Geir Egil vart personleg kjent med Alexandersen i 1968. Dei neste 25 åra vart det mange møte og mykje kaffiprat mellom dei to. Det vart også konsertar, radioprogram for Folkemusikkhalvtimen og LP-innspelingar.

– Eg gjorde mange opptak av Hilmar og andre tradisjonsmusikarar frå Innherred, seier Geir Egil. – Eg såg at slåttespelet frå Verdal hadde vore lite påakta og var i ferd med å bli borte, og kjende eit ansvar. Eg tok initiativ til eit viktig samarbeid mellom Hilmar og det lokale gamaldansorkesteret P.A. Røstads orkester. Etter kvart tok også sønene mine tak i og vidareførte denne musikken.

– Eg òg fekk bli kjent med Hilmar, heldigvis, seier Einar Olav. – Sjølv om eg berre var gutungen da eg trefte Hilmar, hugsar eg godt atmosfæren heime hos han.

Gjermund hugsar han også.

– Hos Hilmar fekk eg ei kjensle av å vere del av eit miljø. Her opplevde vi å kjenne på den heilskapen som skal til for å formidle ein stor musikktradisjon. Vi fekk sjå og høyre det på nært hald, store ting å ta med seg vidare i livet som spelemann, seier veslebroren.

Geir Egil Larsen og Hilmar Alexandersen heime hos Hilmar 1. mars 1985. Fotografiet blei først brukt på omslaget til Geir Egils LP «Fløytlåt og dansarslått», der Hilmar bidrog på fleire spor. (Foto: Roald M. Veimo)
Geir Egil har blitt pensjonist, men korkje fela eller musikkundervisninga har han lagt på hylla. Her instruerer han borna i Verdal juniorspelemannslag desember 2014.

Sjangeroverskridande

Einar Olav og Gjermund Larsen er i dag to av dei viktigaste berarane av tradisjonsmusikken frå Innherred. Seinast komponerte Gjermund tingingsverket til Oslo kyrkjemusikkfestival i 2015, der han skreiv musikk som blanda folketonar etter Hilmar Alexandersen med salmetonar. Gjermund Larsen Trio og den svenske gruppa Nordic stod for framføringa.

– Mest alt vi gjer har utgangspunkt i tradisjonen etter Hilmar og slåttespelet på Innherred, seier Gjermund. Einar Olav held fram:

– Denne musikken er ei fantastisk kjelde til inspirasjon. Det er ei glede å få vidareføre og fornye han.

Etter vidaregåande studerte Einar Olav ved Ole Bull Akademiet på Voss. Deretter budde han eitt år i Oslo og eitt år i Stockholm, før han flytta heim. I dag har han som musikar mange bein å stå på. Han har ei lita stilling som lærar ved kulturskulen i Verdal, men lever godt som utøvande musikar.

– No bruker eg mykje av tida mi med Einar Olav Larsen trio og i samspel med Gjermund. I tillegg spelar eg med gamaldansorkesteret P.A. Røstads, seier han. – Det er mange prosjekt å vere med på, og det er morosamt å prøve nye ting.

Gjermund etterfulgde storebroren som student på Ole Bull Akademiet. Frå Voss reiste han til Oslo, der han gjekk Musikkhøgskolen i seks år. Til diplomeksamen i 2008 samarbeidde han med Trondheimsolistene, noko som gav meirsmak og var starten på eit fruktbart samarbeid. I første omgang resulterte det i to amerikanske Grammy-nominasjonar for albumet In Folk Style i 2010.

Gjermund og Einar Olav Larsen er ikkje så opptatt av skilja mellom folkemusikken og andre musikksjangrar. Gjermund lagar ofte musikk som er sjangeroverskridande, som til dømes med albumet Trønderbarokk som han gav ut saman med Einar Olav og Trondheimsolistene i 2014. Her lar brørne folkemusikken og slåttespeltradisjonen få bryne seg mot barokkmusikken.

– Med Trønderbarokk viser Trondheimsolistene at dei er langt meir enn eit strykekomp, smiler Gjermund. Ramma for Trønderbarokk er tingingsverka Gjermund komponerte til Osafestivalen i 2010 og til Førdefestivalen i 2012. Trondheimsolistene har vore med på laget heile vegen, noko Gjermund er særs takksam for.

