Kvedarkvintetten vart utklekt på ungdomshuset Hugnadheim på Torpo under leiing av Gunnlaug Lien Myhr. No har dei fem songfuglane frå Hallingdal platedebutert.

– Dette er ei stor glede, seier Gunnlaug Lien Myhr.

Kvedarkvintetten har nett avslutta platesleppkonserten sin på Riksscenen i Oslo. Då dei fem jentene i kvintetten byrja i kvedargruppe hjå Gunnlaug, var dei mellom tre og ni år gamle. I dag har eldstejenta vorte 26.

– Det er artig å høyre dei no som dei har vorte vaksne, korleis dei har utvikla både seg sjølv og musikken. Eg sett veldig pris på at dei ber fram den vokale folkemusikktradisjonen i Hallingdal, held Gunnlaug fram.

– Me følte at det var god stemning i salen og at me fekk formidla det me ynskte. Så no har me ein god følelse, seier ein av platedebutantane Silje Risdal Liahagen. Saman med dei fire kvintettkollegaene sel ho CD-ar og eigne Kvedarkvintetten-berenett etter konserten. Det er en lang kø av publikummarar som vil ha både varar og signaturar. Saman med Sina Myhr får Silje tid til ein prat med Folkemusikk når køen byrjar å minke.

Alle dei fem medlemmene byrja som kvedarelevar av Gunnlaug på Torpo i Hallingdal, på ungdomshuset Hugnadheim. Tre av dei, systrene Margit, Sina og Helga Myhr, er døtrene hennar, dei to siste er systrene Tonje og Silje Risdal Liahagen. Familien Liahagen kom flyttande til Torpo i 1998, og kvedarkurs hjå Gunnlaug var den fyrste fritidsaktiviteten til systrene, ein fritidsaktivitet dei altså har halde fram med til i dag.

Kvedarkvintetten syng mest a cappella, men på fleire låtar har dei instrument med: tre hardingfeler, ein langeleik og, som her, ei kraviklyre. F.v. Margit Myhr, Sina Myhr, Tonje Risdal Liahagen, Silje Risdal Liahagen og Helga Myhr.

Få har tydd så mykje for å vidareføre kvedartradisjonen i Hallingdal som Gunnlaug Lien Myhr. I fjor haust gav ho ut ei bok med 600 songar ho har samla frå Hallingdal, og ho har hatt eit utal songelevar på ungdomshuset Hugnadheim. Men medan mange fall frå til andre aktivitetar då ungdomstida kom, heldt desse fem jentene ikkje berre fram – for ti år sidan vart dei ein kvintett og byrja å opptre både i og utanfor Hallingdal.

– Det har nok mykje å gjera med miljøet me har på Torpo, kring Hugnadheim, seier Sina. – Det er eit godt sosialt miljø med mykje song, spel og dans, som det har vore morosamt å vera ein del av. Det har halde oss i gang, ved sidan av songgleda.

– Me vart òg tatt med på Strunkeveko og Landskappleiken, og vart kjende med andre i miljøet. Me er veldig gode venninner og har alltid gjort mykje saman, så då er det kjekt å gjera ting i lag, legg Silje til.

Då dei alle har spelt instrument og vore aktive dansarar, har dei hatt mange bein å stå på i miljøet, fortel Gunnlaug. Då ho såg at det var ei spesiell interesse for song hjå dei fem unge jentene, byrja ho å skrive arrangement til dei som dei kunne øve inn.

– Me likte å lære oss litt vanskelegare ting, med forskjellige stemmer. Så har Gunnlaug laga arrangement til oss, ting me har kunna strekke oss etter, seier Silje. Ho understreker at det aldri hadde vorte noko kvedarkvintett utan Gunnlaug.

Debutplata vart spelt inn i studioet til Tor Magne Hallibakken på Nesbyen. Dei har jobba med plata i eit års tid. Mange av songane på plata har dei arrangert sjølve, og i tillegg finst det nokre heilt nyskrivne låtar.

«Det er artig å høyre dei no som dei har vorte vaksne, korleis dei har utvikla både seg sjølv og musikken.»

Gunnlaug Lien Myhr, mor og læremeister
Læremeister Gunnlaug Lien Myhr mottek berenett med CD og ein god klem av dotter Margit Myhr og dei andre i Kvedarkvintetten.

Det er mange tunge og triste tekstar i repertoaret til kvintetten, noko dei sjølve vedgår frå scena. Kor kjem dette triste i songutvalet deira frå?

– Det er ikkje det at me har gått spesielt etter songar med desse temaa, seier Sina. – Generelt finst det jo mykje songar og historier om ulukkeleg kjærleik.

– Det er kanskje når ein er trist og treng å arbeide med sorga at songane kjem, heller enn når ein er glad? foreslår Silje.

– Desse triste songane har gjerne òg veldig fine melodiar, legg Sina til. – Det er nok melodiane som fyrst har fanga oss, og så har me tatt det derifrå.

Konserten og plata er ikkje heilt a cappella: Både hardingfeler, langeleik og kraviklyre er med.

– Det er det siste året at me har byrja å taka med oss instrument på konsertar. Når me har desse Myhr-jentene som speler så masse forskjellige instrument, så me må jo dra nytte av det. Det er kjekt å vere sjølvhjelpne og kunne kompe oss sjølve, slår Silje fast.

Liahagen-systrene har òg spelt i yngre år, og Silje har nett teke opp att langeleiken. Så kanskje får me sjå enda fleire instrument på scena med Kvedarkvintetten i åra som kjem.

Utover våren og sommaren blir det mange moglegheiter til å få med seg konsertar med Kvedarkvintetten. På Facebook-sida deira kan du fylgje med på konsertar og andre små og store oppdateringar. Plata Kvedarkvintetten, gjeve ut på Ta:lik, er til sals på Platekompaniet og tilgjengeleg i strøymetenester som Spotify og Tidal.