Dokumentasjon på gamlemåten.

Når det gjeld folkemusikk i Agder-fylka, er det musikken frå Setesdal som har fått størst merksemd. Men også andre stader i landsdelen er det mykje spanande å henta. I fjor gav Ragnhild Furholt ut den omfangsrike boka (med to tilhørande CD-ar) Folkesong i Vest-Agder, og tidlegare i år gav Vegar Vårdal ut plata Ukvessa slåtter, der han m.a. spela slåttar frå same området.

Materialet på denne plata er ytterlegare avgrensa, og plata inneheld utelukkande musikk frå Åseral. Det er særleg vokalmusikken frå denne bygda som har vorte kjend, m.a. gjennom Knut Liestøl sine voksrullopptak frå 1921. Songane som Kari Røynlid framfører på denne plata er dels henta frå arkivopptak, og dels tileigna gjennom samvær med eldre folk som besteforeldra Kari og Jens Røynli, og grandtanta Ingebjørg Liestøl.

Røynlid skriv i tekstheftet at «Songane har eg forsøkt å formidle slik eg oppfattar dei og har lært dei». Det er også inntrykket ein sit att med som tilhøyrar: Å lyda til dette minner mykje om å lyda til arkivopptak. Songane vert framførte solistisk og utan kunstferdige utformingar. Lydbildet er dessutan nøkternt, utan overdriven bruk av romklang og liknande. Ein del av songopptaka er dessutan gjort i Ingebjørg Liestøl si stove, noko som gjev eit intimt uttrykk.

Kari Røynlid og Mari Ormberg: Den store stuten – traditional music from Åseral
  • Etnisk musikklubb, 2017
  • 32 spor, 44 minutt
  • Innspeling: Harald Knutsen og Tom Karlsrud

Det er ei tilsvarande konservativ innstilling, inspirert av førestillingar om autentisitet, som pregar utvalet av musikk. Nyare viser og salmar prega av bedehuskulturen er utelatne, og det same er runddansmusikk. Musikk lært etter noteoppskrifter er også utelaten. Det er eldre materiale og framføringsmåtar vi får presentert. Røynlid arbeider medvite med å skipa til både tonalitet, rytmikk og stemmebruk i samsvar med sine historiske førebilete.

Hardingfelespelaren Mari Ormberg er vaksen opp i Jostedal, og har tileigna seg agderspelet i løpet av studietida. Ho har m.a. lært setesdalsspel av Vidar Lande. I omslaget skriv ho at ho ikkje har hatt som mål å kopiera stilen til kjeldene sine, men også ho gjev inntrykk av å ha eit sterkt tradisjonsmedvit.

Slåttemusikken er ikkje på langt nær så godt dokumentert som songen i Åseral. Difor har Ormberg tatt med alle slåttane som finst på dei eldre opptaka. Den viktigaste kjelda er Gunnar J. Austegard (1883–1972), som sidan busette seg i Setesdal og lærte mykje spel der. Særleg spanande er det å høyra brureslåttane «Gråtarslagjet», «Det nye reieslagjet» og «Det gamle reieslagjet» framført i eit friskt tempo, samanlikna med mange av dagens meir melankolske og langsame versjonar.

Det einaste innslaget av samspel på plata, er barneregla «Ola Ola kyre di er dau». Også her er dei tru mot det historiske førebiletet, fordi kjelda, Gunnar Austegard, både syng og spelar på arkivopptaket.

Som heilskap minner dette dels om innspelingane me finn i arkiva, og dels om eit reint historieformidlingsprosjekt. Artisttenkinga som pregar mange yngre folkemusikarar, med trongen til å uttrykka seg sjølv som «kunstnar» gjennom til dømes meir eller mindre kompliserte samspelsarrangement, finn ein svært lite av på Den store stuten. Slik sett utgjer plata ei sunn motvekt til mange av dei andre folkemusikkplatene som kjem ut i hopetal for tida.