Fire banebrytande folkemusikarar samarbeider i Reolô, og resultatet høyrest ikkje ut som noko anna.

Det byrjar i fri form, utan høyrleg rytme eller melodi, før det etter nokre minutt går over i ein låt som ber ein distinkt Anders Røine-signatur. Groovet går i 6/8-takt med Hulbækmos evig polyrytmiske trommespel, Hans P. Kjorstad og Røine følger same melodi på fele og langeleik og Rasmus Kjorstad legg eit pizzicatoriff som ein rytmegitar. Strukturelt er det nærast rock, men harmonisk og i stor grad rytmisk er det folkemusikk vi høyrer.

Jørn Hilme-stemnet på Fagernes tinga verket Reolô til i sommar. Dei tinga ny musikk frå Anders Røine også i 2013, då til å tonesette Noregs siste stumfilm Kristine Valdresdatter (1930). Musikken til Røine, Hulbækmo, Sondre Meisfjord og Marit Karlberg de gong låg ikkje langt unna Sudan Dudans lydunivers. Denne gongen liknar det ikkje stort anna. Sidan Valdresdatter-prosjektet har Røine og Hulbækmo samarbeidd som duo, og i fjor produserte Røine den unike Kjorstads-plata Pusinshi Ulla. Det er fire musikarar som kjenner og utfyller kvarandre godt, og som alle har eit sterkt ønske om å bidra med radikal nytenking og nyskaping i norsk folkemusikk.

Låt nummer to har same oppbygnad som den første: frå friform til struktur. Ein augneblink fryktar eg at det berre skal halde fram slik, i ei fast form – men det hadde vore ulikt denne gjengen. Og så kjem noko heilt anna, ein ballade – i rocketydinga av ordet. Hans P. speler ei stund seljefløyte samtidig med fele eller harmonium, noko han er god på. Røines spesialbygde langeleik, med ein jungel av effektpedalar til, er elles det mest innovative norsk folkemusikk har å by på nett no. Ofte på Reolô kling han slik vi høyrde han på nemnde Pusinshi Ulla, med ein solid dose fuzz-lyd. Men på denne rockeballaden får han ein massiv synth-aktig klang som minner litt om gitaren på ein heavy metal-ballade frå 1980-talet – eller som ei harpe på ein New Age Mindfulness-plate? Det er mykje på denne konserten ein aldri har høyrt maken til.

Anders Erik Røine, Hans P. Kjorstad, Hans Hulbækmo og Rasmus Kjorstad: Reolô
  • Riksscenen (Klubbscenen), onsdag 14. september 2017
  • Konsert i samarbeid med Ultima-festivalen, varigheit ca. 90 minutt
  • Opphaveleg tingingsverk til Jørn Hilme-stemnet 2017
Rasmus Kjorstad

Snart kjem munnharpene til Røine og Hulbækmo fram, før Kjorstads legg seg oppå melodien deira med harmonium og fele. Naturtonearten i munnharpa og seljefløyta er gjennom heile konserten berande, ofte med nett desse instrumenta som innleiarar – det bidreg mykje til å gjere musikken så unik. At naturtoneinstrumenta og dei tempererte instrumenta er noko ulikt stemde, står godt til det rufsete uttrykket. Rytmisk er kvartetten innom både gangar, telespringar og halling, tre av dei norske tradisjonsrytmane som eignar seg best på eit discodansegolv. Det er berre sitteplassar på klubbscena på Riksscenen denne kvelden, men på mange av låtane trampar alle bein i takt. Fram til alt blir brote opp i urytme og improviseasjon – det er vi raskt blitt vane med.

Først mot slutten av konserten kjem Røines gitar fram. Då får vi for alvor understreka slektskapen mellom norsk og afrikansk 6/8-takta, ein slektskap Røine har utforska mange gonger før. Men det er ingenting som synest programmatisk med denne understrekinga, ikkje noko som roper «sjå her». Eg sit att med inntrykket av at dei fire musikarane har leikt seg med instrument, melodiar og rytmar utan annan tanke bak enn å lage noko som fenger, groovar og høyrest nytt ut.

Nokre gonger skjer litt mykje på éin gong, less kunne stundom ha vore more. Når fire instrument og fire vokalistar slår seg laus samstundes, eller ein enskild vokalist (då som regel Røine) syng oppå fire tettspelande instrument, er det vanskeleg å høyre teksten. (Slik er det jo rett som det er på rockekonsertar.) Når eg høyrer tekstane, kjenner eg også her att signaturen til Røine, kjend frå dei to duosamarbeida Røine/Hulbækmo og forgjengaren Revolver: mykje Weltschmerz og mykje svart humor, som om det var Huldra og ikkje Moder Natur som var antagonisten i Kurt Vonneguts ugjestmilde univers. Eg får eit ønske om å sitje med den førebels ikkje-eksisterande Reolô-CD-en i handa og følge med på tekstene, for eg trur dei er gode.

Men det er berre ein bagatellmessig innvendig. Dei fire musikarane bak Reolô har sett seg føre å lage noko heilt nytt, og det har dei fullt ut lukkast med. I tillegg er det steinbra. Dei som klagar over at norsk folkemusikk er traust og ovleg tradisjonell, eller at såkalla «arrangert folkemusikk» her heime alltid høyrest svensk ut, må høyre denne kvartetten. For slikt som dette har dei ikkje, svenskane.

Anders Erik Røine