Kor blei det av det norske gammaldansspelet i USA? Det lever mellom anna i eit hundre år gammalt trøorgel på den amerikanske austkysten.

I Alexandria, Virginia, ein by rett sør for den amerikanske hovudstaden, ligg eit vanleg amerikansk forstadshus. På utsida røper huset ingenting om musikkskatten det rommar.

Eleanore, 89 år gammal og matriarken i familiebandet, ønskjer oss velkomne saman med ektemannen Phil og sonen deira Karl. Karl, hjernen bak gruppa The Berntsons, har teke turen frå Los Angeles berre for å vere med på denne reportasjen. Her finst mykje å sjå, og endå meir å fortelje.

– Eg tenkte vi kunne byrje med ein tur gjennom «Berntson-museet» her, foreslår Karl, berre delvis på spøk.

For Berntson-heimen inneheld, slik huset til eit eldre ektepar ofte gjer, bilete og gjenstandar frå generasjonar tilbake. Det spesielle her er at mange av gjenstandane er svært så norske. Her finst ein hjulrokk, ei kaffikvern montert på eit norgesglas og ei skjerefjøl med påskrifta «Giv os idag vort daglige brød».

Slik Berntson-heimen inneheld like delar av norsk og engelsk tekst, skal samtalen vår gå føre seg på ei konstant veksling mellom dei to språka.

Berntsons serverer heimebaka kake. F.v. Phil Lundeberg, Eleanore Berntson Lundeberg og Karl Fredrik Berntson Lundeberg. (Foto: Audun Stokke Hole)
Konfirmasjonsattesten til Maurice Berntson frå Nye Skandinavia Kirke, 1937.

Det nye landet

Familien til far i huset, Phil Lundeberg, kom til Amerika frå Kviteseid. Tre av besteforeldra til mor Eleanore kom frå Ådal i Buskerud, medan farfaren Bernt kom frå garden Braskerud i Våler. Eleanore og Phil kjem begge frå hjartet av det norske Amerika; ho frå Wisconsin, han frå Minnesota.

Vi får sjå konfirmasjonsattesten til Eleanores bror Maurice. Attesten er på norsk, utskriven av pastor A.O. Running i Nye Skandinaviske Kirke i småbyen Maple Grove, Barron County, Wisconsin. Heimgarden til Berntson-familien ligg her i Barron County, om lag hundre kilometer nordaust for Minneapolis.

– Farmor og farfar møttest i Wisconsin og gifta seg i 1889, fortel Eleanore. – Farmor døydde i 1899 av influensa, og då reiste farfar Bernt til Canada for å jobbe. Far min Bennie blei att hos slektningar av mora i Wisconsin, medan søstrene hans blei sende til andre slektningar i Minnesota. Det var ikkje ukjent i den tida at søsken blei splitta opp på den måten.

– Det var då musikken kom inn i familien, held Karl fram. – Jentenamnet til Bennies mor var Smith. Nesten alle Smith-slektningane våre både i Noreg og i USA, frå 1800-talet og til i dag, er musikarar. Den kjende norske jazztrommeslagaren Erik Smith er ein slektning av oss.

Karl er sjølv profesjonell musikar og komponist, med base i Los Angeles. Hadde det ikkje vore for Karl, hadde nok den musikalske familiearven framleis vore ei godt bevart hemmelegheit.

Heller musikk enn prat

Ryggrada i The Berntsons står i stova: eit trøorgel frå Beckwith Organ Company i Chicago, kjøpt på postordre i 1916.

– Eg byrja å spele med far så snart eg nådde opp til tangentane og ned til pedalane. Eg spelte til julefest på skulen, på søndagsskulen og i kyrkja. Og så spelte eg til dans med far og Maurice. Stundom til låvedans, men oftare spelte vi til dans heime hos folk, held Eleanore fram.

Berntson-heimen blei etter kvart ein viktig samlingsstad for musikk i grannelaget. Luthersk kristendom stod sterkt, og mange meinte at dans og spel var syndige saker. Skulle ein spele dansemusikk, var det greiast å spele heime på gardane.

– Vi planla aldri noko. Folk kom køyrande i bilane sine, særleg når det var vinter og bitande kaldt – og så gjekk vi i gang med å spele.

Karl, fødd i 1958, lærte å spele gitar i tiårsalderen av onkel Maurice. Når han og foreldra var på besøk hos onkelen i Wisconsin, ville dei helst berre spele, alle saman. Men først måtte dei tvangssosialisere med dei norske slektningane sine. Då sat dei gjerne berre i stua, heilt tause, medan dei høyrde klokka tikke på veggen. Karl minnest at den gode samtalen sjeldan stod i sentrum:

– Tre–fire minutt kunne gå, før ein gammal mann ville seie: «Ja?» – og så svara ein annan gammal mann: «Ja! Ja. Det blir kaldt i kveld, ja. Det er plenti ice ute på råden, ja.»

