Denne boka føyer seg inn i rekka av liknande publikasjonar, der forfattaren er ein folkesongar som har gjort eit utval songar frå eit avgrensa geografisk område. Grensegangen mot liknande vitskaplege publikasjonar er flytande, men ei bok som denne rettar seg tydeleg mot eit meir ålment kulturinteressert publikum.

Ragnhild Furholt: Folkesong i Vest-Agder
  • Portal forlag / Vest-Agder fylkeskommune, 2016
  • 216 sider + 2 CD-ar

Tidlegare døme på slike publikasjonar er Folkesong i Hordaland av Reidun Horvei (1998) og Viser frå Telemark av Kari Lønnestad (2012). Denne boktypen inneheld transkripsjonar (for det meste av arkivopptak), små introduserande tekstar, eit rikt biletmateriale og lydvedlegg.

Sjølve verknaden av slike bøker er noko ein gjerne skulle visst meir om. Horvei si hordalandsbok kjenner eg godt til, og eg veit at boka framleis er flittig i bruk – også av folk som ikkje har noko nært forhold til folkemusikkmiljøa. Men kva rolle slike bøker spelar i traderingsprosessen – i vekselverknad med arkivarbeid, undervisingsverksemd, plateutgjevingar og utdanning – bør undersøkast nærare.

Når det gjeld vokalmusikken i Agder-fylka, er det utan tvil Setesdal, med sin rike stevtradisjon, og Kirsten Bråten Berg som ein særs aktiv og velkjend ambassadør gjennom mange år, som har fått mest merksemd. Men Setesdal ligg i Aust-Agder, og i denne boka er det songen frå nabofylket i vest som vert lyfta fram. Som alltid når det er fylkeskommunen som er hovudkjelde for finansieringa, er det lagt vekt på at alle kommunane i fylket skal vera representerte, sjølv om det er nokre som peikar seg ut med eit særleg rikt materiale, m.a. Åseral, Eiken og Sirdal.

Kvifor nokre bygder/kommunar i ettertid framstår som rikare på songtradisjon enn andre, kan sjølvsagt ha å gjera med at det har vore særleg stor songaktivitet der, men det kan like gjerne henga saman med at samlarane – meir eller mindre tilfeldig – møtte gode informantar der. I nabobygda var dei kanskje ute på arbeid, eller samlaren hadde kanskje ikkje tid til å stikka innom. I ettertid er det uråd å vita særleg mykje om dette. Uansett er det det som faktisk er dokumentert, som framstår som representativt for dei ulike stadene.

 

Noko som er særleg påfallande ved den organiserte folkemusikkverksemda i seinare tid, særleg frå midten av 1970-talet og framover, er ei forskyving av tyngdepunkt frå det nasjonale til det lokale. Og med dette som rettesnor vert leiting etter «gløymd tradisjon» ein viktig del av konstruksjonsarbeidet der samlarar og utøvarar aktivt går inn for å skapa til dømes ein «Vest-Agder-tradisjon».

Ragnhild Furholt har sjølv stått midt i eit slikt arbeid både som utøvar og mangeårig lærar ved folkemusikkstudiet i Rauland (som nå er ein del av paraplyinstitusjonen med det byråkratisk klingande namnet Høgskolen i Søraust-Noreg). Dessutan har ho publisert akademiske tekstar om vokal folkemusikk.

Sjølv om det geografiske har sterkt fokus i boka, er det ulike songtypar eller sjangrar som styrer inndelinga av materialet: balladar, stev, slåttestev, bånsullar/regler/stubbar og religiøse folketonar har fått sine respektive kapittel. Dessutan er det tatt med faksimilar frå tidlegare publikasjonar av stevsamlingar (rett nok berre tekstar) ved Peter Lunde (1924) og Knut Liestøl (1925).

Notasjonen i boka er prega av ulike typar oppskrivingspraksis. Eldre transkripsjonar, t.d. dei av Olav Sande, er relativt enkle: Songane er skrivne inn i eit fast metrum (t.d. 4/4-takt), og det er ikkje teke omsyn til intonasjon/tonalitet som ikkje passar inn i eit konvensjonelt notesystem.

 

O.M. Sandvik sine transkripsjonar er noko meir nyanserte, medan Furholt sjølv legg seg nær opp til ein praksis som har vore dominerande dei siste 40 åra, med utstrekt bruk av symbol for ornamentering, piler opp/ned for «avvikande» intonasjon, og strekar under sterkt betonte tekststavingar.

Dette tykkjer eg er ein grei måte å gjera det på, fordi ei bok som skal presentera folkesongen, samstundes er ein presentasjon av ulike samlarar/nedskrivarar og deira fortolkingsmåtar. I alle tilfelle må transkripsjonar alltid lesast kritisk i lys av opptak og/eller levande framføringspraksis.

Alle dei 101 songane i boka kan òg høyrast på dei vedlagde platene. Furholt sjølv syng bort imot ein tredel av dei, men det finst i tillegg ei mengd arkivopptak. Og nettopp dette mangfaldet i personleg/stilistisk uttrykk som finst i det klingande arkivmaterialet, gjer platene spanande å lyda på.

Opplysingane om opptaka er særs mangelfulle. Innhaldslista opplyser om songtittel og utøvar, men ingenting om innsamlar, opptaksår eller kjeldetilvising. I føreordet vert Harald B. Knutsen ved Agder folkemusikkarkiv takka for hjelp med arkivmaterale, men om sjølve den tekniske produksjonen er ingenting nemnt. Det finst heller ikkje register over informantar, andre aktuelle personnamn, eller geografisk tilknyting.

Utvalet av materialet, og måten det er presentert på, er sentrert rundt repertoar – først og fremst knytt til sjanger. Informantane, og ulike typar songpraksis, kjem difor i skuggen, og perspektivet nærmar seg eit gjenstandsfokus, noko som står i motsetnad til ordet som smykkar boktittelen – folkesong – som fortel om ei større vektlegging av praksis.

Det er mange detaljar som burde vore rydda opp i redaksjonelt, og boka kunne lett ha framstått som meir gjennomarbeidd utan vesentlege endringar i disposisjon og innhald. Men likevel er denne boka ein framifrå inngang til å arbeida vidare med folkesongen i fylket. Det er inspirerande både å sjå transkripsjonane, lesa tekstane, høyra på opptaka og – ikkje minst – prøva å ta songane i sin eigen munn. Og i arkiva er det mykje meir å henta for den som har lyst og tolmod. Det lyt heller ikkje gløymast at det stadig finst folk som syng, sjølv om røysta deira aldri kling frå ein scene eller ein høgtalar.

Meldinga vart først publisert i Folkemusikk nr. 3/2016, som er i sal no.

Ragnhild Furholt viser fram den nye boka si under boklanseringa på Håndverkeren i Kristiansand 12. mai 2016. (Foto: Harald Branko Knutsen)

Les også:

Ny bok med folkesong frå Vest-Agder

Boka Folkesong i Vest-Agder har nett komme ut, med mål om å få til eit løft for songtradisjonen i sørlandsfylket.