Einar Olav (t.v.) med det norsk-finske bandet Frigg, der Gjermund òg har vore medlem. (Foto: Shetland Folk Festival)
Einar Olav Larsen (f. 1979)
  • Eldste son av Geir Egil og Maj Brit Larsen.
  • Fekk tradisjonell opplæring i slåttespelmiljøet på Innherred; først heime, så i møte med spelemenn i Verdals-distriktet – spesielt Hilmar Alexandersen. Studerte sidan folkemusikk ved Ole Bull Akademiet.
  • Vann gruppespel fele på Landskappleiken tre år på rad i tospann med Gjermund (i 2000, 2001 og 2002). Har mottatt ei rekke prisar og stipend.
  • Spelar mellom anna i Einar Olav Larsen Trio, To Damer To Herrer (brørne Larsen og søstrene Hemsing) og gamaldansorkesteret P.A. Røstads. Bidrar i bror Gjermunds samarbeid med Trondheimsolistene. Er også mykje nytta som solist.

Einar Olav (t.v.) og Gjermund Larsen på Distriktskappleiken på Lillehammer i 1989. (Foto: Trond Ole Haug)
Gjermund Larsen (f. 1981)
  • Yngste son til Geir Egil og Maj Brit Larsen.
  • Studerte folkemusikk ved Ole Bull Akademiet. Vart den første til å ta diplomeksamen i folkemusikk på vanleg fele ved Norges musikkhøgskole i 2008.
  • Er ofte nytta som solist for kor og orkester, og har komponert ei rekke bestillingsverk for norske festivalar.
  • Har mottatt Spelemannprisen fire gonger. Saman med Trondheimsolistene vart han nominert til Grammy for plata «In Folk Style». Vart den yngste vinnaren i historia i A-klassa på Landskappleiken 2002. I 2005 fekk han kongepokalen som beste utøvar på fele.

Høyr musikk:

Slåttify: Larsen Spesial – Einar Olav Larsen har laga denne spelelista med musikk som representerer Larsen-familien og familiearven dei har etter storspelemannen Hilmar Alexandersen.

 

Vegen til Sverige og Finland

Praten går lett, vi får påfyll av kaffi og kake. Geir Egil tar oss med tilbake til 1835, da Jämtlandsvegen vart opna. Jämtlandsvegen er ferdselsvegen frå Verdal til Jämtland og har jamt tilført verdalsmusikken nye impulsar. Vegen går like forbi heimen til Larsens på Flåttaenget, og for familien er vegen også ein kulturell veg. Dei har alltid sett på det nordiske folkemusikkmiljøet som ein heilskap.

Eit godt eksempel på dette er Midtvinterdansen, ein årleg musikkfestival for barn og unge i Verdal. Geir Egil er festivalsjef, og Einar Olav og Gjermund har i alle år spela ei viktig musikalsk rolle.

– Verdal er grensekommune mot Åre og Jämtland. Det er Jämtlandsvegen austover som på mange måtar er døropnaren for Midtvinterdansen. Festivalen har utvikla seg frå å vere eit lokalt helgekurs til å bli ein nordisk folkemusikkfestival for barn og ungdom, fortel Geir Egil. Han held fram:

– Heilt avgjerande er kontakten vi har hatt med bygda Kaustinen i Finland, særleg felespelaren Mauno Järvelä og familien hans. Det har resultert i ein jamleg kontakt mellom felespelande barn og unge frå Kaustinen og Verdal.

Blant desse felespelande unge finn vi Gjermund og Einar Olav frå Verdal, og Esko og Antti Järvela frå Kaustinen – som er høvesvis sonen og nevøen til Mauno Järvela. Dei fire starta den finsk-norske folkemusikkgruppa Frigg, som Einar Olav framleis spelar med i dag.

– Sjølv om forankringa i musikken vår alltid vil vere i slåttespelet og den musikalske tradisjonen på Innherred, er det viktig å heile tida søke nye impulsar. Vi har fått veldig mykje ut av å arbeide med svenske og finske folkemusikarar, seier Gjermund.