Når dei endeleg fekk spele, gjorde dei ikkje anna til langt på natt. Repertoaret var stort, dei kunne spele heile dagen og halve natta utan å gjenta ein einaste melodi. Medan Bennie og Maurice hadde lært det meste i tradisjon – melodiar som den største Midtvesten-slageren av dei alle, «Livet i Finnskogen» – supplerte Eleanore repertoaret frå notebøker. Og repertoaret var ikkje berre norsk, fortel Karl.

– Bennie og Maurice var omreisande dansespelemenn. Viss du skulle underhalde folk, måtte du kunne litt av kvart: irske rilar, tyske polkaer og amerikanske two-step. Amerikanske «skværdansar», square dances, var like populære som pardansar.

Huskonsert heime hos Berntsons i Barron County, 1987. (Frå familiealbumet)
Huskonsert i stova til Berntsons anno 2015. F.v. Karl Berntson Lundeberg, Eleanore Berntson Lundeberg og Loretta Kelley. (Foto: Audun Stokke Hole)
Familiestorbandet Berntsons anno 1946. (Frå familiealbumet)

Trøorgelet i sentrum

Bandprosjektet The Berntsons blei til ganske tilfeldig. For ti år sidan hadde Beckwith-orgelet omsider blitt frakta frå Wisconsin til Virginia, og familien ønskte først berre å dokumentere lyden av orgelet, medan det enno var spelbart.

– Mor spelte inn om lag tretti låtar, medan eg kompa på gitaren, fortel Karl.

Så blei Karl tipsa om Loretta Kelley av ein eks-kollega ved Smithsonian Museum. Kelley, ein av Amerikas fremste hardingfelespelarar, bur nokre mil unna, nord for Washington D.C. Ho fekk høyre innspelingane, og ho fall for den interessante historia musikken fortalde. Ho byrja å ta med seg hardingfela heim til Berntsons og spele med dei. Snart kom Karl i tankar om eit bandprosjekt.

– Eg ønskte å heidre familiearven, musikken eg vaks opp med, ta vare på han for ettertida. Eg førestilte meg eit norsk-amerikansk storband, ein familie med musikk nedarva gjennom generasjonane – med trøorgelet til mor i sentrum.

Den svensk-amerikanske felespelaren Andrea Hoag og bassisten Charlie Pilzer kompletterte bandet. Charlie er òg lydteknikar, og han sette opp dyre mikrofonar i stova der det hundre år gamle orgelet står – det kan dei ikkje flytte på meir. I 2008 kom plata The Berntsons ut, og i 2011 kom oppfølgjaren At Home.

Cowboy-estetikk

Til slutt, før kaffi og kake kjem på bordet, er det på tide med litt musikk. Først får eg høyre «Norsk Spring Dans», frå kjernerepertoaret til Berntson-familien. Så speler dei «Skarning Waltz», signaturnummeret til bandleiaren Thorstein Skarning – fødd i Drammen 1888, død i Nord-Dakota 1939.

– Bandet til Skarning, the Norwegian Hill Billies, var superstjerner i Midtvesten. På alle bilete står dei i typiske cowboyklede, fortel Karl.

Musikken til The Berntsons er heller ikkje fri for cowboy-estetikk: Gitarstilen Karl arva frå onkel Maurice, er svært inspirert av countrymusikken på 1930-talet. I tillegg til akkordklimpringa som ein òg finn i norsk gammaldans, legg han på ei basslinje mellom akkordstroka.

– På radioen blei det spelt mykje countrymusikk, og musikken påverka all musikken i Wisconsin. Sjølv når Maurice spelte norske og svenske melodiar på gitaren, var rytmikken hans amerikansk.

For den som måtte lure på kor blei det av det norske runddansspelet i Amerika, er altså delar av svaret å finne i historia om det vesle storbandet The Berntsons. Måndag 16. november klokka 19 kan du oppleve dei på Nasjonalbiblioteket på Solli Plass, Oslo. Medlemmene for høvet blir Karl Berntson Lundeberg, Loretta Kelley og Marika Lundeberg.

Denne teksten, lett redigert for nett, er henta frå Folkemusikk nr. 4/2015. Bladet kjem i posten til norske abonnentar i veke 49 og er til sals på Narvesen frå 3. desember. Heile nummeret tar føre seg norsk folkemusikk og folkedans i Nord-Amerika – og andre folkemusikalske koblingar mellom Noreg og USA. 

 

Det moderne bandet Berntsons i samband med konsert hos Sons of Norway, Fairfax, Virginia, 2009. (Frå familiealbumet)
The Berntsons
  • Har gitt ut to CD-ar, The Berntsons (2008) og At Home (2011), begge utgitt på Azalea City Recordings. Dei kan kjøpast fysisk og digitalt på www.cdbaby.com
  • Det er òg gitt ut ei notebok med Berntsons-repertoaret, «Traditional Scandinavian folk tunes» (2011). For å kjøpe boka, kontakt Karl Lundeberg. Kontaktinfo: www.karllundeberg.com
  • Speler på Nasjonalbiblioteket i Oslo måndag 16. november klokka 19.