Andreplata til den unge sørsamiske joikaren er både stor kunst og viktig kulturarv.

På stutt tid har den sørsamiske joikaren Marja Mortensson etablert seg som ein av dei fremste samiske musikarane våre. I ein alder av 22 år er ho no alt ute med album nummer to. Bak seg har ho òg mykje konsertverksemd der ho i fleire samanhengar har opptredd i lag med mange av dei fremste samiske musikarane og joikarane i Norden, slike som Mari Boine, Frode Fjellheim, Wimme Saari, Sofia Jannok og Sara Marielle Gaup. Ho har òg reist i mange land med musikken sin. Frå og med hausten 2017 er ho fylkesjoikar i Troms i ei åremålsstilling.

Marja Mortensson har vakse opp i ein reinsdriftsfamilie som held til i Svahken sijte (Elgå reinbeitedistrikt). Det sørsamiske språket har spela og spelar ei viktig rolle for henne, likeins mange sider ved den sørsamiske kulturen som knyter seg til reindrifta. Reindrifta er den sterkaste forankringa denne kulturen har. Den sørsamiske joiken har diverre meir eller mindre blitt borte, blant anna på grunn av sterk fornorskingspolitikk, slik at det nærast berre er gamle opptak og nedskrifter, og einskilde fragment av sørsamiske joik i levande tradisjon, som finst att. Dette er basisen for den unge samiske joikaren. Ho seier sjølv at slektningen Frode Fjellheim har betydd mykje for henne. Han var òg medmusikarar og produsent på den fyrste plata hennes, Aarehgïjre – Early Spring (2017) og er medprodusent på Mojhtestasse.

I tillegg til å bruke arkivstoff har Mortensson reist rundt og samla inn frå sørsamisk område, men òg frå umesamisk område på svensk side, der aehtjie-aahka, bestemor hennar på farssida, kjem ifrå. Marja har elles uttalt at ho har hatt stor glede av å finne sin eigen tradisjonsmusikk – «der har eg mitt musikalske hjarte», har ho sagt.

Marja Mortensson med Jakop Janssønn og Daniel Herskedal: Mojhtestasse – Cultural Heirlooms
  • Vuelie, 2018
  • 12 spor, 48 minutt
  • Produsert av Marja Mortensson, Daniel Herskedal og Jakop Janssønn; medprodusent Frode Fjellheim

Mojhtestasse har bakgrunn i eit bestillingsverk til eit arrangement i tilknyting til Tråante 2017 (hundreårsjubileet for det fyrste samiske landsmøtet.) Denne delen av feiringa gjekk føre seg i Marja Mortenssons heimbygd Elgå i juni 2017 og var sentrert rundt samehøvdingen Daniel Mortensson, oldefar til Marja. Ho har elles fortalt at det heile begynte som ei samling joikar som etter kvart voks til eit bestillingsverk, som blei urframført i Elgå kyrkje i samband med nemnde arrangement. Bestillingsverket var støtta av Rådet for folkemusikk og folkedans og Hedmark Fylke.

Det er dette stoffet som no har blitt plate. Med seg på plata har Marja dei same musikarane som var med på urframføringa i Elgå, Daniel Herskedal på tuba og basstrompet og Jakop Janssønn på trommer og perkusjon. Av dei 12 kutta på plata er ca. ein tredjedel tradisjonelle joikar, og resten nykomposisjonar av Marja Mortensson, med unntak av to kutt der Daniel Herskedal er med som musikalsk opphavsmann. Marja har òg skrive nye tekstar. Men ikkje alle joikane har tekst, det er elles noko som ein òg finn i nordsamisk joiketradisjon. Tittelkuttet «Mojhtestasse» er ein komposisjon som er basert på ein joik med tekst etter Maria Persson frå 1917, denne er henta frå ein transkripsjon. Ein annan joik, «Saltien alda muw», etter Jonetta Jakobsdatter, er henta frå boka Gåebrehki soptsesh (Røros-samiske tekster).

Det er stemma til Marja Mortensson som, naturleg nok, er det berande elementet på Mojhtestasse, som forresten er omsett med Cultural Heirlooms, dvs. «kulturelt arvestykke». Mojhtese er «minne» på sørsamisk.

