Spelemannslaget Vårlengt arrangerte i slutten av august minnekonsert for Leif Neset, den store vestlandsspelemannen frå Modalen som gjekk bort i fjor, 89 år gamal.

Leif hadde fyrst gått i lære hjå Arne Bjørndal og fleire storspelemenn på Vestlandet. Men han hadde høyrt telespel i radioen, og vart så gripen av telespelet at han skreiv til Torkjell Haugerud, som inviterte han til å koma til Telemark.

Leif hadde 50 kroner i lomma då han la seg inn på eit pensjonat i Bø i 1947. På rommet var det berre kaldt vatn i springen, og Leif levde sparsamt – også i matvegen. Det var tronge kår i Noreg den tid, og folk var stort sett fattige. Leif fortalte at når han drog frå Modalen til Bergen for å lære spel av Bjørndal, overnatta han ute på parkbenkar i byen.

Leif hamna i Seljord og gjorde gardsarbeid for kost og losji og litt lommepengar. Om kveldane lærde han slåttar, både hjå Kjetil Flatin, Eivind Mo og Torkjell Haugerud. Han vart gift med Signe Flatin, som var ei svært dyktig spelkvinne. Dei to reiste på 1950-talet rundt på Aust- og Vestlandet og heldt konsertar. Deira topp-periode var nok rundt 1960, då Signe vann landskappleiken, på delt fyrsteplass med Odd Bakkerud og Leif var også høgt på lista i A-klassen.

I 1955 flytte dei to til Grenland, og i 1960 var Leif med og stifta Spelemannslaget Vårlengt. Men frå midten av 1970-talet og til slutten av 1980-talet fekk Leif, som var kristen, religiøse anfektingar om at kristendom og felespel ikkje gjekk i hop – og han selde felene. Men han kom på andre tankar, og frå slutten av 1980-talet vart han på ny med i Vårlengt. Han spelte også for fleire andre lag i Grenland, som Norskdomslaget, Fossegrimen og Gjerpen Frilynte. Han øvde nok mykje. For den Løndal-fela Leif kjøpte då han kom att, var snart utsliten i lakken, akkurat der spelemannen set tommelen når han held fela.

Leif Neset (1925–2015) var fødd i Modalen i Nordhordland, men kom til Bø i Telemark som ung mann. Mellom anna vart han ein av dei viktigaste kjeldene til spelet etter Torkjell Haugerud. Neset gjekk bort i juli i fjor, og vart heidra med ein minnekonsert under Porsgrunnskappleiken i slutten av august 2016.

Leif var fri for snobberi og gjekk ikkje rundt i miljøet som ein sjølvoppnemnt «kulturpersonlegdom». Han var ein stor og tradisjonstru spelemann, hadde eit særdeles godt slåtteminne og kunne ei mengd slåttar – både store og enklare, både frå Vest- og Austlandet. Også gamaldans og turdansar kunne han ei mengd av. Han dikta og ein del slåttar og gamaldans, og alle vart nedskrivne og dokumentert av musikaren Øystein Steinsland for nokre år sidan.

På minnekonserten spelte Leifs elev Annika Westgård ein vals Leif dikta til henne, og Gunnar Blomhaugen og Olav Bøe spelte ein annan vals av Leif. Elles deltok fleire av dei mest framståande spelemenn i fylket – Johannes Sundsvalen, Alf Tveit, Lars Ingar Meyer Fjeld, Torgeir Straand og Ottar Kåsa – og Frøya Myrxdottir kveda.

Den 84-årige veteranen Knut Myrann deltok også. Han hugsa godt Leif Neset, og fortalde at Leif hadde så stødige former i slåttane då han tevla på Landskappleiken på Nesbyen i 1961. Knut spelte den eigenkomponerte «Olav Vikens minne» på ei fele Olav Viken hadde laga. Myrann, som spelte sin fyrste landskappleik i 1951, viste at han framleis held fingrane mjuke og bogen under kontroll.

Laurdagen heldt Vårlengt kappleik med deltaking i dei fleste klasser, med Lars Ingar Meyer Fjeld som vinnar i felespel. Om ein ikkje heilt kom opp att på same deltakarnivå som 1970- og 1980-talet, så vart det i 2016 eit vellukka «gjenopplivingsforsøk» for den namngjetne Porsgrunnskappleiken.