Les Jan H. Lislien sitt minneord om spelemannen frå Numedal.

Arne Johan Olsen er gått bort berre 74 år gamal. Han var født i Son, men kom med foreldra til Flesberg som liten. Mor hans var frå Flesberg, dotter av bygdediktaren Ole E. Krokmogen. Ho hadde arbeid i Son/Vestby der ho møtte faren som kom frå Oslo.

Arne voks opp på ein liten gard, Kronseth. Den ligg høgt opp i åssida ovanføre Lampeland. Aleine med foreldra som arbeidde med gards og skogsarbeid og dreiv den vesle garden, gjekk barne og ungdomsåra. Skulen han gjekk på var Lampeland. Arne var sjenert og stakk seg ikkje fram på nokon måte. Onkelen hans, Eivin Krokmogen lærde han å spele hardingfele frå han var om lag 7 år. Dårleg fele og elendig båge (sjølvlaga) av brisk og hestetagl frå arbeidshesten ”Bron”, var starten. Utstyret vart vel snart betre og han fekk ny fele i konfirmasjonsgåve frå gode vener, Hellik Frågått med familie. Den var laga av G. G. Strømmen, Nore Numedal.

Arne vart plaga noko på skulen, særleg på Framhaldskulen, så han avslutta skulegonga og vart heller med faren på gards/skogsarbeid. Ein jamaldring Ola Frågått spelte òg hardingfele, desse var ofte i lag. Såleis kom Arne i kontakt med Kjell Evju, spelemann i Flesberg. Han tok ungdomane med på kappleikar og stevner. Han skaffa dei og noko arbeid, skogplanting mellom anna.

Arne var vel 17-18 år då han var med på kappleik i Tinn, spela mellom anna ”Jon Vestafe” og fekk 1.premie. etter kappleiken overhøyrde han ei kommentar frå nokon om at det helst skulle vor ein annan som skulle vunne yngste klasse. Det vart siste gongen han spelte på kappleik, han skulle så visst ikkje taka premiane frå nokon.

 

«Arne kopierte ikkje, slåttane fekk eit nytt liv,
eit drivande rytmisk spel, skapt for å danse etter.»

Eg møtte Arne fyrste gongen då var han 20-21 år gamal. Vi vart vener og held saman i alle år utetter. Arne hadde gode evner, særleg til spel, men trong ein til å skuva på litt no og då, eg tok gjerne den jobben.

Musikken fylgde han heile livet, stundom mest overveldande, stundom mindre aktiv. Stundom gamaldans og spel med andre instrument. Andre tider slåttespel utan ende. Eg hugsar vi drøfta kvifor det gamle spelet i Flesberg held på å gå i gløymeboka. Nett dette tende Arne, han ville ta tak i dei gamle slåttane, lære dei og bruke dei. Spelemannen Hellik Ranvik kjende han, skulevegen gikk framom der han budde, men Arne hadde nok ikkje framferd til å spørje etter slåttar den tid, men ein slått vart det han lærde direkte. Redninga vart Olav, Bjarne og Asbjørn Bratås sine opptak av mest alle dei gamle spelemennene i Flesberg. Arne fekk kopiar av desse og etterkvart spelte han mest alle dei gamle slåttane. Mest etter Hellik Ranvik, hans spel passa best for han.

Men Arne kopierte ikkje, slåttane fekk eit nytt liv, eit drivande rytmisk spel, skapt for å danse etter. Dei gamle danseslåttane kom atter til heider og verdighet. Utetter åra møtte han alle dei andre spelemenn i Numedal og lærde og lærde frå seg. Leif Aasane på Kongsberg og Arne var òg mykje saman.

Glansperioden var 1980-åra då Numedal spelemannslag tok til med samspel/lagspel, med Sigurd Frogner som leiar  Her vart Arne svært sentral. Vi lika alle spelet til Arne og det passa så godt til samspel. Med dette vart heile Numedal påverka av hans spel, teknikk, og aller mest drivande dansetakt. Arne spelte til tallause dansepar på kappleik og til kurs.

Høgdepunktet vart i 1986, då Knut Buen kom til Veggli for å gjera opptak til ei kassettutgjeving med musikk frå Numedal. (Vårdagen) I samband med dette spurte Knut om Arne ville spele inn nokre danseslåttar til ein dansekassett. Det vart til at han gjorde det. 20 slåttar spelte han inn på ei lita eftastund, 12 springarar og 8 hallingar. Dette vart soloutgjeving med Arne Olsen, ”Springar og halling i Numedalstradisjon”. Det er folk i miljøet som har sagt at det er av det aller beste som er utgjeve av solo hardingfelespel her i landet.

 

«Dei hadde alle lært musikken direkte frå Arne.»

Vi som sto han nær høyrde godt at han spelte til opptak og vart noko bunden, men det var stort spel. Denne utgjevinga gjorde Arne Olsen kjend i heile folkemusikk-Noreg. Han hadde alt fleire radioprogram bak seg, og fleire vart det.  Same året (1986) fekk han og Sigmund Eikås merksemd for framifrå godt dansespel på Landskappleiken på Geilo.

Utetter 1990-åra kom slåttediktaren Arne Olsen sterkare fram i lyset, han kom stadig med nye slåttar, mest på hardingfele og vel mest slåttespel, men og durspel-slåttar og mange gamaldans slåttar. Alt i alt et hundretals slåttar.

I år 2000 vart det ny utgjeving, denne gongen på CD-plate. Springar og halling frå kassetten (1986), Lauvnesdansen, gamaldansslåttar og Brørsteinane slåttespel, dei to siste berre med komposisjonar av Arne. No spelte han ikkje lenger godt nok sjølv, så det vart ”elevar” og musikkvener som spelte slåttane hans på denne utgjevinga. Dei hadde alle lært musikken direkte frå Arne.

Helsa svikta, eit lite ”drypp” hadde redusert båge-handa sine ferdigheter. Men han spelte mykje enno, og mange lærte mykje av han utetter åra. Han var ein framifrå læremeister. Men helsa vart ikkje betre, dei siste ti åra vart det lite spel, mest ikkje.

Initiativet med at slåttane han spelte inn for NRK skulle gjevast ut på CD vart han svært gald for. Utgjevinga er under arbeid, men han rakk ikkje  å sjå det ferdig. Han var med å høyrde på ”lyttekopiane” frå NRK. Vi fekk snakka litt om slåttevalet, men så slokna han 14. sept  2014.

Eit stort rom står no tomt blant oss i Numedal. Det var mange i Flesberg kyrkje då han skulle gravleggast 19. september, familien tok avskjed med far, bestefar, svigerfar, ”onkel”, svoger og fetter. Naboar og vener elles var òg der. Bygdefolk tok farvel med den trivelege tankbilsjåføren som ei tid kom med diesel og fyringsolje, seinare kjørte han mjølketankbilen i alle gardstun. Kollegaer frå Numedal Bruk, som var siste arbeidsplassen, var og der.

Mange var dei som hadde musikken felles med Arne. Det vart høgtid då heile Numedal spelemannslag spelte minneslåtten Arne laga til Steingrim Haukjem, ”Haukjemme´n”. Og fire av ”elevane” spelte ” Åklinuten” mellom anna som et siste farvel frå gamle tante Kjersti på 92 år som ikkje kunne kome til kyrkja.

Even Tråen sa det slik ved båra: På vegne av alle i Numedal spel og dansarlag seier vi takk for musikken Arne, vi skal ta vare på han!

Kvil i fred.

 

Takk Arne, for langt venskap og mange store opplevingar.

22.september 2014.

Jan H. Lislien