100-årsjubileet til Lars Skjervheim held fram med mange arrangement. Siste helga august vart han heidra på Vossestrand, med musikk og historier, og Honndalsmusikken var gjest.

Voss Spelemannslag har verkeleg lagt seg i selen dette året, for å minnast meisterspelemannen og slåttekomponisten Lars Skjervheim frå Myrkdalen i Voss kommune. I Februar skipa dei til kurs og i lokala til Ole Bull Akademiet. Med ein noko bratt læringskurve fekk vi med oss nokre av slåttane som Lars laga, samstundes vart det «skrapa» i overflata når det galdt livssoga hans. Dette gav meirsmak, og helga 28–30 august strøymde der til fire spelemenn frå Nordfjord, som alle hadde vore med når Lars reiste rundt som instruktør. Eit femtitals spelemenn og interesserte var samla på Vossestølen Hotell til ulike program utover dagen. Me sakna forresten deltaking frå mange andre distrikt som har mykje å takke Lars for.

Laurdag 29. august vart ei stor oppleving. Først ein fin busstur frå Oppheim til Myrkdalen hotell, med historiske kommentarar av Knut Mørkve og ikkje minst lune soger om Lars og andre spelkultar frå Leif Bystøl. Her synte den yngre garde i Voss spelemannslag seg fram med spel og frisk hallingdans, til stor applaus frå deltakarane.

I ei reise innover dalen fekk deltakarane historisk innføring om den tidlegare rike spelemannstradisjonen på Vossestrand, med Per Gudvangen – «LisbetPer» – som den fyrste på 1700-talet. Vi fekk ein stopp ved Helgelandsteinen for å minnast Sjur Helgeland. Bussen tok seg vidare til Skjervheim. Lars og Anne Marit, husbondsfolket på garden, hadde laga til på låven for oss og med frisk frukt og saftdrikke. Her fekk me innføring om garden og ymse historier knytt opp til Lars i sine yngre år. Me  fekk eit minnerikt møte med kona til Lars, ho Ragnhild, dette eigegode menneske som prega Lars og vart hans støtte i dei åra dei fekk i lag. Heimen dei bygde på Skjervheim fekk namnet Bogadraget. Her komponerte han mange av sine eigne slåttar, rundt 300 i talet.

Etter at slåtten «Farnesbrura» vart spela, gjekk turen til Vinje kyrkje og ei høgtidstund der Honndalsmusikken og Voss Spelemannslag  spela. Vi fekk utdrag av minnetalen som sokneprest Nese heldt under gravferda til Lars; ei personleg tale som vitna om nært venskap mellom presten og Lars. Etter stunda i kyrkja vart der lagt blomar på Lars si grav.

Seinare på dagen vart det seminar på Vossastølen Hotell. Med fast redaksjon styrde Jens Brekke og Leif Rygg oss gjennom livssoga og lagnaden til Lars. Me fekk også framvist videoopptak av Lars som Arne Bjørndals samling fekk gjort i 1979. Elles vart fleire av Lars sine slåttar framført av ulike spelemenn. På kveldstid var det «bygdakveld» med dans og gode historiar, der Voss spelemannslag og Honndalsmusikken sytte for frisk dansemusikk.

I det heile vart denne dagen ei sterk oppleving. Takk til Voss spelemannslag som har lagt så mykje i å bevare minna, ikkje berre om Lars, men også andre spelemenn og kulturberarar i Vossebygda. I vår oppkava såkalla rasjonelle tid, treng vi no og då eit stille bel der ein kan gå bakover i tid og minnast, og hauste ny inspirasjon. Me kan forresten opplyse om at spelemannslaget på Voss til Osa-festivalen har fått arrangert slåttar etter Lars saman med strykeorkesteret Fossegrimen.

20. november, på fødselsdagen til Lars, vert 100-årsminnet avslutta med tilstelling i Myrkdalen ungdomshus.

Då vonar me at sunnfjordingar, hardingar og bergensarar stiller opp. Voss spelemannslag ordnar det meste for alle gjester.

Takk for gilde økter med feler og godt venelag.