Fiffig krossklipping.

Henning Sommerro er kan hende ein av dei mest allsidige komponistane vi har. Han har prøvd seg i dei fleste musikalske båsane, utan å retteleg feste seg i nokon av dei. Han har vore alt frå norsktopp-artist til modernist over ein periode på vel førti år. På denne nye plata har han sloppe seg laus som folkemusikkarrangør, i samspel med Per Sæmund Bjørkum på fele og Jon Faukstad på trekkspel.

Bjørkum og Faukstad er solistar, i samarbeid med eit elleve mann stort strykeorkester, medrekna Sommerro sjølv på Cembalo. Cembaloen skapar ei lenke til barokken, ein epoke folkemusikken her i landet skuldar ein god del. Samstundes understrekar bruken av cembalo at plata er full av barokke innfall. Plata inneheld to suitar, kvar på fem satsar.

Ideen bak plata har vore å presentere eit «krossklipp» mellom ulike sjangrar, som ei hylling til spelemannen Hans Brimi og fem namngjetne trekkspelarar, som alle har fått kvar sin sats i ein suite. Og Sommerro har synt seg som den musikalske sprellemannen han alltid har vore. Dei ti strykarane er godt instruerte, og overlappinga mellom orkesteret og spelet til Bjørkum er så godt som saumlaust.

Sommerro hoppar fram og tilbake mellom det eg vil kalle «tilnærma tradisjonell» folkemusikkarrangering og meir modernistiske innfall. Tidvis kan det minne om det komponisten Bjørn Kruse gjorde i si tid – eg nemner korarrangementet hans av polsen «Dalakopa», for dei som vil undersøke dette nærare. Slik sett er han stadig i likevekt mellom det verdige og det vittige.

Henning Sommerro: Brimi for fele og strykeorkester / Fem nordiske portrett for trekkspel og strykeorkester
  • JPS Records, 2017
  • 10 spor, 32 minutt
  • Opptak og produksjon: Geir Inge Lotsberg
  • Solistar: Per Sæmund Bjørkum (fele), Jon Faukstad (trekkspel) og Henning Sommerro (cembalo)

I arrangeringa av «Lomsbrura» kan ein mest kjenne seg høgtidsam. Her greier arrangementet å syne vørdnad for slåttekjelda, Hans Brimi, og det romantiske sinnelaget hans. «Lomsbrura» har Brimi dikta sjølv. «Lyrisk Masurka» er kalla slik av Brimi sjølv, som gjerne nytta dette omgrepet om slåttar som skifta mellom dur og moll. Når ein kjenner til teksten i stevet, «lidderlig galen, lidderlig god», får sjølvsagt omgrepet «lyrisk» ein ekstra dimensjon – men eg skal vedde på at dette ikkje har gått under Sommerros radar. Eller Brimis, for den del.

Dei fem trekkspelarane som har fått tildelt kvar sin sats i suite to, «Fem nordiske portrett», er handsama med vørdnad og vidd i omlag like store porsjonar. Desse satsane høyrest ut som eit reint kommentarverk til trekkspelverda. Her syner Jon Faukstad kva for ein virtuos som retteleg bur i han. Suiten er full av sitat frå ulike trekkspel-repertoar, opp til og medrekna stykke frå den klassiske slagerparaden – fiffig samanvove, og vittig arrangert. Denne platemeldaren har i alle problem med å halde seg frå å le høgt under gjennomspeling, mogleg fordi eg delar Sommerros humoristiske sans. Jamvel strykeorkesteret får ein lattersalve skriven inn i partituret.

Desse tonestykka spenner sjølvsagt vidt, særleg når ein veit at suiten siterer alt frå «Livet på Finnskogen» til «Karneval i Venedig» og «Humlens flukt». Dei to siste er ikkje nett å rekne som standardrepertoar på ei folkemusikkplate. Sjølvsagt kan «Karneval i Venedig» reknast som ein del av det «utvida» folkemusikkmaterialet, sidan melodien har vore nytta som barnesong i norske barnehagar i ei årrekkje, og Sommerro kan ha tenkt på dette då han arrangerte tredje sats.

Orkesteret er godt samspelt og dirigert av Per Kristian Skalstad. Innstuderinga tyder på eitt tett og godt samarbeid mellom dirigent og arrangør. Arrangementa er rytmiske og dansbare. Suiten er ei lettbeint hylling til bæljespelet og alle dei ulike måtane det har vore nytta på. Sommerro kommenterer på ei rekkje komponistar, heilt opp til modernistiske Arne Nordheim(!). Nordheim har aldri vore nytta som referanse på ei folkemusikkplate – så langt. Men ein gong lyt vera den første.

Plata inneheld eit godt referanseapparat på alle sitat og komponistar, for ikkje å snakke om dei ulike utøvarane det er referert til. Det er ein tett heilskap mellom kommentarverket og det musikalske innhaldet.

Denne plata kan ein gjerne kalle «postmoderne» med godt samvit. Særleg trekkspelsuiten er spekkfull av referansar til andre sjangrar, andre komponistar – fleire av dei er beintfram siterte – og i alle fall i eitt tilfelle spelar eit slåttestev med som undertekst, noko som gjer at opplevinga får fleire botnar. Med heile referanseapparatet inne får lydaren ein ekstra godbit under gjennomlyding. Men jamvel utan dette på plass, får lydaren både vals, polka, springleik og masurka, og ikkje minst høvet til å utforske nye musikalske marker. Det har nok vore mykje av meininga med plata.