Sjå Vestlandskappleiken i Granvin gjennom fotograf Knut Utler si linse.

Vestlandskappleiken gjekk føre seg i Trudvang i Granvin denne helga, og folkemusikkfotograf og – entusiast Knut Utler var tilstades med kameraet. Her kan du sjå nokre glimt frå kappleikshelga.

Spelemannen Frank Rolland gjekk av med sigeren i a-klassa i hardingfele.
Fullt hus på Trudvang i Granvin under Vestlandskappleiken.
Kvemmingen Spel og Dansarlag i aksjon under tevlinga i lagdans senior. Foto: Knut Utler
Gamlebanken gjekk av med sigeren i lagspelklassa.
Hardanger Spelemannslag. Lagspel junior - Vestlandskappleiken 2014.
Inngangen til Trudvang.
Runhild Heggem gjekk til topps i klassa for spel fele B.
Trio Hardanger med Frank Henrik Rolland (t.v.), Åse Teigland og Knut Hamre spelte på konserten Hardingfolk anno 2014 i samband med Vestlandskappleiken.
Dommarane i vokalklassa.
Maria Skjeldrum Toppe gjekk til topps i klassa for spel hardingfele B.
Sverre Moklev Sundvor og Guro Haugen frå Bygdedanslaget i Bjørgvin gjekk til topps i dans klasse B med springar fra Masfjorden.
Embla Forthun Guntveit vann klassa i durspel junior.
Ingeleiv Kvammen (83) deltok på kappleiken saman med Hardanger Spellemannslag.
Elevar frå Odda Kulturskule i gruppespel junior.
Premiebordet.
Blide premievinnarar i hardingfele kl. c - Kårhild Husby Nordstad, Antonia Dyvik og Kine Svori.
Kine Svori vart tildelt Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris for unge utøvarar på hardingfele.
God stemning.
God stemning på dansegolvet.