Erfaringar frå Setesdal og Valdres har synt at folkemusikken og folkedansen har potensial som integrerande kraft.

«Eg var spent på korleis dei ville vere som publikum. Det er sjeldan eg opplever at dei sit stille og samla på Lundeskogen, der vi vitjar dei ein gong i veka. Men dei sat heilt stille. Mange av dei filma musikarane og dansarane. Ingen av dei pratar norsk, men musikken er eit språk dei forstår.»

Ingvild Lie er ein av dei sentrale i Refugees Welcome to Valdres. Før jul ville ho gjere noko ekstra for dei omlag femti mindreårige einslege asylsøkarane som bur der. Som folkemusikar spurte ho spelande og dansande valdrisar om dei ville vere med. Det ville dei, alle ho spurte.

«Eg hadde ikkje trudd at begeistringa skulle bli så stor. Det er sjeldan ein ser slik entusiasme for folkemusikk og folkedans hos norske tenåringar,» seier Anders Aasberg. «Frikaren» leia hallingdansen på kulturkvelden i Røn samfunnshus. Kurdiske ungdomar svarte med å danse sin eigen kappdans, slett ikkje ulik hallingen. Han vonar det kjem fleire høve til å danse med dei utover våren, og kanskje på Hilme-stemnet i juli.

Somme meiner dei allereie har spådd resultatet av tilstrøyminga av asylsøkjarar til Noreg. Mange av spådomane er dei reine dommedagsprofetiane. Men viss vi trur det verste, både om dei som kjem og om vår eiga evne til å ta dei til oss, legg vi ikkje då føringar på kor bra mottaksarbeidet kan fungere? Går det an å vere «realist, ikkje pessimist» i integreringsspørsmålet? Eg trur ikkje det er slik menneskja heng saman.

På soknehuset på Rysstad i Valle blei det arrangert førjulsfest i desember. Festen var open for alle, og det kom både bygdefolk og folk som i vinter har budd på Sølvgarden hotell, for tida akuttmottak for flyktningar. Dei fleste som bur her er iranske kurdarar og ulike grupper av syrarar.

Mange av dei speler, og dei har starta band. Frå kulturskulen og privatpersonar har dei fått låne trommer, gitarar og ein bouzouki. Først var det dei som underheldt, med spel og song, ikkje ulik norsk kveding. Så var det på tide med setesdalsmusikk.

«Berre for gaman drog vi opp nokre tilfeldige av flyktningane og dansa. Det var så festleg at vi blei einige om at dette måtte vi gjere fleire gonger,» fortel Sigrid Kjetilsdotter Jore om kvelden.

På Facebook-gruppa Setesdalsnytt ligg ein video datert 18. januar, delt over 200 gonger. I kjellaren på Sølvgarden speler Gunnar Stubseid hardingfele medan tre av buarane på hotellet speler perkusjonsinstrument. Bygdefolk og nykomne dansar setesdalsgangar saman. For ein som sjølv hugsar korleis det var å lære seg dansen, er det lett å kjenne att gleda over å lære, meistre og leike seg med kruking og tvitrøing.

Bilete frå filmen Kjell-Einar Kana og Kreativ Videoproduksjon laga for nettsida Setesdalsnytt. Lenger nede i artikkelen kan du sjå filmen.

Eldsjelene som fekk i stand førjulsfesten på Rysstad er ikkje sentrale i musikk- og dansemiljøet i Valle. Det var ikkje planlagt at setesdalsgangaren skulle bli bindemiddelet mellom bygdefolk og flyktningar. Det er heller ikkje det einaste – det blir òg mellom anna utveksla mykje bakekunnskapar på tvers av kulturane, fortel setesdølene meg.

Men folkemusikken og folkedansen har ei spesiell evne til å skape band. Ikkje minst når dei nye kjem frå stader der tradisjonsmusikken er levande populærkultur: vane med samværsformer kor musikk og dans høyrer naturleg saman, der skiljet mellom publikum og utøvar er flytande eller ikkje finst, der ung og gamal har det moro i lag. Lyder det kjent?

«Det verker som kulturane deira ikkje er like ‘popifisert’ som her heime», seier Ingvild Lie. Anten dei er komne til Vestre Slidre i Valdres eller Valle i Setesdal, så kjenner dei att folkekulturen. Og dei kjenner på at dei har hamna ikkje berre i eit tilfeldig trygt land, men på ein konkret stad, der nokon ønskjer å inkludere dei.

«Det er nok fint for dei å kjenne på at vi får like mykje ut av det som det dei får,» seier Sigrid Kjetilsdotter Jore i Valle.

 

Gunnar Stubseid speler hardingfele på Sølvgarden. Klikk på biletet for å sjå videoen av Kjell-Einar Kana i Kreativ Videoproduksjon.

Vi menneske likar å hjelpe til når det trengst. Men enda betre likar vi vel å rett og slett ha det kjekt, få spele, synge og danse? Og er det ikkje ideelt når det både er gode vener og nokre nye med? «Her finst ikkje framandfolk, berre vener du enno ikkje har møtt,» skreiv den irske lyrikaren William Butler Yeats.

Ein ven av meg spurte meg nett om eg visste om nokre folkemusikarar som kunne tenke seg å spele på asylmottaket der han jobbar. Han fekk nokre namn. Eg er viss på at han får napp.

Ytringa er leiarartikkelen frå siste nummeret av Folkemusikk, som er i sal på Narvesen.