– Vi er ein generasjon som gjer mykje forskjellig, og det trur eg er bra, held Einar Olav fram. – I vårt miljø er det ikkje viktig å bli sett i bås. Vi snakkar alle same musikalske språk når vi kjem opp på eit visst nivå.

Gjermund følgjer opp:

– Musikken må vere levande, skal han vere interessant. Vi vil presentere han i nye former.

– Den autentiske tradisjonsmusikken har alltid utvikla og endra seg, skyt far Geir Egil inn.

Speling året rundt

Det var tilfeldig at fela vart instrumentet til Larsen-brørne. Geir Egil var kulturskulerektor i Verdal, og for å forsvare undervisningstilbodet i fele økonomisk trong han nokre fleire barn til å spele instrumentet. Dette var i 1985 – Einar Olav var seks år gamal då han fekk prakka på seg fela av faren. Ikkje lenge etter skulle Gjermund følgje etter.

– Det måtte vere året etter. Eg gjekk og kjeda meg, og pappa lurte på om eg ville prøve å spele fele, og det ville eg. Dermed var det gjort, seier Gjermund.

Både Einar Olav og Gjermund byrja raskt å ta instrumentet og musikken alvorleg. Einar Olav byrja å opptre med fela samstundes med at han starta på skulen.

– Eg trur eg hadde mi første offentlege speling da eg var sju år. Det balla fort på seg, ikkje minst på grunn av alle prosjekta som pappa var med på. Eg var mellom anna med i fjernsynsprogram som Atte Katte Noa og Kompet går. Det var store opplevingar for ein ung gut frå Verdal, og verdifull erfaring. Sidan 12-årsalderen spela eg jamleg til dans. Det har aldri vore noko behov for sommarjobb for min del – speling har vore tingen, året rundt, seier Einar Olav.

 

Hilmar Alexandersen er familien Larsens musikalske gudfar.Bilethoggar Svein Tore Kleppans statue av Hilmar står framfor kulturhuset Dampsaga i Steinkjer og blei avduka under Hilmarfestivalen 5. november 2014. (Foto: Audun Stokke Hole)
Einar Olav (t.v.), Geir Egil og Gjermund Larsen på tunet på heimgarden i Flåttåenget i Verdal.

– Einar Olav komponerer musikk, han òg, skyt pappa Geir Egil inn.

Til det svarar Einar Olav at han først og fremst ser på seg sjølv som ein spelemann.

– Eg likar særleg godt å spele med på komposisjonane til Gjermund, seier storebror. – Gjermund og eg utfyller kvarandre.

Einar Olav og Gjermund er begge travle småbarnsforeldre. Likevel ligg dei ikkje på latsida i tida som kjem. Gjermund skal i 2015 først og fremst vere aktiv med Gjermund Larsen Trio.

– Vi arbeider for å marknadsføre oss i Tyskland, der vi tenkjer å satse framover. Elles har eg nokre andre spennande ting på gang seinare i året, både som komponist og musikar.

Einar Olav vil halde fram med å veksle mellom ulike prosjekt.

– Eg håpar å få gjere meir med Einar Olav Larsen Trio. Og det er alltid morosamt å spele gamaldans i P.A. Røstads orkester. Vi er jo del av eit felemiljø der gamaldansen står sterkt, i tradisjonen etter karar som Aasmund Bjørken, P.A. Røstad og Olav Indal.

Kva så med faren? Geir Egil er pensjonert frå musikkskulen, men underviser framleis barn og unge på samlingar. Han spelar ei lang rekkje blåseinstrument, mellom anna den særmerkte lokale meråkerklarinetten. Sidan ungdommen har han òg vore aktiv folkedansar, han har halde ei mengd kurs og dansa på mang ein kappleik. Men kva med dansen no når Geir Egil har passert sytti år?

– Artig at du spør, sidan eg faktisk er nyoperert i hofta, smiler han.

– Eg håpar å vere på dansegolvet igjen så snart som mogleg. Eg vil ikkje slutte å danse før eg må!

Denne artikkelen stod først på trykk i Folkemusikk nr. 1/2015.