Ein varm sommardag i Granvin. Fremst i båten sit spelemannen Nils Tjoflot og klunkar på fela. Brått veltar båten. Alle druknar. Men fela flyt opp.

SØKK VEKK: Nils Tjoflot forsvann i Hardangerfjorden i 1898. Fela og hatten var alt som vart att etter honom. (Foto: Augusta Charlotte Solberg)

NILS TJOFLOT VAR fødd i 1865 på Tjoflot i Ullensvang herad. Nils voks opp utan sysken og vart farlaus i femårsalderen. Han fekk tidleg interesse for felespel, og mora lova han fele. Den fekk han i sjuårsalderen. Truleg var ho laga av Hans Eikenes, og her lærte han dei fyrste slåttane og. Seinare vart Olav Håstabø og Ola Mosafinn dei viktigaste læremeistrane. Håstabøen i gamalt spel og Mosafinn mest i valsespel.

Der er mykje å skriva om spelemannen Nils Tjoflot, men her skal eg ta for meg historia om den siste spelferda og fela. Sundag 10. juli 1898 drog Nils Tjoflot, Endre Sjursson Kvammen, som var trulova med halvsyster til Nils, og grannen Jon Tjoflot med seglbåt til Granvin. På båtturen denne sundagen var det og med ein hest! Denne hadde Jon lånt om vinteren, og no skulle han leverast tilbake til eigaren på Eide i Granvin. Dei tre karane i båten skulle deretter til Haugsnes på låvedans, der Nils skulle spela.

Alt skjedde så fort at dei som sto på land, ikkje heilt skjøna kva dei såg.

LÅVEDANSEN VARDE TIL langt på natt, og dei tre karane som skulle sigla til Tjoflot att måndagsmorgonen, var neppe utsovne. På tur ned til båten på Eide var dei innom Jaunsen Hotel og fekk seg kaffi. Her var det nære på at det vart ein fjerde mann med på seglturen, Torvald Gunnarsson Mæland. Han var styrmann, og folk sa i ettertid at om han hadde vore med, kunne dei klart seg.

Dei tre sette seg i båten. Endre ved roret og Nils i framronga med fela. Flagget var heist og blafra frå mastetoppen. Nils ropte ut: «Me sigla unde da Norska flagdet». Han la fela til bringa og spela rullen «Blåmannen». Feletonane vart etter kvart svakare og svakare for dei som sto på land og såg på. Brått hende det, ein baut (sving) under Røynstrandslandet vart for krapp, båten la seg over og tok inn sjø. Båten hadde tung, fast ballast, stein med grind over, og sokk på nokre augneblinkar. Alt skjedde så fort at dei som sto på land, ikkje heilt skjøna kva dei såg. Fleire rodde straks ut, men ingenting var å sjå eller finna. Snart etter flaut fela og hatten til Nils opp, og det var alt.

FELA NILS HADDE, er laga av Knut Eilefsson Steintjønndalen (1850–1902) i 1889. Fela kom til Hardanger til spelemannen Sjur Jonsson Haukenes (1859–1933). Nils kjøpte fela av han i 1894. Fela vart etter forliset send tilbake til felemakaren Knut Eilefsson Steintjønndalen for reparasjon. Nils Nilsson Eide, eller Tråen som han vart kalla, kjøpte seinare fela for 104 kroner av Kari, halvsyster til Nils. Det vart gjort ein munnleg avtale om at dersom Kari fekk ein son nokon gong, skulle ho få kjøpa fela att. I 1899 vart ho gift med Anders Sjursson Kvammen, bror av Endre som var med i båten, og som ho var trulova med. Dei fekk dottera Guro i 1904. Ein vårdag i 1922 rodde Anders Sjursson og drengen til Granvin for å kjøpa fela tilbake av Tråen. Og det fekk dei. Frå 1922 til 1982 har fela vore hjå Guro.

Under Vestlandskappleiken i Eidfjord i 1982 vart fela etter Nils Tjoflot gitt som gåve til Hardanger folkemuseum av Guro Kvammen Lægreid. Fela er i dag utstilt på museet, der ho står og ser over fjorden til Tjoflot, og lengtar etter vare spelemannshender.

Slik såg det ut inst i Granvinfjorden kring 1900, då Nils Tjoflot og fylgjet hans gjekk ned i fjorden. (Foto: ukjent)

Denne teksten vart fyrst publisert i Bladet Folkemusikk nr. 2/2011. Han er publisert på nytt, etter avtale med forfattar Frank Henrik Rolland, i samband med at det 13. oktober er 150 år sidan Nils Tjoflot vart fødd.