Du skal leite lenge etter å finne ei mjukare og meir «bøyeleg» og leikande stemme enn den til Marja Mortensson. Samtidig har ho kontroll på stemma og har utvikla eit særpreg det er lett å kjenne att, enten det er ein joik utan ord, eller joik/song med tekst. Men a capella er likevel unntaket på plata; mesteparten er arrangert og dei to medmusikarane syter for både varierte og originale måtar å nærme seg dette stoffet på. Tubaen til Herskedal lagar «golvet» i låtane; aller best synest eg dette fungerer når han brukar eit droneliknande akkompagnement, men interessant er det òg når han får sleppe til åleine med tubaen eller basstrompeten. Med teft for joikens intrikate tonegangar fargelegg han joikane fint, somme tider læt det unisont, andre gonger med spenstige motstemmer og sidesprang. Når tuba og basstrompet til tider kling samtidig, dvs. dubbing, læt det forbløffande vakkert.

Du skal leite lenge etter å finne ei mjukare og meir leikande stemme enn den til Marja Mortensson. Samtidig har ho kontroll på stemma og har utvikla eit særpreg det er lett å kjenne att.

 

Foto: Kjell Bitustøyl

Les også:

Joik og språk hand i hand – I dei sørsamiske områda sytte stat og kyrkje for at joiken blei så godt som utradert. Marja Helena Fjellheim Mortensson har gått til arkiva for å rekonstruere tradisjonen. (intervju opphavleg trykt i Folkemusikk nr. 3/2015)

Strålande hyllest til Inga Juuso i Operaen – Kremen av samiske artistar frå dei tre nordiske landa stilte opp då Oslo World Music Festival 2015 som avslutningskonsert hadde valt å arrangere ein hyllest til joikaren og skodespelaren Inga Juuso.

Det rytmiske er teke godt vare på av Jakop Janssønn. Nokon gonger er perkusjonen hans svært tilbaketrekt, kanskje berre som små pip frå ein fingercymbal, andre gonger er han lenger framme i lydbiletet. Saman med Herskedal lagar Janssønn eit komp som lyfter joikane og songane til Marja Mortensson over i ein annan og kanskje meir tilgjengeleg dimensjon. Her har det blitt skapt ny musikk bygt på eit til tider eldgamalt melodistoff  – joik har faktisk blitt omtalt som det eldste musikkuttrykket i Europa i levande tradisjon.

Elles er joikeuttrykket til Marja Mortensson sterkt nok i seg sjølv. «Miesiej vuilie», «Reinkalvens joik», er ekstra kjenslevar og mjuk. Har du vore i nærleiken av liten reinkalv, kan du kanskje ane korleis ein slik melodi har blitt til. Det nye og skjøre livet må takast vare på og beskyttast. Naturen er sårbar, og å joike reinkalven må vera noko av det finaste for ein som driv med rein, tenkjer eg. Denne joiken kjem att i ein arrangert versjon lenger ute på plata.

Kloke produsentval er gjort. Marja Mortensson si sjeldne stemme får klinge åleine eller langt framme i lydbiletet og blir ikkje utkonkurrert av kompet. Samtidig får dei to instrumentalistane òg sleppe til, og i «Vaartije» er det tubaisten som «joikar» med instrumentet sitt.

Det tek tid å koma under huda på musikken. Å oppleva trioen live er éin måte å tileigne seg dette tonespråket. Ein annan måte er å lytte mange gonger igjennom, då vil du etter kvart oppdage detaljar og klangar som du ikkje høyrer ved fyrste gongs gjennomhøyring.

Høgdepunktet på plata slik eg opplever det, ved sida av a capella-innslaga med Marja, er tittelsporet Mojhtestasse. Det er dvelande og varer lenge nok til å halde på ei stemning og ein flyt som kler desse joikane. Eit tommelfingerpiano spelt av perkusjonisten ligg i botn, saman med tuba og basstrompet. Det heile er inderleg vakkert og manar til ettertanke, også det vokale, sjølv om ein ikkje forstår orda. Eit unikt stykke musikk.

Dette er ei plate som krev ein del lytting, men her er svært mykje å glede seg over. Mange lekre detaljar dukkar opp, og heilskapen imponerer som eit sterkt sørsamisk musikalsk uttrykk. Skulle eg ynskje meg noko, hadde det vore at kontrasten mellom det flytande og vare og det meir bastant rytmiske hadde vore mindre.

Når det gjeld sjølve låtane, joikane, er det vanskeleg å skilje dei eldgamle frå dei nylaga, om du ikkje les på plateomslaget. Marja Mortensson har gjennom eit nitid arbeid tileigna seg og gjeve nytt liv til ein nesten utdøydd sørsamisk joiketradisjon, både ved å hente fram dei gamle joikane, men like mykje ved å stå fram med eigne komposisjonar bygd på denne tradisjonen.

Denne plata representerer, i tillegg til det reint kunstnariske, ein norsk kulturarv det både er viktig og riktig å ta ekstra godt vare på.