Torill Aasegg og Knut Olav Aasegg har levert ei interessant og framifrå bok om mennesket og multikunstnaren Jakob Aksel Vingsand, skriv Trond-Ole Haug.

Jakob Aksel Vingsand (1901–1968) frå Fosen var i si tid ein av dei mest kjende spelmennene i Trøndelag. Han var ein allsidig mann med mange talent: lærar og skulestyrar, motstandsmann under krigen, framifrå skyttar, kunstmålar, allsidig musikar, dirigent, spelmann og komponist – for å nemna noko. Etter at forfattarane ga ut ein dobbel-CD med 54 av komposisjonane til Vingsand i 2015, kom ideen til ei bok om han. Lesarane blir gjennom boka verkeleg kjent med ein ressursperson av dei sjeldne og hans oppvekst, livsløp og rike liv. Framfor alt er det naturlegvis musikaren og kunstnaren som står i fokus.

Måleri av Jakob Aksel Vingsand (1946): Vingsand sett frå kleiva ved Vingsandvatnet.

Jakob Vingsand kom frå ein musikalsk familie, der songen og musikken betydde mykje. Han var gåverik og begynte tidleg med ulike instrument, og fekk gjennom livet mange musikalske impulsar og interesser. Interessa for tradisjons- og slåttemusikk voks seg berre sterkare etter kvart som han møtte mange trøndelagsspelmenn som Helge Dillan og Hilmar Alexandersen. Særleg viktig var det for Vingsand å vidareføre slåttetradisjonen etter den kjende Fosen-spelmannen Klas Bøle.

Vingsand spelte òg hardingfele, og var som musikar svært allsidig. Han dyrka og praktiserte ulike musikkgenrar – klassisk, salongstil, korsang, tradisjonsmusikk m.m. – var teknisk svært dyktig og hadde eit virtuost og avansert spel. Og han var karismatisk både som utøvar og leiar. I 1963 starta han opp med Heimdal Spelemannslag, eit lag som gjorde seg sterkt gjeldande frå aller første stund. Han farta òg mykje rundt og fekk mange spelmannsvenner rundt om i landet, mellom dei Sigbjørn Bernhoft Osa.

Ein større del av boka dokumenter kunstmålaren Jakob Vingsand. Han hadde ein stor produksjon og var svært gåverik også på dette kunstområdet. Her får vi oppleva ei anna kunstnarisk side ved denne spennande personen. Utan at eg er autoritet i målarkunsten – her er definitivt svært mange tiltalande måleri!

Torill Aasegg er ansvarleg for notesamlinga og notasjonane i boka – eit gjennom solid arbeid. Som ho sjølv skriv i forordet i boka, tok det meir enn to år å koma gjennom opptak og notesamlingar, digitalisere noter og transkribere slåttematerialet. Og det er ikkje vanskeleg å forstå: Vingsand skreiv ned det meste av musikken sin, ofte i ulike variantar. Torill har teke dette i vare på ein god måte og gjort det tilgjengeleg.

Jakob Vingsand komponerte mykje musikk i ulike stilartar, alt frå klassisk- og salongprega stil til norsk folkemusikk- og dansemusikk. Det er interessant å oppleva dei ulike epokane i Vingsand sin musikk, kva han var interessert i og påverka av. Valsen «Gjensynsglede» er berre ei av mange glitrande perler av Vingsand-komposisjonar. Mange har spelt inn denne vakre valsen på plate og CD, mellom dei Sigbjørn Bernhoft Osa, som karakteriserte den som «ein meisterleg vals».

Sist i boka er det mange minne frå personar som har opplevd Jakob Vingsand i ulike samanhengar, både spelmenn og andre. Sjølv var eg så heldig å møte Jakob Vingsand da han var på besøk heime hjå oss i Vågå, i samband med ein kappleik her i 1962. Jakob og far min kjende einannan godt. Det var òg den gongen Jakob dukka opp på ei kappleikscene for fyrste gong. Jakob hadde med seg eleven og fiolinisten Ørjan Sætran på besøk heime. Dei spelte og eg vart imponert! Seinare opplevde eg Jakob ved fleire høve. Den karismatiske og dyktige spelmannen gjorde alltid eit sterkt inntrykk.

Knut Olav Aasegg lærde sjølv felespel og tradisjonsmusikk av Jakob Vingsand, spelte mykje i lag med han og har arbeidd mykje med musikken og livshistoria hans. Like eins har Torill Aasegg fokusert på stoffet etter Vingsand og har gjort meir enn nokon annan for å bruke og presentere slåtterepertoaret hans.

I bokprosjektet har heile familien Aasegg delteke. I tillegg til far Knut Olav og dotter Torill har mor Elly Marri spelt ei viktig rolle, mellom anna med å administrere og skaffe sponsorar. Etterkomarane til Jakob Vingsand har prisverdig vore viktige kjelder for boka. Dette er i heilskap ei særdeles flott og interessant bok som mange vil finne glede og nytte i. Boka er ein grundig dokumentasjon av ein stor og karismatisk kunstnar, spelmann og komponist.

For å kjøpe boka, ta kontakt med Torill Aasegg, tlf. 918 56 329.