Musikk- og kulturhistorisk er dette ei viktig plate.

Arild Hoksnes gav i 1988 ut boka Vals til tusen (Samlaget). Undertittelen er «Gammaldansmusikken gjennom 200 år». Her kategoriserer han norsk gammaldans i tre stilartar: kunststilen, slåttestilen og populærstilen. Hovuduttrykksforma på denne plata tilhøyrer kunststilen med vekt på desse kriteria: teknikk, presisjon, virtuoseri, smakfulle arrangement.

Ambisjonane i stiluttrykket gjeld musikalske mål bygd på det som skjedde i ensemblemusikken i Mellom-Europa på 1800-talet. Den typiske dansemusikken som vi møter i slåttestilen, er fjerna frå det funksjonelle dansespelet i denne stilforma. Konsertmusikken ligg bak som inspirasjonskjelde i melodiføring og musikalsk uttrykk og var i si tid musikk for overklassa og embetsverket på 1800-talet.

Eit anna stiltrekk er rikdomen i musikalske tema og repetisjonsdelar. I Sør-Odal i Hedmark som i andre distrikt på Austlandet levde denne musikkforma parallelt med den tradisjonelle bygdemusikken.

«Musikk- og kulturhistorisk er dette derfor ei viktig plate»

Det er eit viktig kulturarbeid som her er gjort ved å løfte den mangfaldige og skolerte ensemblemusikken fram for dagens publikum. Komponistane Gudbrand Bredesen (1833–1922), Per Hansen (1842–1936), Anders Strøm (1849–1944), Gudbrand Chr. Spigseth (1852–1935) og Fridthjof Kristoffersen (1894–1962) er alle representert på denne plata – namn som for dei fleste berre er namn. Mesteparten av melodiane på albumet er komponert i siste halvdel av 1800-talet av dyktige felespelarar som i si samtid var betydningsfulle musikarar i lokalsamfunnet. I fleire generasjonar er dette musikk som knapt har vore synleg på kulturkartet her til lands.

Godt etablerte, profesjonelle musikarar står bakom denne utgivinga: nestoren Rolf Nylend og Håvard Svendsrud, trekkspel, Arvid Engegård, fiolin, Juliet Jopling, bratsj, Geir Henning Braaten, klaver og Svein Haugen, kontrabass.

Rolf Nylend debuterte i NRK radio med eigen solokonsert i 1949. I 2014, 65 år seinare, er han plateaktuell med sin første CD! Vi får gitt til beste vals, reinlender, polka/galopp, masurka, 20 nummer i alt, og alle med fullt ensemble. Med to unntak har ikkje denne musikken vore innspelt tidlegare. Musikk- og kulturhistorisk er dette derfor ei viktig plate.

«Men kanskje er dette først og fremst Rolv Nylends (81) plate, odølingen som i 2010 vart heidra med Kongens gull for sin lange musikkinnsats»

Dette er smektande, og naturleg nok i «salongfähig» stil, «fornorska wienermusikk» – teknisk utfordrande i gjennomarbeidde arrangement, der kvart instrument spelar ei sjølvstendig rolle. Musikken eignar seg nok like mykje til lytting som til dansemusikk – iallfall for den som er vand med å slite dansegolvet på ein festival i 2014.

Rolf Nylend og Håvard Svendsrud med ensemble - Gamle danser fra Sør-Odal
  • Aksent, 2014
  • 20 spor, 60 minutt
Foto: Reiner Schaufler