I dei sørsamiske områda sytte stat og kyrkje for at joiken blei så godt som utradert. Marja Helena Fjellheim Mortensson har gått til arkiva for å rekonstruere tradisjonen.

Ho har nådd over mykje, den tjue år gamle sørsamen Marja Helena Fjellheim Mortensson. Til dagleg driv ho og familien hennar med reindrift i Elgå reinbeitedistrikt – Svahken sijte på samisk ­– på austsida av innsjøen Femunden i Engerdal kommune.

Nyleg var ho i studio og spela inn ei plate, i samarbeid med musikar og slektning Frode Fjellheim. Plata kjem over nyttår.

Marja voks opp i ein sørsamisk reindriftsfamilie. Ho kjem frå ein familie av sterke forkjemparar for sørsamisk språk, kultur og levesett. Den kjende sørsamiske redaktøren og organisatoren Daniel Mortenson er tippoldefar hennar.

I 2013 blei Marja tildelt Hedmark fylkes kulturpris. I grunngjevinga for prisen heiter det at Marja i ung alder har utmerkt seg både som ein formidlar og ein fornyar av den sørsamiske kulturen.

– Det var ekstremt overraskande. Eg var ikkje nominert eingong – det kom heilt ut av det blå! Eg takka fylket for at ein på denne måten anerkjende det samiske. Det er dei som kom før meg, som verkeleg har stått på for denne kulturen, slår ho fast.

Rekonstruksjon av ein tradisjon

– Din musikalske oppvekst, korleis arta den seg?

– På Elgå skule hadde me seks til sju framsyningar med song årleg, der heile skulen var med. Me hadde ein lokal lærar som lærte oss songar, det var slik eg fyrst fekk interesse for musikk. Så høyrde eg på Ella Holm Bull sin sørsamiske barne-CD. Og me høyrde litt på artistar som Frode Fjellheim og gruppa Intrigue, eit Karasjok-band med «heavy-joik».

– Korleis har du lært deg å joike?

– Eg har lært meg joik gjennom notenedteikningar og gamle voksrullopptak etter joiksamlaren Karl Tirén, og frå opptak den svenske sameradioen gjorde i perioden 1950–1970. Eg gjekk òg eit kurs i regi av Høgskolen i Nord-Trøndelag, «Med joik som utgangspunkt», der Frode Fjellheim var lærar.

– Joikeopptaka som du brukar, dei er vel gjort i ein periode då joiken ikkje var konsertmusikk, men hadde ein funksjon i det samiske samfunnet?

– Den fyrste konserten med samisk musikk som eg kjenner til, var i Umeå i 1910. Den var det joiksamlaren Karl Tirén som stod bak. Han inviterte joikarar og spela sjølv joikar han hadde lært på fele.

– Er det aktuelt å bruke joiken slik han var i bruk før, som funksjonsmusikk?

– Musikk er slikt som eg trur er med deg alltid, kor enn du ferdast, det trur eg gjeld all type musikk. Men no er det mykje meir vanleg at ein har publikum, og at folk vel sjølve å gå for å høyre på musikk. Det er no slik eg sjølv har blitt introdusert til musikk, frå scena. Då Nils Aslak Valkeapää tok joiken opp på scena, var det mykje debatt om det.

 

«Det var nok det mest trugande for storsamfunnet, det at joiken formidla historia vår. »

 

 

Marja Helena Fjellheim Mortensson kjem med plate på nyåret, spelt inn i samarbeid med Frode Fjellheim. 19. september speler ho på Riksscenen i Oslo. Her er ho på Femundsmarka Nasjonalparksenter, der ho har vore guide i sommar.

Marja fortel at joik før i tida blei brukt til alt: når du laga mat og når du skulle roe barna, eller du kunne fortelje historier gjennom joik.

– Forteljande joikar trur eg har vore ein stor del av kulturen. Det var nok det mest trugande for storsamfunnet, det at joiken formidla historia vår. Eg trur det var ein viktig grunn til at joiken blei bannlyst av kyrkja, skulen og rettsapparatet. Personjoikar og dyrejoikar var nok dei minst farlege i auga deira, kanskje det er grunnen til at fleire av dei har overlevd.

– Brukar du joiken når du er ute med reinen?

– Så klart eg gjer det, men det er ikkje slik at når eg gjer det eller det, så tek eg ein slik eller ein slik joik.

– Korleis er det å joike til reindrifta i dag, med snøskuter og slikt?

– Snøskuteren dempar alt du syng, så der kan ein no berre hoie, skrike og joike så mykje ein vil!

Køyrer du retning Elgå frå Drevsjø eller frå svensk side er det ikkje uvanleg å treffe på tamrein like i vegkanten, dette er rein som tilhøyrer Elgå reinbeitedistrikt, på samisk Svahken sijte.
Sørsamisk jordgamme på Valdalsfjellet, ikkje langt frå heimen til Marja Helena Fjellheim Mortensson.

«Snøskuteren dempar alt du syng, så der kan ein no berre hoie, skrike og joike så mykje ein vil!»

 

 

Sørleg melankoli

Truleg må ein tilbake til tippoldefaren hennar, organisatoren Daniel Mortenson (1860–1924), si levetid for å finne ei tid då det blei joika offentleg i det sørsamiske området, fortel Marja.

– Kva er forskjellen på nordsamisk og sørsamisk joik slik du har erfart han?

– Eg tenkjer at joiken der nord, slik som språket, har fått vidareutvikla seg mykje meir naturleg. Og eg trur det er ein litt annan tonalitet nordpå, kanskje meir tilpassa instrument? Så er det mykje melankoli i det eg har funne i arkiva her sør.

Innanfor det samiske musikkmiljøet er det etter kvart mange som arrangerer joiken og brukar fleire instrument til. Kva forhold har ho til dette?

– Eg joikar både a capella og med instrument. Eg trur at instrumenta har gitt joiken ei mykje større gjennomslagskraft, det har vore viktig for å styrke joikens posisjon. Men det er noko veldig reint og enkelt med berre stemme, som i kvedinga. Når ein legg instrument til joiken, bør det ha ei viss forankring i tradisjonen. Ein kan gjerne hente element frå annan musikk, berre ein er bevisst på korleis ein gjer det.

Marja begynte altså med det tradisjonelle. Om plata som ho no arbeider med, seier ho det slik:

– Det blir ei god blanding, på joikens premissar, men med forskjellige sjangrar og uttrykk. Det er ein balansegang – men ein stad må ein jo begynne. Gjennom musikken har eg lyst til å gje sørsamisk ungdom det eg ikkje hadde. Eg vil sjå korleis kan ein dra språket i endå ei ny retning, få det endå vidare.

Marja er akkurat ferdig med vidaregåande, men har no tenkt å ta eit «friår». Det vil seie at ho skal vera med dei eldre i familien, blant anna lære av bestemor Inga.

– Eg skal lære å sy, barke skinn og gå i naturen med dei mens dei enno er spreke nok til å vera med.

Som same må du gjennom to utdanningar, seier ho.

– Den eine er den strukturerte skuleutdanninga, og den er det klart ein skal ha. Utdanning nummer to er å lære å ta hand om reinen, lære handarbeid og alt ein kan utnytte i naturen, og å leva i pakt med naturen. Det er ei like stor utdanning. Og i reindrifta kan du ikkje lesa deg til nokon ting, du må gjera det. Det gjeld å nytte tida eg har no, når eg er på det sprekaste.

Teksten er ein forkorta utgåve av ein artikkel frå Folkemusikk nr. 3/2015, som kjem ut til abonnentane og på Narvesen 22. september.