FolkOrg har i desse dagar lagt ut eit spørjeskjema angåande poeng og rangering på kappleik. Eg vonar flest mogleg tek undersøkinga, og ynskjer i samanhengen å ytre nokre meiningar i saka. Eg ynskjer å ha berre delvis rangering, og å kutte poengsummane i A-klassene.

Dommarar, dansarar og publikum under Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Steinkjer 2014. FolkOrg skal revidere dommarskjemaa, og ønskjer innspel frå dykk. Lenger nede i artikkelen finn du lenkje til spørjeundersøkinga. (Foto: Eivind Kaasin)

Dømming på kappleik vil aldri ha ein fasit. Subjektivitet og smak vil alltid ligge til grunn for dei tre som sit framfor scena. Alle som stiller på kappleik veit dette, alle som sit lydhøyre i salen veit dette. Likevel blir det diskusjonar; oftast positivt, ein sjeldan gong ikkje.

Tidlegare har det vore diskutert – og prøvd – å ikkje ha poeng i C-klassene. Dette har eg vore, og er, skeptisk til. Mest av alt fordi at da eg sjølv var ung, var dette noko av det mest motiverande – dette å prøve å få betre poengsum frå år til år. Dette vil sjølvsagt variere frå person til person; men eg trur mange ser at i C-klassa er poengsum og ei rangering ein viktig motivasjonsfaktor. Dette kjem eg attende til.

Å fjerne poenga i A-klassene har ikkje vore prøvd etter i mi tid. Eg har eitt hovudmål: Å få meir fokus på mønstring, og mindre fokus på konkurranse. Klassene er ein konsert.

Kappleik, og dimed konkurranse, har vore ein suksessfaktor i norsk folkemusikk. Eg vil ikkje avlive dette. Men eg har eit ynskje om at fleire er med på leiken, med A-klassene som flotte, breie og interessante mønstringskonsertar. Eg ynskjer at A-klassane skal innehalde innslag frå fleire ulike stader og tradisjonar.

Og eg trur – eg presiserer trur – at poengsummar verkar avskrekkande på somme. Ikkje minst er det avskrekkande å kome nedst på denne lista. Det sistnemnde her er det viktigaste. Dersom vi berre rangerer til dømes dei tre øvste, eller kanskje øvste tredjedelen, og dei andre kjem i alfabetisk rekkjefølgje, vil vi etter kvart få meir fokus på mønstringa og konserten.

Kva tapar vi på ei slik ordning? Her er det sikkert fleire punkt, men eg kjem på eitt: Spelmenn og dansarar som har eit sterkt ynskje om å hevde seg i toppen, men som havnar i «alfabetisk liste», vil bli skuffa. Ein får ikkje nødvendigvis vite om ein vart dømd over eller under «sin argaste konkurrent».

Eg meiner at vi har meir å vinne enn vi tapar. Eg trur at spelmenn og dansarar som ikkje ivrar etter konkurranse, lettare kan finne på å stille. Eg trur at spelmenn og dansarar som tykkjer det er veldig lite stas å komme langt ned på lista, lettare blir med.

Aslak Brimi. (Foto: Runhild Heggem)

Kva synest du?

Sei meininga di til FolkOrg – klikk deg inn og fyll ut spørjeundersøkinga:

Spørjeundersøking om rangering, poeng og poengskala (folkorg.no)

Kanskje får vi får med fleire av dei som er litt oppe i åra? I vanlegfele-klassa har vi i fleire år sett ein trend med at klassa er «ung», og vi har stilt oss spørsmålet «kvifor er ikkje den eldre garde med?». Men det er kanskje ikkje så vanskeleg å skjønne? Dei vil ikkje vere med, dei har kanskje hatt si glanstid. Kvifor vere med og bli dømt ned av ei litt treigare fingre og seigare bogehand?

Men desse spelmennene har så mykje å kome med. Eg meiner vi misser ein viktig del av musikktraderinga når desse ikkje er med! Vi må få meir fokus på mønstring, og da bør vi ofre rangering og poeng.

Ein bieffekt er at dommarane får ein litt lettare jobb. Den tida dei «sparer» på A-klassa, kan dei bruke på å kome med ordentlege attendemeldingar til C-klassingane saman med poengsummane: Vurdering for læring, som det heiter i skulen. Da vil poengsummane til C-klassingane få meir kjøt på beina.

Dette er mitt ynskje og forslag til styret i FolkOrg: Gjer ei prøveordning tilknytta tevlingsreglementet der de seier at «Berre den øvste tredjedelen i alle A-klassene på Landskappleiken vert rangert. Den andre totredjedelen vert ikkje rangert.» Eventuelt: «Berre dei tre øvste i alle A-klassene på Landskappleiken vert rangert.»

Eg meiner at det er styret i FolkOrg si rolle å sjå heilskapen i ting. Det vil truleg vere mange einskildutøvarar som ikkje er einig i dette forslaget. Men mitt ynskje er at styret tør å sette fokus på mønstringa, og set i gong forsøk for å få dette betre til enn i dag, som del av ein langsiktig politikk. Dette vil vere betre for dei som ikkje er så glade i konkurranseaspektet, det er betre for dommarane, og eg trur det vil ha ein positiv effekt for den generelle deltakinga i det lange løp.