Det er noko særskild med Rørosmartnan. Særleg når ein er der for første gong. Her er nokre glimt frå Martnan i år.

Persisk bryllaup

– Det er noko med folkemengda her på Røros som minner meg litt om eit persisk bryllaup, seier Joshua. Iranaren er på Martnan før første gong, saman med ektemannen, nøkkelharpisten Per-Olof Swing. Dei har køyrt bil heile vegen frå Varna i Bulgaria, der Joshua studerer medisin. Planen til Per-Olof er at Joshua etter kvart skal bli fastlege i Trondheim – noko Joshua vedgår at han nok må tenkje litt over. Trøndermusikken er han i alle tilfelle svært glad i. F.v. Per-Olof Swing, Joshua, Egil Haugerud og Stig Nielsen.

Dejligt at være dansk

Kim Nielsen (t.v.) og Bent Jacobsen er to danske trekkspelarar som har funne sin heim i det norske innlandet. Bent kom til Elverum i 1968, og enda opp på Røros etter å ha tråla Østerdalen og omland som trubadur gjennom syttitalet. I fjor feira han trettiårsjubileum med bandet han er kapellmeister for, Dalakopa. Kim, busett på Hamar er ”reservekop”: ein av mange musikarar som kan steppe inn viss Dalakopa treng vikar. Det gjer dei denne torsdagskvelden. Her varmar dei opp trekkspelfingrane på bakrommet før konsertstart.

Får vi bjuda?

Mary Barthelemy (t.v.), Kim Nielsen og Bent Jacobsen har stua seg saman på scena på Kaffestuggu på torsdagskvelden. Konserten med Dalakopa er eit av dei faste årlege høgdepunkta på Rørosmartnan. Kjem ein først inn på Kaffestuggu denne kvelden, skal det godt gjerast å kome ut att. Musikken er særs dansevenleg, men det krev stor innsatsvilje for å lage seg plass til å danse. Likevel blei det dansa vals utpå kvelden – og sjølvsagt allsong, til Dalakopa-hiten ”Får vi bjuda”.

Samtidig, ein annan stad...

…speler Småviltlaget opp til dans. På Sangerhuset er det middagsdans kvar dag, og kveldsdans kvar kveld. Her er det inga alkoholservering, og alle er her for å danse. Denne kvelden går det mykje i rørospols, med innslag av vals, reinlendar, masurka, galopp og anna for variasjonen si skuld. Nokre middagar eller kveldar er det nonstop rørospols, til glede for dei som er bitne av basillen. Rørospolsen er som kjent sterkt vanedannande.

Felevenskap

I Bergmannsgata 25 har Jan Åslund innreidd felemakarverkstad for Martnan. Til dagleg held han til i Falun. På Røros strøymer folk til med feler i kassene sine, dei treng alt frå liming av felekroppar til mutterar til hakebrettet. Med jamne mellomrom set folk seg til for å spele nokre feleslåttar. Ein som då plar vere med, er rørosingen André Løkken – feleeleven til Jan i Falun. – Røros og Falun er venskapsbyar, og musikken frå Rørostraktene er godt omtykt i byen, fortel Løkken.

Aljfejta å tjöru

Lars Snoen, til dagleg å finne i Meldal Trekkspillklubb, har sett opp butikk i bakgarden til Trøndelag Kjørelag denne Martnan. Hua hans er så fin at eg er nøydd å knipse eit bilete av han. God seljar er Snoen òg: Folkemusikk si utsende reiser heim med ein boks skokrem av det unike slaget, med påskrifta ”Forbondens Vattuskräck: Inni bursken ere barre: aljfejta å tjöru.” Set du inn støvlane med Vattuskräck, fortel Lars, kjem det aldri meir ei dråpe vatn på innsida av dei. Som sagt, så gjort. Daglegstøvlane er no klare til å takle dei regnfylte dagane som er varsla i Sør-Noreg.