Tom Willy Rustad spelar mest klassisk gitar heime. Det gjer han òg på den nye plata si.

Tom Willy Rustad gir i desse dagar ut plata «Himmelturen». Plata inneheld ti folkemusikkslåttar spelt av Rustad aleine – på gitar.

– Eg er utdanna klassisk gitarist, og spelar folkemusikk på klassisk vis. Eg har leitt etter i kva grad det har vore tradisjon i folkemusikken for å spele gitar, men vi må attende til Edvard Storm og instrumentet cister, som er ganske likt gitaren, for å finne ein slik tradisjon, seier Tom Willy Rustad.

På landskappleiken 2014 spelte Rustad på nettopp cister i klassa eldre folkemusikkinstrument. Det heldt til finalespel og billett til speling på meisterkonserten 23. november, på sjølvaste hovudscenen i den Norske Opera.

Tom Willy Rustad
  • Norsk musikar. Multiinstrumentalist, spelar mellom anna toradar, gitar, munnharpe og cister.
  • Født 1966, oppvaksen på Tveita i Oslo. Busett i Sør-Fron i Gudbrandsdalen.
  • Underviser ved folkemusikkutdanninga på Vinstra vidaregåande skule.
  • Vinnar av klassene munnharpe og eldre folkemusikkinstrument på Landskappleiken 2014.
  • Medlem av gruppa Kvarts.
  • Son av spelemannen Willy Rustad (f. 1941) frå Sør-Odal, soneson av spelemannen William Rustad (1917–1998).
  • Aktuell med plata «Himmelturen». Her spelar han norske slåttar på klassisk gitar, som er Rustad sitt hovudinstrument.

Trygg med gitaren

Rustad spelar vanlegvis saman med andre, mellom andre med folkemusikkgruppa Kvarts, men denne gongen er han altså heilt aleine.

– Men eg føler meg ganske trygg saman med gitaren. Det er det instrumentet eg spelar på kvar einaste dag. Så plata er på ein måte eit privat innblikk i kva eg held på med når eg sit heime, smiler Rustad.

På plata finn ein ein del eigenkomponert materiale, som tittelsporet «Himmelturen», «Vestlandsleik» og «Læremester’n» som Rustad har komponert til far sin.

– I tillegg er slåtten «Nedover Laugen» med på plata. Den har vorte til når eg har sete og sett utover dalen og ned mot Gudbrandsdalslaugen frå stoveglaset heime. Laugen pregar landskapet og menneska rundt seg, og slåtten skildrar dei ulike stemningane i elva der den flyt forbi, forklarar Rustad, som til dagleg er lærar på folkemusikklina på Vinstra vidaregåande skule.

 

Spelemannsbrør

Øvst i Øverbygda i Sør-Fron ligg den vesle stova til Redvald Fjellhammer. Spelemannen budde her til han døydde i 1990. Redvald og broren Hjalmar er svært viktige slåttekjelder i Midt-Gudbrandsdalen.

– Dei voks opp i svært tronge kår i Øverbygda, seier Tom Willy Rustad.

Han set seg ned i veggen til stova til Redvald. Enkle kår er berre førebokstaven. Delar av stova har berre jordgolv. Straum var det også svært sparsommeleg med. Men sjølv frå små tilhøve kan det koma stor musikk.

På plata «Himmelturen» er Redvald Fjellhammer representert med ein springleik.

– Så noko er lokalt, mens noko av det er musikk eg har frå far min og bestefar min, fortel Rustad.

 

Tom Willy Rustad i husveggen til spelemannen Redvald Fjellhammer si stove i Øverbygda i Sør-Fron. Ein springleik etter Redvald er med på plata «Himmelturen».

«Plata er på ein måte eit privat innblikk i kva eg held på med når eg sit heime.»

Tom Willy Rustad

Rustad har røtene sin i Sør-Odal i Hedmark, men er fødd og oppvaksen på Tveita i Oslo.

– Der var det ein stor hemmelegheit at eg spelte gitar og toradar, smiler Rustad, som ikkje skjønte at det var folkemusikk han dreiv med før han som ungdom starta på musikkhøgskulen.

– Ordet folkemusikk vart aldri brukt. Det var berre musikk. Det var fyrst seinare at eg skjønte at det var folkemusikk eg dreiv med, seier Rustad.

 

Stemt som ei fele

Nå er plata «Himmelturen» klar for lansering. Og sjølv om det er høgt oppe i Øverbygda at vi finn både Rustad og Fjellhammer, har tittelen ei heilt anna tyding enn den geografiske.

– I felemusikken har vi trollstemt, ein måte å stemme fela på. Men alle slåttane som er skrivi i denne stemminga har anten titlar som er henta frå det underjordiske eller det djevelske. Eg fann ut at eg ville lage ein slått i trollstemt med ein meir positiv vri, avsluttar Rustad.

 

Dette er ein redigert versjon av ein artikkel som første gong stod på trykk i Dølen 21. mai 2015. Artikkelforfattar Bjørn Kjellsson Sletten er redaktør i Dølen og tidlegare redaktør i Folkemusikk.