Februar, vinter og snø. Turen går til Vest-Telemark og høgfjellet. Tida er inne for årets Internasjonale Vinterfestival på Rauland.

Kvart år arrangerer Høgskulen i Telemark avdeling Rauland, saman med Raulandsakademiet, festival samt Vinterkappleik. Årets program inneheld artistar frå heile Europa. Studentar, lærarar og utøvande musikarar frå Ungarn, Dei britiske øyene, Sverige og Noreg var nokre av dei som stod på programmet i år. Dette måtte bli bra!

Musikk frå heile Norden

Rim: Sunniva Abelli, Hilde Fjerdingøy, Jo Einar Jansen og Elin Jonsson.

Underteikna reiste opp på fjellet på torsdagen – festivalen hadde starta på onsdagen allereie. Men no var eg endeleg der på Rauland. Med ein margin på 5 minutt rakk eg kveldens konsert, med gruppa Rim, på Kaffibaren. Og det var verd stresset, for vi i publikum fekk servert god musikk, flotte arrangement og god stemning under konserten med dei fire studentane på Nordisk Master! Blir spennande å sjå om det gode samspelet utviklar seg til eit CD-prosjekt, no når dei er på sitt siste semester.

Etter nokre timar med prat, jamming og noko godt i glaset etter eige ønske, var det på tide å komme seg i seng. Helga er enno ung, tenkte eg med meg sjølv etter ein lang dag med reising.

Berre fredag enno…

Dagen derpå, ny dag med kurs, konsertar og nye møter mellom folk. Eg meldte meg på workshop i arrangering, med gruppa Frifot og hardingfele-spel frå Hardanger. Interessante og lærerike kurs!

Workshopen med Frifot gav oss ei god økt med læring om korleis Frifot har brukt å arrangere songane sine opp gjennom karrieren: Med akkordprogresjonar, feleunderstemme og mellomspel, samt vokalbruk med tekst og melodi i forhold til instrumentalistane – og korleis flette dette saman til eit komplett arrangement. Same kvelden fekk vi gleda av å høyre denne gruppa spele konsert. Flott var det! Dei legendariske musikarane i denne gruppa, Ale Möller, Per Gudmundson og Lena Willemark, har etter mange år funne sitt eige lydbilete!

Frifot : Ale Möller, Lena Willemark og Per Gudmunson.

Ingeleiv Kjerland Kvammen (ved pianoet), Siri Dyvik og Arne Jordan.

Etter ei kort pause, var det tid for eit nytt kurs. Denne gongen var det på hardingfele. Og kurshaldarane var ikkje noko nybyrjarar her heller. Vi som deltok fekk æra av å lære av sjølvaste Ingeleiv Kjerland Kvammen, Arne Jordan og Siri Dyvik! Og det var mange som ville lære av dei. Totalt oppmøte, inkludert kurshaldarane, var på 22 hardingfeler! Rommet var full av musikk og klangar frå mange flotte feler desse timane! Vi starta med den gamle forma til slåtten Tjømbergen. Det gjekk for så vidt greitt for dei fleste. Men med så mange ulike nivå vart vi delt i tre grupper, for at alle skulle gå frå kurset med følelsen av læring og utbytte, samt kunne slåtten sånn omtrent.

Og etter ei økt med oppstykking av motiv og fraser, kom vi alle saman igjen. Det vart eit stort spelemannslag det! 22 feler som speler – med overtyding – på same slåtten! Ei stor oppleving, det!

Ein kappleik som skaper minner

Grunna mangel på dommarar, fekk eg – for første gong i mitt liv – spørsmål om å vere dansedommar. Dermed fekk eg sett alle dei flinke deltakarane frå beste sitteplass. Kort oppsummert bestod dagen av både mange talentfulle ungdommar og kappleiksveteranar. Unge dansarar som har mange år framfor seg på scena, og unge vaksne som allereie har vorte seniorar. Mykje godt spel og mange gode dansesteg!

Mange tradisjonar var representerte: heile Telemark, Valdres, Hallingdal, Numedal, Gudbrandsdal, Hardanger, Nordmøre, Trøndelag, Nordland, Vestfold, Sørlandet og Setesdal. Ein skulle tru det var Landskappleik! Alt som ein landskappleik inneheld, fekk vi på Vinterkappleiken: hardingfele, vanleg fele, toradar, munnharpe, vokal, gitar-arrangement, pardans, hallingdans og lagdans – og i alle aldrar, frå rekrutt og opp til godt vaksne. Gjennom nesten 6 timar fekk vi høyre og sjå 46 startnummer! Dette lovar godt for framtidige kappleikar. Det var kanskje litt få av den eldre garden, men dei var godt representert som tilhøyrarar i salen.

Sivert Andreas Holmen.

Siste kvelden

Richard Burgess.

Medan dommarane fekk ”røa seg” (=prata saman på Raulands-mål), kunne folk få seg ein etterlengta matbit i kantina. For snart var det på igjen med program. Jubileumskonsert for Ewan MacColl, og festkonsert med omtrent alle artistane frå heile festivalen, stod på programmet. Multiinstrumentalist Richard Burgess stod for jubileumskonserten. Ein flott og verdig seanse var det – med allsong til å toppe det heile.

Og etter litt rydding og ommøblering på scena, fekk dei ungarske gjestene frå Liszt-akademiet i Budapest sleppe til på scena. Litt musikk frå Aust-Europa var eit friskt innslag. Og i løpet av denne festkonserten fekk vi høyre og sjå både studentar frå Newcastle, Rauland sine eigne studentar i samspel og grupper, hardingfele frå Hardanger, dans frå Numedal og masterstudentane i Rim. Ei god blanding av instrument, tradisjonar og sjangerkrysningar!

Student frå Liszt-akademiet i Budapest.

Marianne Årvik og Bjørnar Heimdal dansar numedalsgangar, Kjellbjørn Karsrud speler hardingfele.

Då festkonserten var ferdig, vart resultata frå dagens kappleik lesne opp og premier delt ut. Alltid like spennande! Resultatlista finn du her.

Her på Rauland internasjonale vinterfestival er det plass til alle! Eg kan love deg ein festival med mangfald, god variasjon i musikk, dans, instrument og workshops – noko for ein kvar smak. Har du moglegheit neste år, ta turen opp på fjellet til Rauland, i midten av februar, så får du oppleve møter med store artistar, vere med på kappleik (som kan vere ein god grunn berre i seg sjølv!) og du får minne for livet!

Takk for i år, Rauland!